Start your family tree now Is your surname Stuestøl?
There are already 112 genealogy profiles with the Stuestøl surname on Geni. Join now to find your relatives.

Stuestøl Genealogy and Stuestøl Family History Information

‹ Back to Surnames Index

Create your Family Tree.
Discover your Family History.

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!
view all

Profiles

About the Stuestøl surname

Truleg betyr namnet «stølen med kyllestuane».

Forklaring:

Ein støl var ein stad der dei samla buskapen for mjølking og stell. Altså der buskapen sto. (Same ordet som i båtstø, staden der båten står). Noe liknande ei seter.

Ein stue (stubbe) er i dag det som blir igjen når treet er felt.

Opp til 2. verdskrigen var det nokså vanleg å også bruke lauv frå ulike treslag som for til dyra. Lauvet blei samla ved at småkvistane med lauv på blei skorne, tørka og lagra på låven. For å få betre avling og lettare tilgang på lauvet, blei lauvingstrea kappa av i 2-3 meters høgde. Dermed sette dei nye greiner. (Digresjon: Dei kvistane som blei liggjande igjen når dyra hadde ete det dei fekk tak i, blei kalla brom og blei brukte til fyring under bakstehella. På engelsk heiter ein feiekost broom).

Etter noen år blei treet kutta av igjen. Slik oppsto det gjennom ein del år noen 2-3 m høge stammar. Desse blei kalla «kyllestuar» eller «kyllingstuar».

Eit av dei beste lauvingstrea var lind. Den produktive trestammen som sto igjen blei kalla ein «kyllestue» og kunne bli nokså tykk med åra. Truleg var det nokså mange slike lindestuar på garden.

Lind var også verdifullt på andre måtar. Basten var svært god og blei blei brukt mellom anna til å tvinne tau av. Deler av borken kunne malast til mjøl både for dyr og menneske. Det eldste kvernhuset på garden er tømmerbygd med ytterkledning av lindebork.

Frå først av var garden ein støl under Gitlestad. Blei skild ut som eigen gard på 1600-talet.

Kolbjørn