Gamel i Hellesylt, på Stranda og Dale i Romsdal

Started by Private User on Saturday, December 19, 2009
Problem with this page?

Participants:

  • Private User
    Geni Pro

Profiles Mentioned:

Related Projects:

Showing all 4 posts
Private User
12/19/2009 at 8:43 AM

Det er stor sannsynlighet for at Endre Gamelsson Hellesylt i Hellesylt, Gamel i Øye og Gamel Pedersson Dale i Dale er fra samme slekt. De stammer nok på en eller annen måte fra Gamel Thoresson på Velle som er nevnt i Sunnmørsættleggen, der notatene trolig kommer fra tidlig 1200-tall.

Private User
12/19/2009 at 10:48 AM

På Brukarforum, Digitalarkivet fins en tråd om denne slekta:
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt...
Utdrag:
Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 29.1.2003 23:26 (4): "Eg har sett litt nærare på denne ætta. Stamfaren er Gamel på Hellesylt som 1592 opptrådde som eigar av Bjørdal på kona sine vegner, og sidan Bjørdal var Øystein-gods (Austein- eller Augustinus), har ein rekna med at Gamel si kone var av denne ætta. Genealogen Magnar Kruse Bjørge tenkte seg at ho var datter av Erlend Kolbeinson på Flo (Janeckenætta, Ålesund 1960).

Einaste Gamel mellom dei 598 skattytarane på Sunnmøre 1520 var Gamel i Dale (Norddal). Han var, etter ein ættlegg oppsett kring 1590, son av 'Gunhild i Gudøen', og dermed av Synnesætta (trulig var Gunhild datter av Synnesætta sin eldste kjente stamfar, Jon Bårdson n 1429). Gamel i Dale hadde datra Siri, gm Sjur på Helsem (Stranda, av Ravnætta i Ulstein), foreldre til Rike Sæmund på Myklebust (Borgund), som fikk lagmann Povel Helgeson til å skrive ættleggen for seg. Gamel i Dale må nok også ha vore far til Peder Gamelson (ukjent bustad) som var lagrettesmann 1538, som igjen må ha vore far til Gamel Pederson på Uggedal i Borgund 1586. Gamel i Dale må, svært trulig, ha hatt ei datter eller ein son som var mor eller far til Gamel på Hellesylt; denne Gamel kan ha vore fødd midt på 1500-tallet (sonen Endre Gamelson var 90 år gammal 1666, men var nok helst litt yngre). Den einaste Gamel på Sunnmøre som er nemnt på Sunnmøre før 1520, er 'Gamel a Velle', som må ha levd på 1100-tallet (nemnt i Sunnmørsættleggen). Eg trur ikkje det er svært problematisk å følge etterslekta til Gamel på Hellesylt, men bygdeboka må supplerast kraftig."

Bjørn Jonson Dale, Ålesund, 2.2.2003 20:26 (7): "Slektsrekka på Hellesylt:
1)Gamel n 1592,
2)lensmann Endre Gamelson 1666:90,
3)lensmann Peder Endreson 1666:43,
4)lensmann Ivar Pederson c1667-1744,
5)Ola Ivarson skifte 1725 og broren 5) Peder Ivarson skifte 1743, far til
6)Ivar Pederson, som døde 1750, 8 år gammal. Konene til dei tre første er ikkje kjente, men kona til Gamel må, som nemnt, ha vore av Augustin- og Flo-ætta.

Gamel-namnet: 1520 finn vi bare 2 Gamel'ar i det området vi har skattemanntall for, nemlig Gamel på Berstad i Nordfjord og Gamel i Dale på Indre Sunnmøre. 1521 er så nemnt ein Gamel på Ille i Sæbø skipreide, Dalane futedøme. Eg trur nok at dei yngre Gamel'ane i Romsdal og på Sunnmøre kan stamme fra Gamel i Dale, også dei i Dale i Veøy. Når det gjeld Gamel Bodvarson på Hatlelid i Hornindal, så har han eit farsnamn som er nesten like sjeldent som fornamnet: Bodvar. Dette namnet kjenner vi fra Follestadætta i Ørsta og fra Korsbrekke i Sunnylven."

"Når det gjeld Gamel på Hellesylt er han bare funne nemnt 1592; bygdeboka sitt årstall '1550' må vere eit forsøk på å sette eit fødselsår for han. Endre Gamelson er oppgitt med alderen 90 år 1666, men han treng slett ikkje vere fødd 1576 av den grunn - sannsynligvis var han yngre. At Gamel kan stamme fra Norddal (dvs fra Gamel i Dale) har eg nemnt som mulig, men vi veit det ikkje. At derimot kona hans var av Flo-ætta (den eldre Flo-ætta som eigde i Augustinusgodset), ser derimot ut til å vere greitt nok. Det som står om Gamel-ætta på Øye i Sunnylven ser ut til å vere rett."

Endre Gamelsson Hellesylt
Peder Gamelsson Øye

Arne Solli, Bergen, 5.2.2003 19:01 (18): "Korporal-Pe på Hellesylt, Peder Gamelsen Kjølås (2) og Ole Gamelsen Vike (3) var brør. Dette blir stadfest i eit skifte datert 4/4-1704 etter Brit Larsd. kona til Peder Gamelsen Kjølås (2). I dette skiftet er Ole Gamelsen Vike nemnd som farbroder.

Korporal-Pe (5) brukar gardsnamnet Kjølås når han giftar seg i 1747 med Steinor Torsd. Møll. Eg vil derfor tru at Korporal-Pe var son til Gamel Pedersen Kjølås (4), son til Peder Gamelsen Kjølås (2).

I Stranda bygdebok III er Ole Gamelsen Vike og Peder Gamelsen Kjølås (2) oppført med fødestad Øye i Sunnylven. Eg har ikkje funne kjelder som stadfester dette, men Gamel-namnet tilseier at desse to kan stamme frå Øye i Sunnylven og far deira var Gamel Endresen Øye (1).

Generasjon 1: Gamel Endresen Øye (1)
Generasjon 2: Peder Gamelsen Kjølås (2) f. 1640 - Ole Gamelsen Vike (3)
Generasjon 3: Gamel Pedersen Kjølås (4) f. 1684
Generasjon 4: Peder Gamelsen Kjølås=Korporal-Pe Hellesylt (5) f. ca. 1711/12."

Private User
12/19/2009 at 1:06 PM

Gamel i Dale er trolig bestefar til Gamel Hellesylt.

Private User
1/11/2019 at 5:06 AM

Vi har DNA-test for en mannslinjeetterkommer etter @Endre Gamelsson Hellesylt og den tilhører Y-haplogruppe G. Flere etterkommertester ønskes for verifikasjon.

Showing all 4 posts

Create a free account or login to participate in this discussion