Matching family tree profiles for Tønnes Gunderson Mydland
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
About Tønnes Gunderson Mydland
Historie om ham i Grannen:
Rike Tønnes på Mydland.
I slutten av 1700 talet livde der ein bonde på Mydland i Gyland som heitte Tønnes Gunnarson, men fekk tilnamnet Rike Tønnes, avdi han hadde mykje pengar, og folk laut gjerne til han og låna. Det er fortald, at då han var i si velmakt, hadde han 18 pantebrev på gardar krigum i bygdi.
Korleis han hadde fenge slik rikdom er ikkje godt å vita, men ein del hadde han fenge med kona si, ho heitte Gjøa' Tostensdotter og var einaste dotter til Tosten Alvson Mydland. Tosten var gift med Anna, dotter til Sven Torjuson Nuland, men døydde då dotteri Gjøa var berre 1V 2 år gamal, i 1755.
I skifte etter Tosten er der 6 engelsk i Mydland, verdsett til 90 rdlr. og anna verde for 181 rdlr.
Kvar Tønnes var ifrå veit eg ikkje visst. Men på presten Langhorns tid er han i sin beste brage. Han stod seg ikkje godt med Langhorn, det er fotald at Tønnes stod skripte i kyrkja for han hadde lege ihel eit barn. Presten Langhorn var morsk og sa han var verre enn dei umælende dyr som har omsorg for sine unger". Tønnes totte det gjekk hosta vidt og snudde seg mot presten og las nokre strofer av eit salme vers som lydde slik: Hvo er den mand ei syndet har og ved sig engle ren og klar?" Presten tok det til seg og svara: "Du skal ikke gjøre som jeg gjør, men som jeg siger."
Tønnes skulde vera nokså pengekjær og grisk når nokon skulda han renta o.a. Soleis var der ei enkja på Mydland som var skuldig Tønnes pengar og kunde ikkje skaffa han renta på tidi. Tønnes gjekk hardt på og tok kva han kunde få tak i, m.a. tok han kånehuva hennar. Det var ei svart silke. eller fløiels-huva dei bruka då dei var brud, og den skulde dei hava på seg andre brudlaupsdagen til teikn på at dei no var kona, og gøymde den sidan som ein eignelut. Enkja gret då ho miste huva si, men laut finna seg i det.
Presten Langhorn fekk vita dette og tok seg av Tønnes med ei straffepreik i kyrkja. Endå hermer folk etter presten; han sa: "Jeg har en sten i min lomme, og denne sten vil jeg kaste på en mann, og denne mann er Tønnes Mydland, fordi han tok den sorte lue fra en enke, endog hun græd. Jeg vil ønske det må gå med ham som det gik med den Betlehemitiske kvinde som blev huggen i 12 stykker og sendt til de 12 Israels stammer!"
Det let til at Tønnes stod seg betre med Langhorn sin ettermann, Em. Lund. I manntalet av 1801 er Tønnes nemd som "prestens medhjelper".
Då pengane gjekk ned etter hudradårsskiftet, miste Tønnes mykje av rikdomen sin. Folk selde eit kreatur eller anna og betala ut panteskuldi. Det er fortald um Ommund Lavstøl, han var skuldig Tønnes 300 daler, han selde ei kviga og gjekk vilde betala. Men Tønnes var lur, han let um at det var ingen hast med pengane, når dei stod hjå so gode folk, og Ommund totte gildt å høyra han var so vel betrudd, og gjekk av og kjøpte seg ein fole for pengane.
Tønnes hadde mange born, og då rikdomen skulde delast vart det ikkje so mykje på kvar. Sonen som fekk garden, var nok ikkje slik finansmann som faren hadde vore, og det er fortald at det vart so smått for han at det var vondt for han å skaffa tobakk til faren som var i folloug.
Garden kom ut or slekti, det er bruket som Lars Mydland hev no.
Lars F Nuland
Tønnes Gunderson Mydland's Timeline
1746 |
1746
|
Egaas-Lille, Bakke, Gyland, Lister, Norway
|
|
1773 |
1773
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1777 |
1777
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1780 |
1780
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1785 |
1785
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1788 |
1788
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1793 |
1793
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1801 |
1801
Age 55
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|
|
1821 |
1821
Age 75
|
Mydland, Gyland, Bakke, Lister, Norway
|