Tarald Torgersen Berge

Is your surname Berg?

Connect to 86,767 Berg profiles on Geni

Tarald Torgersen Berge's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Tarald Torgersen Berge (Berg)

Birthdate:
Birthplace: Hyllestad, Setesdalen, Vest-Agder
Death: 1671 (86-87)
Fossmark, Forsand, Rogaland
Immediate Family:

Son of Tarjei i Berg and NN Bjørnsdatter Nomeland
Husband of Bergitta Lyse-Skalli and n n Setesdal
Father of Jørgen Taralson Øvre Fossmork; Ragnhild Taraldsdatter Fossmork; Ola Taralson Fossmork and Torger Taraldson Øvre Fossmork
Brother of Jørund Tarjeison i Berg

Occupation: Øst-Fossmork fra 1631/32 nyopptatt fra Middelalderen
Managed by: Ragnhild Erichsen-Aas
Last Updated:

About Tarald Torgersen Berge

Han var son til Torger på Berge i Hylestad i Setesdal. Segna som fortel at dei setesdølane som flytta til Lysefjord og sette seg til der og planta ei ask til tuntre framfor husa sine,er altså rett. Garden Taral kom frå, var Berge i Hylestad. Den ligg like ved Brokke og Nomeland i Hylestad på vestsida av Otra, om lag der Farelva renn ut i Otra. Nomeland i Valle som Mele ætta kjem frå er ein annan gard. Berge garden var først delt i 2 like halvpartar. Desse vart i 1651 delt vidare i 2 og 3 mindre partar. Todelinga av garden før 1651 skulle tyda på at to jevngode arvingar først hadde skift Berge.

1651: Gunnar Berge 3 geiteskinn = 3/4 hud = 27 mrk smør Torgi Jørgenson 3 geiteskinn = 3/4 hud = 27 mrk smør Taral Fossmork i Stavanger len ½ hud = 18 mrk smør Sal Svein Bergs born ½ hud = 18 mrk smør Birgitta Skålli i Telemark ½ hud = 18 mrk smør

1665: Gunnar 60 år eig 1 hud= 36 mrk smør Torgi, 52 år eig 1 hud= 36 mrk smør Osmund, 40 år, sal Svein sin son eig 1 hud= 36 mrk smør

Dette syner at Bergitta Skålli og Taral Fossmork må ha selt partane sine mellom 1651 og 1665. Ved arveskifte 1669 etter Torgi Jørgenson Berge åtte han og kona Sigrid Tolleivsdtr gods i Berge i Hyllestad: 3 kvarter, Brokke i Hyllestad: 3 kvarter og Viken i Valle: ½ kvarter, til saman 2 tønner. Langsmed Farelva var det god gangeveg vestover til Håhelleren eller til Roskreppsfjorden og Øyarvatn og vidare over Suleskar og Ådneram til Lyse, eller ut Jokledalen til Fidjeland og så fram til Lysefjorden. Det må vera den vegen Taral har fare då han i 1631/32 flytta ut frå Setesdalen og sette seg til i Fossmorkjå i Lysefjorden. Me finn Taral er nemnd brukar på Berge frå 1626 - 31 og i skattemanntala frå Høgsfjord er han skriven inn første gong i 1632/33 og står då i skatteklassa « forarmede ødegårdsmenn og husmenn». Videre finn me han i manntala fram til futemanntalet i 1664, då Taral Torgerson er 80 år og har 2 søner, Torget Taralson 50 år og Ola Taralson 23 år. Ola Taralson levde i 1701 og var då 66 år. Han var derfor fødd 1635/41, dvs etter at Taral var komen til Lysefjord. Torger må vera fødd i Setesdal og på grunn av den store aldersforskjellen kan ein gå ut fra at Taral hadde ei kone fra Setesdal og ei fra Lysefjorden og Ola var av andre gifte.

Taral var den første som tok opp gard i Fossmorkjå. Først sette han seg til oppi bakken under Husafjellet. Der bygde han opp hus, truleg på same staden som det står i dag, og planta ei ask til tuntre. Men han fekk mykje sorg og plage av sonen sin, Torger, som skulle ha garden. Difor flytta han ned på slettelandet og rudde opp ny gard der til sonen Ola og seg sjølv. Ola får et så godt skussmål av foreldra sine. Denne nedre garden vart Nedre Fossmorkjå og den andre Øvre Fossmorkjå. 12 april 1662 på Fossmorkjå etter uttagen stevning. Lagrettemenn som retten betjente: Hans Fjelle, Johannes Ås, Samuel Fjelle, Ivar Barka samt Halvar Levik og Hans Nedre Eia. Nærværende Jakob Forsand lensmann, Tørres Store Eiane. Fremstod for retten Tarald Fossmork (han var 78 år gamal) som for oss fremla våres gunstige, velbårne lensherres utsendte stevning, hvormed han hadde irette stevnet hans sønn Torger Fossmork, formedelst han nå sine gamle foreldre meget fortrykker og foruretter, ettersom hans foreldre for ham har oppgitt den beste del og anpart uti Fossmorks først oppryddede jord (= Øvre Fossmork) som han selv ( Taral), hans ærlige kvinne og sønn Ola Taralson har fløtt fra ham og satt seg ned på et annet øydeplass (= Nedre Fossmork), og der igjen opptatt og ryddet, somhan (= Torger) formener ( å gi til) hans yngste sønn, som nå er hans foreldres beste hjelp i deres alderdom, og de dem ved dannemenn har imellom semjet, så Torger ikke skulle enten hans foreldre elle hans yngste bror Ola noe fortrykke eller forkort i fremtiden, ettersom han seg nå ikke alene imot hans fattige gamle foreldre noe streng anstiller, men enn og hans fattige bror ville fortrykke imot all forlikelse og hvis kontrakter som kan være gjort dennem imellom, som samme stemning videre formelder, datert Kongsgården i Stavanger den 22 mars 1662.

view all

Tarald Torgersen Berge's Timeline

1584
1584
Hyllestad, Setesdalen, Vest-Agder
1614
1614
Fossmork, Forsand, Rogaland
1630
1630
1634
1634
Fossmork, Forsand, Rogaland
1635
1635
Fossmark i Forsand- jfr bok II del 2 s 763
1671
1671
Age 87
Fossmark, Forsand, Rogaland
????
Fossmark i Forsand- jfr bok II del 2 s 763