Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
father
-
mother
-
brother
-
brother
About Tore Underberge, III
Forsandboka: https://www.nb.no/items/1d0d79060c1eb690db15c5dbb0708dc3?page=91&se...
Forsand II, Lagmannsætta s.87.
Son til Tore II Gardson Garå på Talgje og kona Ragnhild Eyvindsdtr. Me veit ikkje kven han var gift med. Han hadde, sameleis som dei fire neste ætteledene, heile garden Under-Berge, og var ved den første av ætta som heile livet budde på Berge. Tore III. var rimeligvis fødd på Garå på Talgje, men då han nett var vaksen, selde far hans Talgje og flytta truleg til U-Berge.
Tore III. ville samla jordegodset sitt om hovudgarden U-Berge, og difor bytta han i 1467 - ca. 40 år gammal - til seg grannegarden Haukali mot å gi frå seg garden Holta, nå i Strand Herad. (D.N.XV nr.91,1467). Legg merke til at Gard Toreson-ætta åtte både gardane Voster og Holta som ligg ikkje så langt ifrå kvarandre i det nåverande Strand Herad. Om dette gardabytet vart det sett opp eit skinnbrev som høyrde til Bergearkivet. Det lyt vera Tore III. som gjorde dette makebytet med biskop Sigurd Bjørnson i Stavanger (biskop 1454-1462), ikkje faren. Dette hende i Tore III. sine yngre år. Då han vart eldre sørgde han for å få makeskiftet skriftleg av ettermannen til Sigur, biskop Alv Torgardson (biskop 1463-1481). I dette makeskiftebrevet - framleis skrive på gammalnorsk - vert Tore III. kalla "beskedeligh(om) mann(e)". Det tyder på at han ikkje har halde oppe adelskapet. Kanskje vart han gift "ufritt", d.v.s. med ei ikkje adeleg kvinne?
Borna var truleg:
- a. Gard II Toreson (sjå denne) U-Berge, f.1454.
- b. Osmund (Toreson?) U-Berge, dreng nr.1 på U-Berge i 1519.
- c. Halvar (Toreson?). Kanskje gift til Gøysa og farfar ti Halvar II Toreson på Ø.Eiane?
Skinnbrevet lyder slik i omsetjing til nynorsk:
Me - Alv - med Guds nåde biskop i Stavanger, helsar alle mann som (skulle) koma til å sjå eller høyra dette brevet, kjærleg med Gud og vår andelege signing. Me gjerer kunnigt at me stadfestar dette jordeskiftet som vår ærlege forfader, biskopen Sigurd - Gud glede hans sjel - gjorde med den vyrde mannen Tore Berge i Høle sokn på den måte som her vert sagt, at den nemnde Tore Berge skal hava og eiga 3 matabol i Haukeli i Høle sokn fritt og heimla for kvar mann. Men bispestolen i Stavanger skal hava i byte 12 metabol i Holta, som ligg i Strands sokn, fritt og heimla for kvar mann, med alle luter og lunnende som til ligg, og hev lege frå forne tid og nyare, utan- og innan-gards, til æveleg eige.
Til stadfesting hengjer med vårt segl under dette brevet, som vart gjort i Stavanger sjølve overføringsdagen åt Sankt Martin, biskop og vedkjennar, (i) året 1467.
- Reference: FamilySearch Genealogy - SmartCopy: Mar 14 2018, 0:00:52 UTC
Tore Underberge, III's Timeline
1427 |
1427
|
Gard, Talje, Finnøy, Rogaland, Norge (Norway)
|
|
1450 |
1450
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1452 |
1452
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1454 |
1454
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1457 |
1457
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1460 |
1460
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1466 |
1466
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1480 |
1480
Age 53
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
|
|
???? |
Underberge i Forsand- g og æ bok 2 s 116
|