Torkel Torjussen (Gamle T.N.) Neset, d.e.

Is your surname Neset?

Connect to 1,237 Neset profiles on Geni

Torkel Torjussen (Gamle T.N.) Neset, d.e.'s Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Torkel Torjussen (Gamle T.N.) Neset, d.e.

Var kjent i Rogaland og Agder som ein av leiarane for "dei sterktruande", ei grein av lutherdommen som var svært lutherske. Perasekta i Eigersund/Helleland og Lomelendingane i Kristiansand er etterkomarar etter dei sterktruande. I 1893 gav Torkel ut ei bok, "Om Gudsrikets kamp og seier på jorden". Boka ligg på internett http://home.vabb.no/kjellm Eigentleg trur eg at boka er eit forsvarsskrift i samband med ein strid med den kjende presten Lars Oftedal. Når Torkel, som vart kalla Sirdals Apostel, kom inn i eit hus, skuta ein gjerne stovebordet bort til ein vegg. Torkel sette seg på bordet og stytta ryggen mot veggen. Så heldt han preik meda tilhøyrarane sat rundt bordet. Han preika mellom ein og to timar fortalde far min. Kjell



Kjell: Torkel Neset var kjent i store deler av Rogaland og Agderfylka. Han var bonde, men opererte også som predikant. I 1893 gav han ut boka "Om Gudsrikets kamp og seier på jorden". Boka har eg skrive av, og ho ligg på heimesida mi.

Eigentleg er nok denne boka eit siste innlegg i striden med presten Lars Oftedal. Oftedal klaga presten Johan Fredrik Welhaven og Torkel Neset inn for biskopen. Oftedal meinte at dei for med vranglære. Biskopen i Kristiansand stift den gongen var Jørgen Moe, eventyrsamlaren. Jørgen Moe la saka til sides. Han meinte det ikkje var noko å trøbla om - Det var innfløkte spørsmål om Jesu to naturar. Nett på den tida hadde ein funne deler av diktet Draumkvedet i Telemark. Moe var oppteken med å granska dette funnet, og la altså saka til sides. Men Oftedal kravde svar, elles ville han klaga biskopen inn til kongen for embetsforsøming. Det enda med at Oftedal fekk siger. Welhaven og Torkel Neset vart stempla som kjettarar. Det er interessant at Welhaven forlet seg på Torkel Neset. Berge Furre skriv i boka si om Lars Oftedal at Welhaven siterte den bibelkjende Torkel Neset i Sirdal.

view all

Torkel Torjussen (Gamle T.N.) Neset, d.e.'s Timeline