Sivert Jensson Andestad

Is your surname Andestad?

Research the Andestad family

Sivert Jensson Andestad's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Sivert Jensson Andestad

Also Known As: "Syvert", "Sjur", "Jensen"
Birthdate:
Birthplace: Andestad, Sykkylven, Møre og Romsdal
Death: Died
Place of Burial: Sykkylven, Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
Immediate Family:

Son of Jens Pedersen Andestad and Maren Pedersdotter Andestad
Husband of Ane Eline Ellingsdotter Grebstad
Father of Knut Andreas Sjursson Grebstad; Marthe Sivertsdatter Grebstad and Anne Sjursdotter Andestad

Occupation: Bonde, Gårdbruker
Managed by: Private User
Last Updated:

About Sivert Jensson Andestad

Frå Sykkylvsslekter 17 Sjur/Sivert Jensen Andestad/Grebstad f 1774 <16b. g Eline Ellingsd <7.32b. a. Anne Karen f 1798 >5.18. b. Oline f 1801. c. Berte f 1803 >7.15. d. Anne Lydianne f 1806. e. Jens Severin > Skodjevåg. f. Elen Marie f 1813. g. Knut andreas f 1815 >9.24. h. Elling f 1819. i. Eline f 1822. Gardsoga:

Sjur Jensen Andestad (f. 1774, d. på Grebstad 1844) g. 1798 m. Elene Ellingsdtr. Grebstad (f. 1776, d. på Grebstad 1824). Br. 1798- 1809, sidan halve bruket til 1814. Mellom borna deira er Anne Karen f. 1798 g. m. Peter Pedersen Hjelle, og Knut Andreas f. 1815, g. m. Anne Lovise Pedersdtr. Andestad i Pegarden. Dei bygsla Rasmusgar- den på Lyshol. Sjur Jensen fekk bygselsetel på 1 våg av Lars Nilsen Aurdal som kjøpte dette Frimannsgodset på auksjon i 1796. Til å byrje med brukte Sjur og far hans bruket i lag, sidan la Sjur kår til foreldra: 12 våger havre og 12 våger bl.korn med fôr til 2 kyr og 8 småfe. Dessutan, fortel Sjur i forhøret i 1806, tok far hans seg vidare rett til å bruke ein av åkrane til Sjur på l½ vågs utsæd. I 1806 reiv Sjur ned gamlestova og bygde opp att stove med kammers som tilbygg for foreldra. Han fôra i 1802 1 hest, 9 storfe og 20 småfe, sådde 3 t. havre, 1 t. bl.korn, og bruket vart taksert til 180 rdl.

Litt om foreldra frå gardsoga (eg får ikkje redigert dei, Asbj)

Jens Pedersen Reite frå Ørskog (f. ca. 1746, d. 1807) g. 1770 m Maren Pedersdtr. Andestad (f. ca. 1738, d. 1817). Br. 1771-1798. Bygselsetel i 1771 frå prostinne Marie Leganger på 1 våg. Jens er nemnd som lagrettemann. Ved skiftet etter Jens i 1807 var buet fallitt. Korleis han kom av dage, er ikkje kjent. Om kvelden den 13. okt. 1806 sa han til kona si at han ville ut og ta heim potetene han hadde teke opp. Sidan sågst han ikkje meir. Om morgonen låg båten deira og slo i Andestadvatnet. Vottene til Jens låg att om bord. Den 29. desem-ber same året vart det forhør i saka, men det kom ikkje fram noko anna enn at det hadde vore eit mindre godt tilhøve i huslyden, og at Jens var fredsam, edrueleg og strevsam. Sonen sa at båe foreldra var noko vanskelege og tok seg sjølve til rette med mat o. s. b. Men ein får inntrykk av at det heller er sonen som er noko vanskeleg. Jens er oppførd i kyrkjeboka som død i 1807. Kanskje er han funnen att då.

view all

Sivert Jensson Andestad's Timeline

1774
April 1774
Andestad, Sykkylven, Møre og Romsdal
1799
1799
Age 24
1815
1815
Age 40
Sykkylven, Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
1822
April 20, 1822
Age 48
Ørskog, Ørskog, Møre og Romsdal, Norway
1844
1844
Age 69
????
Sykkylven, Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway