Toralf Hernes (1918 - 2002)

public profile

View Toralf Hernes's complete profile:

  • See if you are related to Toralf Hernes
  • Request to view Toralf Hernes' family tree

Share

Birthdate:
Birthplace: Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway
Death: Died in Oslo, Norway
Managed by: Einar Hernes
Last Updated:
view all 13

Immediate Family

About Toralf Hernes

Fra hans kone Diddi:

Toralf Hernes :

  • født 7. juni 1918 i Trondheim
  • yngst av 8 søsken - 5 gutter og 3 jenter
  • familien var nylig flyttet fra Frosta til Trondheim.
  • Toralfs mor døde i 1930
  • søsknene betydde mye
  • som de eldre søsknene var han med i Bondeungdomslaget i Nidaros fra han var 15
  • etter skolen var han to år i arbeid på kontoret til Frosta Damskipsselskap.
  • atten år gammel begynte han på Handelsgymnaset
  • 3 år senere fullførte han og tok samtidig privatisteksamen i andre fag slik at han hadde komplett artium
  • startet ved maskinlinjen på NTH; Høgskolen i Trondheim i 1942
  • fullførte i 1947, var deretter assistent på NTH et år
  • flyttet til Oslo i 1948
  • ansatt Patentstyret, David-Andersen sølvvareverksted
  • studerte samtidig jus på egen hånd og tok eksamen i 1951
  • begynte høsten 1951 i Norges Teknisk-naturvitenskapelige Forskningsråd, NTNF
  • var ansatt i NTNF helt til pensjon i 1988
  • i NTNF arbeidet han med rekrutterings- og utdanningsspørsmål, som avdelingsdirektør
  • fikk stipend til studier i 7 måneder i USA i 1953
  • mange utenlandsreiser knyttet til stilllingen i NTNF, bl.a. som varamann til vitenskapskomiteen i Nato, i styret for den norske UNESCO-komiteen, med delegasjon for å besøke universiteter i Japan, Taiwan og Singapore, besøkte USA en rekke ganger for å besøke universiteter med norske studenter
  • giftet seg med Oslo-jenta (Sigrid) Diddi Mogan i 1957
  • Frode født 1957, Birgit 1960, Toril 1966
  • familien bodde på Lillo Terasse, deretter i Simon Darresv fra 1965 da borettslaget Sørhellinga var nytt
  • hytte på Nøtterøy: Furuknatten
  • hytte på Blefjell: Furuknausen, til dels bygget av T. med Frode og mange gode venner til hjelp
  • Toril omkommer i drukningsulykke i 1978
  • barnebarna: Marie 1991, Robert 93, Eirik 95, Sigurd og Ingrid 1999

Fra Toralfs egne skrifter:

Innleiding:

Det er vel igrunnen urimeleg at eg skal freiste å skrive noko om livet på Frosta. Eg er den einaste av søskenane som aldri har budd der, og skulle såleis ha minst grunnlag for å seie noko.Eg har likevel gode minne frå korte opphald hos " Smea" dvs. bestemor Austvik og i Risan der vi budde om sumaren til eg var 5 år og seinare ofte var på vitjing.

Erling gjorde eit stort arbeid gjenom mange år med å samle faktiske opplysingar om slekta, og skreiv det ned.

Asbjørn har diktert sine minne frå den tida han vaks opp på Nesset, og også frå seinare tid.

Far fekk også skrive nokre av sine minne som er publisert i "Minne frå Frosta."

                          

Ragnhild la ned eit stort arbeid med å handskrive ættetavla etter Bøye Jonasplass, slik at vi har fått eit enkelt bilde av samanhengen.

Når eg har kome inn i bilde er det sjølvsagt først og fremst avdi eg er interessert, men også avdi eg hadde god tilgang på skrive og kopierings-utstyr, slik at eg kunne få s krive ut og kopiert materialet. På den måten kunne mange få del i det stoffet som var samla.

Når eg no går vidare på eiga hand er det fleire årsaker:

For det første at eg plutseleg oppdaga at eg var den eldste av søskenflokken som er nokolunde skrivefør.

For det andre at minne som eg meinte var sjølvsagde, og som ein berre kunne ta ein telefon for å få bekrefta eller avkrefta, dei var det ingen att som kunne svare på.

For det tredje fekk eg for ei tid sidan ein PC, som gjer at det er morro å sitje å skrive.

Alt dette gjer at eg har bestemt meg til å skrive ned det meste av det eg sjølv minnes, og det eg har lese og høyrt både om livet på Frosta og frå første tida i Trondheim.

Eg rekna meg igrunnen ferdig med det eg tenkte å skrive om Frosta, då eg hausten 1996 var i kontakt med Ivar Hernes og fekk greie på at det var kome eit 3. band av Frostaboka. Då eg fekk tak i denne, synte det seg denne boka også tok til med is-tida og hadde mykje interssant stoff. Stort sett var det ikkje grunn til å endre det eg hadde skrive. Eg har likevel teke inn 3 tillegg. Det første om landhevinga, det andre eit avsnitt om Hernesgarden som kan nyttast dersom nokon ynskjer å skryte, og det tredje eit avsnitt frå Gerhard Schønnings reise-rapport frå " En reise gjennem Frosten". i 1774.

                        FROSTA

1.1 Landet veks fram:

Asbjørn var i dei seinare åra sterkt interessert i å finne ut noko om Frosta i dei aller første åra. Han gjorde ein del spredde notat, men såvidt eg kjenner til skreiv han aldri noko samla om det. Vi snakka ofte om korleis landet hadde heva seg etter istida, utan at vi hadde faste data.

Tilfeldigvis hadde eg god kontakt med professor Knut Heier på N. T. H. og spurde han om det var noko spesielt materiale som vi kunne bruke. Han fortalde at ein student, Alfred Kjemperud, i 1978 hadde skrive ei hovudoppgåve om strandforskyving på Frosta.

Eg fekk tak i ein kopi av denne oppgåva og saman med noko anna materiale meiner eg at eg har fått eit rimeleg oversyn over utviklinga.

Eg har brukt 4 kjelder:

1. Frostaboka frå 1914

2. Strandforskyvning på Frosta. Hovedoppgåve Univ. i Trondheim, Alfred Kjemperud 1978

3. Oslotrakten gjemom 1oooo år, Alf Hafsten 1963 4. Norsk historisk atlas, Cappelens forlag 1980

Det ut ser til å vera stor semje om at is-smeltinga tok til omlag 10,000 år før vår tidsrekning, og at avsmeltinga gjekk relativt fort.

Norsk historisk atlas viser nokre kart som syner utviklinga:

  

Kring år 16000 f. Kr. ligg eit samanhengande isteppe som strekker seg over Storbritania, Irland, Nordsjøen, Nord-Tyskland, Skandinavia med Østersjøen, Finnland og Russland.

Kring år 8ooo er deler av norsk kyststripe is-fri, og isen dekker berre Skandinavia, Østersjøen og Finland.

År 6500 er heile Skandinavia isfritt, og ei rad buplassar er registrert i Noreg.

                                                 

Data for landhevinga hos Kjemperud er faslagt etter års-tal, medan orientering om oldtids-funn og buplassar er registrert etter anna tidsrekning. ( Frostaboka )

                                                          3

I historisk atlas er det og ei samanstilling av dei to tids- rekkene, og det kan vera greit å sjå samanhengen:

         Yngre steinalder       Omlag 4000 - 1800 f. Kr.
        
         Bronsealder            Omlag 1800 -  500 f. Kr.
         Jernalder              Omlag  500 f.Kr.-1050 e.Kr.

         Historisk tid:  Mellomalder    1050 - 1536

0 Nyare tid 1536 -

Kjemperud har laga denne grafiske framstillinga av landhevinga på Frosta:

M. O. H. 170 X Småtjern og Skalitjern 160 160 X Storsvetjern 150 X Grønsjøen 140 130 120 X Hovdalsvatnet 110 X Remmavatnet 100

90                X  Asklundvatnet
80
70                    X  Skordtjern   
60
50
40                              X  Lianvatnet
30
20                                      X Logstumyra  
10                
 0__________________________________________________________

 10 8 6 4 2 0 1000år f. Kr. Utan å feste namn på nye stader fører han kurva ned til år 0 der kurva når noværande havnivå. Dersom ein rekner at Hernesøra no ligg 5-10 m. over havet, kan ein vel rekne med at landet der om opp av havet mellom år 1000 f,Kr. og år 0

 

Kjemperud har også ein tabell som syner at landhevinga har vore o.5 m. for kvart hundreåret i dei siste 2-3ooo år. Det kan tyde på at plassen der Hernesøra no ligg kom opp av havet enda seinare.

Frostabok 3 s.24 seier om helleristingane på Evenhus :" Disse er hogd i berg 23 m. o.h. og slik frigjort fra havet mellom år 2000 og 15oo f. Kr.

                                                                                                                        4                                                                                       

FORNMINNE PÅ FROSTA:

Her trur eg det beste er å referere eit avnitt frå Frostaboka skrive av Th. Pettersen (s. 31 )

"Det er først fra det annet avsnitt av stenalderen, den saakaldte yngre nordiske stenalder, at vi møter de første vidnesbyrd om menneskers bosetning på Frosta. Som det ældste endnu kjendte kuturminde maa vi betragte det bopladsfund som blev gjort i 1909 på Buset. Oppdagelsen av denne boplads skyldes hr. bestyrer O. Rekkebo, som av gaardens eier var blitt gjort opmerksom paa at der fandtes skjæl i plogfurene paa et engstykke som støtte op til pladsen mellem stuebygningen og stabburet. Hr. Rekkebo bragte endel prøver av skjælene til Trondhjems museum, hvor det viste sig at der til enkelte av dem klæbet matjord. Det laa herav nær at slutte at disse skjæl ikke laa i sit oprindelige leie, men maatte være flyttet dit av mennesker. Oldsaksamlingens daværende bestyrer i Trondhjem K. Rygh og zoologen konservator O. Nordgaard reiste da ind til Buset og begyndte en nærmere undersøkelse, og det viste seg at her virkelig var en gammel boplads eller kjøkkenmødding fra stenalderen."----- " Derimot fandtes det ben av faar eller gjeit, av okse, svin og hest."

Pettersen seier vidare ( s. 37 ) " Saa meget tør vi dog uttale, at fundenes nuværende fordeling peker mot den antagelse at stenalderens bebyggelse paa Frosta væsentlig har været begrænset til de nordlige, høiere liggende dele av bygden, og at bebyggelsens tyngdepunkt har ligget i indrebygden omkring Liavatnet. Aarsaken hertil maa igjen søkes i stenalderens høiere havstand."

Med dei usikre tid-feste som her er gjort, må ein vel rekne med at det ikkje har gått svært lang tid frå at isen smelta og til at det første menneske busette seg der.

                                                               Det ser ikkje ut til at Frosta er særleg rik på funn frå brosealder eller jernalder, men noko er funne. Pettersen skriv såleis ( s.36 ) " Vi kjender saaledes stenalderfund paa Frosta

fra Buset, Rekbu, Hogstadsveen. Valberg, vestre Lein, Kvamman Hojem og Brenne.

Frå bronsealderen kjenner vi fleire helleristnings-feldt. Av størst interesse for oss er eit felt som vart funne berre få meter frå der Johan bygde heimen og forretninga si.

På kvalfangarmuseet i Sandefjord står det også 2 plansjer frå desse helleristningane. På plansjene står desse påkriftene:

                                                            5

"Bare i veideristningsfeltene på Evenhus og Hammer i Trøndelag finner vi "skinnbåter" klart utformet".

"I veideristningsfeltet på Evenhus er det dominerende motivet Umiokklignende båter. Enkelte er avbildet sammen med småhval."

      

På fleire stader i Frostabok 3 er det skrive om garden Hernes. Dei første gardane på bygda er kalt "Stam-gardar" som seinare vart delt opp. S. 39 " På alle måter peker Hernes seg ut som en slik første gard, en stamgard. Storparten av Neset var tørka opp, og her lå store åpne flater lettdrevne jord. Og sjølve garden blev reist ytterst mot fjorden, et rimelig valg sjølv for et folk som hadde mye å velge i. Her ute kunne en gard kneise og være et synlig bevis på at her bodde folk med mye jord og makt. Hernes, det busatte, det bebygde neset."

S 44" Bonden på Hernes skulle en helst ikke komme på kant med, mange nok var avhengig av ham fra før, fra treller til bønder på leigd jord"

På s. 58 står det om store gravhauger: " Et langt mer inngående inntrykk av folk såvel i arbeid og strid som i høgtid, fest og avkobling får vi gjennom funna fra vikingtida, da Frosta på det nærmeste var fullbygd og kjent i heile Trøndelag og enda langt videre som bygda der trønderne holdt ting.

                                                  

Folket vi nettop hadde teften av ved Island og Moksnes, var nære naboer til tingplassen og sikkert medlemmer av det stormannsmiljøet som vi vil tru var en av forutsetningene for at et slikt sentralt tingsted skulle bli lagt hit. Før vi fortsetter på den linja skal vi se litt mer på de rent materielle spora etter vikingtidsbøndene på Frosta, og i høg grad vil dette som nevnt dreie seg om folket på Neset, der spora er flest og rikest.

                                                                                                                           6

Naturlig er det å begynne lengst ute, med det siste store funnet som er gjort fra perioden, den kvinnegrava på Nygården under Hernes øvre som blei utforska i 1935. På den tida lot en som seinere av respekt stort sett de store gravhaugene ligge i fred, men denne grava snubla noen over reint tilfeldig, nærmest på flatmark. Haugen var sikkert jamna ut for lang tid tilbake. Det var altså ei kvinne som var gravlagt her, ei vikingkvinne fra Hernes Øvre. Og sjøl om gravutstyret var blitt brent ved jordinga, er det tydelig at det er ei mektig frue som har fått sitt siste kvilested her framom garden.

I det heile kan grava i mye minne om Gokstad-funnet, men er noe yngre enn dette, fra en gang på 800-tallet. Kvinna har fått fullt utstyr med seg på si siste ferd, smykker, husgeråd og anna redskap samt en ridehest. Ei oval skålspenne har pynta drakten, og om halsen har hun hatt et kjede av glassperler, som den sterke varmen i likbålet har smelta om til uformelige biter. Redskapene har hun fått med seg i ei kiste med hengsla lokk og lås. Av dette utstyret kunne en identifisere et knivblad, et sigdblad og ei saks, ei steikepanne og ein rund-bunna kasserolle eller ause utan skaft. Av ridetøyet var ei rangle og et dobbelt-ledda bissel-munnbit bevart."

Frå ei noko seinare tid har Frostabok 3 (s.300) referert Gerhard Schønning si beretning frå "En reise gjennem Frosten" i 1774. Etter å ha skrive om vanskar i jordbruket på Frosta skreiv han: "For at bøde på den mangel, som her måtte yttre seg, enten af Agerbrugets forommeldte Vanskelighed, eller rettere dets Forsømmelse, har man lagt seg efter andre Handteringer, blandt dem Fiskerierne, baade ude ved Søesiden, saasom Sild- og Torske-Fiskerier, som hjemme, under Frostens land, efter småe Torsk, Hyse, smaae Sei, som man fører færsk til Trondhjem, og der sælger. Didhen fører man ogsaa en mængde mælk samt æg, som skaffer Frostens Bonde en næsten daglig fortieneste.

Den største Fortieneste har han dog hidintil havt af sine Kirsebær-Haver. Saadanne har her hver Bonde, ja hver Husmand, ved sin Gaard, gierne paa et mod Sønden liggende og nedhældende Sted, helst hvor Biærg og Steene ligge under Jord-skorpen. Træerne bære her gemeenlig overflødig Frugt, uagted de ei altid beskiæres og røgtes, som de vel burde.---------

Da jeg var her paa Frosten ved Slutningen af Maji-Maaned, stode bemeldte Træer overalt i Blomster; der saae derfor allesteds ud som et hvidt Bomster-Dække var udbredt over Haverne, i hvilke Bunden er overalt Græsvoksen.

               
                                                        7

Vår nære historie:

Både far og mor er fødde i 1870-80- åra. Deira foreldre opplevde ein stor del av utviklinga på 1800-talet. Ein stor del av den overleverte tradisjonen dei hadde som sin bakgrunn var derfor prega av den utviklinga som hadde skjedd på Frosta i desse åra, og også av den kontakten det har vore mellom Frosta og resten av samfunnet.

I eit lite skrift som vart gjeve ut til avdukinga av fylkessteinane på Frosta i 1930, er det og teke med ei omtale av nokre av dei menn som har sett merke etter seg. Her blir bonde Anders Botolfsen Gotås på Tautra nemnt. Han var valmann frå Frosta ved valet til riksforamlinga på Eidsvoll i 1814. Ved det overordentlige storting hausten 1814 var han 3. representant for Nord-Trøndelag amt, og var medlem av deputasjonen til kongen 10. oktober 1814. Det må vera denne Anders som Erling skriv om i i boka " Ættene til Borgny og Ering Hernes" (s.45).

   

Ein annan person som må ha havt stor innverknad på livet på Frosta er Andreas Galtvik. Han var ein av næraste naboane våre. Garden ligg like inn til Hernesøra, og på vegen opp til heimen vår. Heimen til bestemor (Smea) var vel opphaveleg ein husmannsplass under Galtvik men vart seinare frikjøpt. Galtvik ligg så å seie i sentrum for dei 3 plassane som vi var sterkast knytt til. Det var vel ikkje meir enn 5-10 minutt å gå frå frå heimen vår eller frå farmor eller mormor til Galtvik.

Flytting til Trondheim: minne frå 1920-åra

Far solgte forretningen på Frosta og flytta til Trondheim sumaren 1916. Han var då 45 år gamal og hadde familie med 7 ungar. Den yngste, Ragnhild, var berre få månader gamal. Den første verdskrigen hadde vara i 2 år, og jamvel om Noreg ikkje var direkte med, måtte vel krigen også merkast her og, med rasjonering og andre problem. Såvidt eg veit gjekk forretningen på Frosta godt, og far nemnde ein gong at den beste tida han hadde hatt, var åra før verdskrigen. Det var kanskje ikke å undrast over, det er vel mange av oss som ser tilbake på 30-40 årsalderen som ei god tid. Likevel nemner han i "Minne frå Frosta" at samyrketanken vaks fram i desse åra, og han følte sjølv at mange på bygda var misunnelege for at det gjekk så godt for han. Dei meinte at dersom dei fekk etablert eit samyrkelag kunne dei sjølve få den inntekta som no gjekk til far. Far var den første av ungane på Øra som flytta heimanfrå då han starta forretningen på Olstad i 1898. I 1904 flytta den yngste av søskenflokken, August, til Holmberget, og overtok forretningen etter onkelen sin, Arnt Bustvolden. Husa på Øra vart selt i 1904 og bestemor fekk kår. Også dei andre søskna var flytta ut før den tid. Vi må gå ut frå at søskna hadde godt samarbeid også i desse åra. August flytta frå Holmberget og åpna forretning på Ler i 1906. I 1910 kjøpte August og Johan "Lundamo Landhandel og Bakeri". I 1914 kjøpte August Klostergata 70 i Trondheim og starta forretning der. Den 2.7.1915 starta brørne Johan, Karl og August silde-forretningen "Brødrene Hernes A/S" i Trondheim. I 1916 kjøpte Johan Klostergata 70 av broren, og flytta då til Trondheim og overtok kolonialforretningen i same garden. Far hadde såleis kjøpt ein stor gard i Trondheim og hadde drivi silde- forretningen i Trondheim før han flytta frå Frosta. Alt var såleis lagt vel til rette i god tid. I tillegg kom og at dei største ungane tok til å bli vaksne og hadde bruk for meir skulegang. Trygve var 16 år, og det varte ikkje lenge før han skulle ta til på Handelsgymnasiet. Far har skrive meir om dette i " Minne frå Frosta" s. 50-51. Eg vart fødd i 1918 og kom såleis til verda medan vi budde i Klostergata. Eg vart døypt i Domkyrkja på månadsdagen min.Alt same året kjøpte far Nonnegata 23, og vi flytta dit eit par år seinare. Det er såleis klart at eg ikkje sjølv har noko minne frå Klostergata. Det er først frå tida i Nonnegata at eg har eigne minne, og kan fortelje det eg sjølv hugsar. Først tar eg med eit bilde av garden. Det er teke frå hjørnet av Nonnegata og Båhusgata.

Vi budde i 2. høgda, på hjørnet. Ved sida av oss var det eit husvære med 3 rom og kjøken. Der budde ei familie som hette Moslett. Han var lokomotivpussar på jarnvegsverkstaden på Marienborg, og det meinte eg var svært fint. I første høgda var det og eit treroms-husvære mot Nonnegata. Under vårt husvære var det først kolonialbutikk på hjørnet, og så budde det ei familie mot Båhusgata. Dei hadde 3 ungar, og dei delte kjøken med ei mor med ein gut som budde på eit rom. Det måtte væra svært trongt i husværet, men ungane kom seg vel til fram. Den eldste av gutane, Svein Hokstad, vart lektor og seinare rektor ved Katedralskulen. Gjenta, Lillemor, vart gift med likningsjefen i Trondheim. Yngsteguten vart teatermålar på Trøndelag Teater. Vidare var det 6 små hyblar på kvisten, så det var ganske folksamt i garden. Vi hadde 6 rom i husværet i 2. høgda, og i tillegg brukte vi til ymse tider to av hyblane på kvisten. I midten av 1920- åra hadde Trygve og Reidar kvar sin hybel der. Etter at Trygve var reist ut, budde Erling ei tid der oppe. Jamvel om vi, i forhold til andre familiar, hadde relativt god plass, var vi også mange personar. Alfhild gifta seg og flytta heimanfrå i 1923. Det året Asbjørn tok artium, i 1925, budde ein av gutane frå Risan, Bjarne Risan, som også las til artium, i Trondheim. Han budde ikkje hos oss, men han spiste middag saman med oss. Den vinteren var vi fast 11 personar rundt middagsbordet. I alle år hadde vi fast hushjelp som budde hos oss. Det gjekk sjølvsagt mykje mat, og det vart som regel kjøpt inn i stort denne tida. I kjellaren hadde vi ei bu for poteter og syltetøy. Såvidt eg hugsar kjøpte vi inn om hausten omlag 6oo kg poteter, 5o kg gulerøtter og 25 kg tyttebær. Spekesild tok vi heim frå forretningen om hausten, då ho var på det aller finaste. Eit kvarter (1/4 tønne) sto vanlegvis i kjellaren til bruk som laurdagsmat. På loftet hadde vi kjøtt og diverse kolonialvarer. Gris vart kjøpt om hausten, og kjøtt og pølser vart salta i ein stor stamp. Eg fekk dra kjøttkverna når vi skulle fylle tarmane til pølse. Skinka hang under taket på loftet til bruk om sumaren. Elles hugsar eg at kveitemjøl sto der i ein 100 kg sekk, farin 50 kg, havregryn 1 sekk, og margarin vart kjøpt i 12 kg kasser. Brødrene Hernes A/S dreiv mest med sild, men det var også ein del fisk. Når det var ekstra fin fisk ringte dei heim, og så var det som regel eg som måtte gå ut og hente han før middag. Det har seinare undra meg at eg ikkje kan hugse at vi nokon gong hadde fenalår, jamvel om alle gardane på Frosta hadde sau. Vi brukte også ein del blodmat, særleg blodpølse, aldri blodklubb. Første dagen spiste vi den kokt, dagen etter fekk vi steikte blodpølseskiver med sirop og steikt flesk. Eg minnes ein gong eg gjekk på slaktehuset for å hente blod i eit 5-liters spann. Eg såg mitt snitt til å lure meg innom døra i slaktehallen, og var spent på kva eg ville få sjå. Eg sto muse stille nede ved døra, men vart likevel oppdaga og jaga ut. Eg såg mitt snitt til å lure meg inn att. Slaktarane såg meg sikkert, men tenkte vel at eg kunne ha det så godt. Så leigde dei inn ein stor hest, festa på han slaktemaska og slo til. Der låg hesten og sprella litt, og to mann kasta seg over han med store knivar, tappa blodet og flådde han. Då greide eg å lure meg ut - eg gløymer det aldri. Eg hugsar at då eg byrja på skulen, ba frøken oss om å svare på ymse spørsmål. Dei gjekk på sanitære spørsmål, og var truleg ein del av ei større statistikk-innsamling. Eg trur det berre var 3-4 av gutane som hadde bad i garden der dei budde. Det vart ikkje spurt, men det var sikkert ingen som hadde bad i sitt eige husvære. Vi hadde bad i kjellaren. Der var det badekar og ein kolfyrt omn med stor vasstank. Annakvar fredag var det badedag hos oss. Då vart det bada frå morgon til kveld. Vi som var tidleg heime frå skulen, bada før middag. Det var også fire separate WC i kjellaren, med kvar sin nøkkel. Det måtte vera nokså tungvint for dei som budde på kvisten, og det var stort sett gamle folk. Ein kan elles undre seg på korleis dei kunne greie seg med tre lange trapper ned for å koma seg på do. På kvisten var det ein felles spring med kaldt vatn og utslagsvask på gangen. Ein gong vart det brann i kjellaren. Det viste seg etterpå at røykrøret frå badeomnen gikk i taket mellom kjellaren og golvet i første høgda, for å bli knytt saman med skorsteinen for størhusomnen. Det var eit malmrør som var lagt oppå ein trebjelke. Malmrøret var tæra opp, og der låg det gnister og ulma frå badedagen fredag og til brannen braut ut natt til sundag. Heldigvis var brannvesenet raskt ute og sløkte brannen før han slo gjenom taket til 1. høgda. Størhuset var vel for si tid ganske moderne. Først må eg nemne omnen, den var ved- eller kolfyrt, med ei stor gryte til å koke tøy i. Så var det 5-6 "stampar", dvs. avskorne sirupsfat. Det mest særmerkte var likevel eit stort kar til å legge i vatn kvitty som skulle vaskast dagen etter. Karet var så stort at det ikkje kunne ha kome inn korkje gjenom dører eller vindauge. Korleis dei hadde fått det inn har eg enno ikkje funne ut. Når vasken var ferdig, måtte den berast opp i andre høgda for å bli hengt på trekksnorer som vi kunne nå frå vindauga hos oss eller frå ei luke i bakgarden. Såvidt eg hugsar hadde vi vaskehjelp til storvasken ein gong i månaden. Om vinteren vart vasken hengt til tørk på snorer på loftet i bakgarden. På kjøkenet var det spring med kaldt vatn og vanleg utslagsvask. Ved sida sto vaskefatet på eit stativ. Der hang det og ei vass-ause, som både vart brukt til å ause vatn med og til å drikke av. Vi hadde stor komfyr med 4 kokehol, steikeomn og varmeomn. Den vart fyrt ned ved. Det var lagt inn gass på kjøkenet, og vi hadde gassapparat med 2 bluss. Seinare fekk vi og gass-steikeomn. Endå seinare fekk vi elektrisk kokeplate. Dette var lenge før kjøpesentra kom i bruk, men til gjengjeld hadde vi flust med kolonial- og melkebutikkar. I tillegg til kolonialbutikken i første høgda i garden vår var det ein kolonialbutikk rett over gata og fem andre kolonialbutikkar i mindre enn 5 minutter gangavstand. Tre melkebutikkar var det og i dei næraste gardane. Ymse handverkarar held og til i nær-området. Skomakar Nordberg hadde både verkstad og utsalg nede i Nonnegata. Der fekk vi reparert og halvsåla skoene våre når ikkje far gjorde det sjølv. Ein glasmeister hadde verkstad i Møllenberg gate og ein elektrikar budde i Båhusgata, han hadde ein liten verkstad i kjellaren, der kunne vi både få kjøpt sikringar og anna småtteri. Slaktar Helgesen hadde forretning i Møllenberg gate. Far hadde også teke godt vare på kontaktane sine med større handelsmenn i Trondheim frå tida han dreiv handel på Frosta. Sko vart alltid kjøpt hos Simon Pettersen i Ravnkloa, alt av jernvarer hos Emil Grønning, alt av herrekonfeksjon hos Arne Rønning. Hos alle desse var det berre å seie namnet så fekk vi 10 % avslag. Seinare har det ofte undra meg kor stadbundne vi var som ungar. Vi hadde ein av byen sine finaste og største parkar, "Småberga", og eit stort friområde med 2 fotballplassar berre eit kvartal burte. Her hadde m.a. Rosenborg Fotballklubb sin faste bane, som vi ofte brukte til skøytebane om vinteren. Likevel leika vi mest berre inne på gardsplassen. Først då vi vart store nok til gå på ski på eiga hand, kom vi oss opp til "Rossingen" i bakkane opp til Kristiansten festning. Om sumaren hende det ein sjeldan gong at mor smurde mat og fylte saft på flaske og tok oss med på tur i Småberga. Vi hadde ein rimeleg stor gardsplass, men det var tette og høge plankegjerde mot nabogardane, slik at vi ikkje kunne 0sjå inn der. Når vi ofte leika i garden hos oss, kom det vel av at det var forholdsvis mange ungar som høyrde til i garden. Dessutan var det vi som åtte garden, og det var ikkje så nøye om vi trekte inn ungar frå andre gardar. I nabogardane var verten, som ofte sjølv ikkje hadde ungar, svært nøye på at framande ungar ikkje skulle koma inn og leike. Det viktugaste var kanskje likevel at kjøkendøra alltid sto åpe, og at mor alltid var heime. Der var vi alltid trygge på at vi berre kunne tråve rett inn, anten det var for å få ein matbit eller for å få trøyst. Vanlegvis var det Borgny, Ragnhild og eg som leika saman på gardsplassen, oftast saman med 3-4 andre ungar som budde i garden. Dei mest vanlege leikane om sumaren var leikar som vel framleis er i bruk, som t.d.

Hoppe Paris (Paradis ) Hvem pikket Siste par ut Gjøm kul (her var mange fine plassar å gøyme seg på, både i kjellaren og i bakgarden). Balltur (slå ball mot vegg) Stikkball Ta land Hoppe bukk Hoppe "Kirk-gård" Vippe på stikka Kaste mynter mot ein strek på bakken

Istaden for mynter brukte vi gjerne øl- eller bruskapslar, der vi skar til små bitar av blyplater som vi la inni, før vi banka dei flate. Av og til skar vi av blyplatene som var brukt til å tette skjøtane på sylstokkane i garden. Det var svært lite populært når huseigarane oppdaga det. Skulle vi få dei ekstra fine og flate la vi dei på trikkeskinnane slik at trikken ordna med pressinga. Det rista og bråka fælt når trikken køyrde over. Om vinteren var det gjerne kjelken eller "uvelta", ein heimelaga skøytebil, vi brukte. Sparken kom litt seinare. Nonnegata var bratt og fin å køyre i. Det var ikkje mange bilar, men likevel var det sjølvsagt farleg, og det var forbode. Av og til kom det ein konstabel som sto vakt. Då gjekk straks ropet "Polti i gata". Det var nok til at alle ungane forsvann kvar til sitt. Det var også populært å "stå på jarn". Jarnet var eit vanleg firkantjarn, bøygd opp som eit horn framme. Gjerne var det eit hol for å feste eit snøre til å halde i. Det var litt av ein kunst å stå på jarn utan noko feste til skoene. Dei første åra vi budde i Nonnegata var vi altid på Frosta heile sumaren. Vi budde hos tante til mor, Guruanna, i Risan. Eg var 5 år då far kjøpte tomt på Leinstranda og bygde hytte eller rettare sagt sumarvilla der. Da budde mor, Borgny, Ragnhild og eg der oppe heile skuleferien. Eg skal koma attende til livet i hytta på Heimdal seinare, men først litt om det sosiale livet medan vi budde i Nonnegata. Alle dei 4 søskna til far budde no Trondheim. Dei var alle sterkt interessert i misjonsarbeidet, og heldt til i kretsen rundt Kinamisjonen som hadde samlingsstaden sin i Betania, eit lokale ute ved museumsplassen. Alle søskenbarna våre heldt og til der, og Borgny, Ragnhild og eg gjekk på sundagsskulen der. Ofte hadde vi vitjing av misjonærar som var heime for ei tid. Då var det foredrag med lysbilder både frå Japan, Kina, India og Madagaskar. Det hadde eg mykje glede av mange år seinare, då det tok til å koma innvandrerar frå Aust-Asia på 1960-talet. Då hadde eg kjensle av at eg visste meir om desse landa enn det som var vanleg. Mor var interessert i det lokale menighetsarbeidet i Bakke menighet. Ho var mellom anna med i ein kvinneforening som heitte Tabita. Dei held handarbeidsmøte heime hos kvarandre.Ein eller to gonger for året var det stor utlodning i Bakklandets menighetshus. Der syntes vi alltid det var moro å vera med. Elles var det barnefestar med boller og sjokolade, både i menighetshuset og i Betania. Mor var svært interresert i at eg skulle væra med i ymse foreningar. Først var eg med i gutteklubben "Freidig" som dreiv med pappsløyd og løvsagarbeid i menighetshuset. Seinare var eg med i "Smågutane" i KFUM. Eg var også med i ein guteklubb som soknepresten, Sigurd Berg, starta i Bakke menighetshus. Den vart kalla "Blågutane" avdi Berg ordna med at vi kunne kjøpe ein blå vindbluse for fem kroner. Han ordna også med mange turar, og klubben vart uhyre populær. På det beste samla han vel 500 gutar til møte ein gong for månaden. Mor var også svært interresert i at eg skulle koma med i speiderbevegelsen, men før eg kom så langt var speidergruppa i KFUM lagt ned.

Alle mine søsken var no med i Bondeungdomslaget, og det var det all interesse konsentrerte seg om, men eg var enno for liten til å koma med. Dei eldre søskna mine var som regel ute om kveldane, helst i Bondeungdomslaget. Dei kom gjerne heim i 22.30-tida, og da var det ofte felles kveldskaffe. Av og til fekk vi småungane vera oppe så lenge at vi fekk vera med. Far og mor var interessert i å spela whist, men dei var ikkje med i noko fast lag, det var gjerne eit par vener som vart invitert. Eg hadde ei kjensle av at vi i denne tida hadde relativt liten kontakt med slektningane våre, men når eg no tenkjer tilbake var nok kontakten mellom dei vaksne svært god. Vi feira åremålsdagen til mor i mars, til far i mai og i tillegg juleselskap. Då var det alltid stor stas med full middag og samvære etterpå. Alle møtte i sin finaste stas. Far var alltid i vanleg sjakett, onkel August i sjakett med stripete bukser som eg syntes var ekstra fint. Onkel Karl kom i diplomat, dvs. ein knekort frakk. Fruene kom i fine kjolar. Mor hekla, og tante Bina slo nupperellar. Kva dei andre gjorde hugsar eg ikkje, men mennene snakka om sild og atter sild. Dei kjende kvar ein handelsmann over heile Austlandet, etter at dei kvar for seg hadde sykla rundt og selt sild. Når dei andre søskna gjore det på same måten, skulle det vel bli 10-12 slike familieselskap for året, og når 3 av brørne i tilleg hadde felles kontor, var det slett ikkje lite samvær. Vi ungane var som regel ikkje med på slike tilstelningar, men eg hugser spesielt eit juleselskap hos onkel August som budde på Blusuvolden. Husa på Blusuvolden var freda, og dei hadde m.a. ei uvanleg stor stove. I det eine hjørnet sto det ei stor messing stålampe. Den måtte vel være minst 2 m høg og gjorde stort inntrykk. På Blusuvolden var det og gardsbruk, og dei hadde både hest og gardsdreng. Eg hugsar enno at vi i eit juleselskap fekk vera med på sledetur rundt på Strinda. For si tid var nok far og søskna hans tidleg ute. Både dei to onklane og dei to tantene mine hadde bilar. Trygve disponerte den bilen som Brødrene Hernes A/S hadde, slik at når det var familieselskap hos oss i slutten av 1920-åra, sto det ofte 5 bilar rundt huset i Nonnegata. For si tid var nok det ganske sjeldent. Far har nemnt hytta på Heimdal i det notatet som han skreiv om sitt eige liv og som er gjengitt i Minne frå Frosta: "Våren 1923 kjøpte jeg et jordstykke av Anders Lund og bygget villa Høgtun der." Såvidt eg vart fortalt gjorde han storparten av bygjearbeidet sjølv. Han hadde hjelp til å sette opp reisverket, og truleg hjalp Trygve til. Dersom ein ser på det far skreiv om bygginga av forretningen på Frosta, (s.44 same notatet) er det ikkje urimeleg å tru at arbeidet gjekk fort fram. Eg trur huset var ferdig slik at vi budde der heile sumaren 1924. Hytta, eller villaen, var relativt stor. I første høgda var det ei stor og ei lita stove, kjøken, bislag og veranda. I andre høgda var det eit stort og to små soverom. Mor og far sitt soverom hadde ei stor himmelseng. Hytta låg på vegen mot Ringvål, omlag 2 km frå Heimdal stasjon. Ho låg oppe på ein bergrabb, med fritt utsyn som strekte seg frå Gulosen, over heile Leinstranda og Vassfjellet. Eg veit ikkje kor stor tomta var, men framfor hytta var det planert ein fin krokketbane med dekke av singel. Vidare var det to relativt store grasplener, og to små område med gran- og furutrær. Langs plenene var det relativt breie stiar. Spesielt var det at far fann ein liten forekomst av heilt kvit stein. Den fekk han sprengt ut. Så sette han opp tett i tett med kvite kantstein langs stiane. Så var det sjølvsagt blomsterbed, og midt på den største plenen sto det ei stor gran. Den vart kvista, og all bork høvla av. Kvitmåla vart det ei framifrå flaggstong som sto der i alle dei åra vi heldt til der. Eg trur det var Asbjørn som fekk jobben med å klatre opp og feste kula. Eg går ut frå at kula vart sett på før resten av treet vart kvista. Far kom oppover kvar helg. Dersom han ikkje hadde for mykje anna å bera, hadde han alltid med to store spann med fiskeavfall som han grov ned som gjødning for blomstene. Det var mykje stein og lite matjord på tomta, og det høyrde med at han tok trillebåra for å hente eit par lass jord. Det var ganske lang og bratt veg å køyre opp jorda. Eg trur at denne køyringa var ein av grunnane til at Trygve og Reidar hadde så lita lyst til å koma opp i helgene. Istaden gjekk dei på hytta til Bondeungdomslaget. Vi måtte og gå ganske langt for å hente vatn, og kvar kveld gjekk vi til ein av dei næraste gardane for å hente mjølk. Av og til hadde vi gjester i helgene. Då vart det ofte laga til fest, gjerne med eit slag whist. Når det tok til å bli mørkt om kveldane i august, vart det hengt opp japanske papirlykter i trea langs stiane. Med tente stearinlys tok det seg godt ut. Eg minnes ein gong vi hadde vitjing av to av dei yngste gjentene frå Risan. Då måtte vi gjøyme kortstokken og fekk berre bruke svarteperkort. Det hadde vel samanheng med det Asbjørn skriv om skilnaden i religiøsitet på Neset og lenger inne på Frostalandet.

Far var interessert i å samla på gamle ting. Han kjøpte både på auksjonar og på annan måte, helst ting frå Frosta. Det meste vart samla på det store romet på loftet. Eg minnes enno ein del av dei ting som var samla der: To rokkar, hespetre. nøstetre, utstyr for bearbeiding av lin, sluggu, to-tre mangletre, potetkværn, sukkersaks, eit fint utskore bogtre. Ute låg to kvernsteinar for handkværn. I stova sto eit stort kråskap og ein kvit emaljert kamin som han hadde fått kjøpt då den vart utskifta frå D/S Lagatun. Sjølvsagt var det berre parafinlamper. I begge stovene hang det store parafin hengelamper. Etter at mor døydde i 1930 vart hytta mindre brukt. Den vart selt i 1939, men då krigen kom fekk vi ei ordning slik at vi kunne bruke det store loftsromet under evakueringsdagane i 1940. Bortsett frå spegelen, eit klaffebord med to stolar og nokre småting vart alt det gamle utstyret gjeve til Folkemuseet på Sverresborg. Spegelen heng no heime hos oss på Tveita, bordet og stolane står på Hamar hos Borgny. Eit lite avsnitt for seg sjølv må Anton og Beret Berg ha. Slektskapet var slik: Kolbanus var bror til Bergitta, mi bestemor. Han gifte seg med Ingeborg-Anna Skogen som vaks opp på naboplassen til Jonas-plassen. Dei tok over plassen Nordli, som var ein annan av naboplassane. Der fekk dei ei gjente som vart kalla Beret og ein gut som heitte Olaus. Olaus flytta seinare til Mosjøen og slo seg ned som bakar. Beret og Gusta var såleis søskenbarn. Dei var omlag jamngamle, og dei vaks opp saman og var gode leikekameratar. Beret flytta og til Trondheim og gifta seg med Anton Berg som var snekkar. Beret var den som alltid hadde tid til å hjelpe til der det trongs, og til å ta seg av andre. Eg er fortald at bestefaren, altså farfar til Berit, Bøye Jonasplass, alltid budde hos dei når han var i Trondheim. Frå den tid eg hugsar budde dei i ei lita 2-roms leilighet i Grensen, ein sideveg til Høgskolebakken. Eg var der vel først saman med mor, seinare gjekk eg ofte åleine. Grunnen var kanskje at Anton var snekkar. Då hende det at eg fekk ein liten bunt med spiker som eg hadde stor glede av. Frå den tid eg kan hugse budde og mor til Beret, Ingeborg-Anna, der. Ho hadde vore enke lenge, og hadde berre ein unge, Beret. Ingeborg-Anna sat jamnt i ein amerikansk gyngestol inne i stova. Ho var alltid blid og tala gjerne med oss. Eg høyrde aldri noko om at ho var ufør, men eg kan heller aldri hugse at ho nokon gong reiste seg frå gyngestolen. Anton fekk slag og vart liggjande heime i fleire år. Han var lam i beina og hadde store vanskar med å snakke. Berre Beret forsto kva han prøvde å seie. Beret stelte han trufast heile tida og var like nøgd og alltid i godt humør. Ho gav alltid uttrykk for at ho hadde det så bra. Menighetssøstra kom innom ein gong imellom og var der eit par timar. Beret døydde på Strindens Sykehus i 1969. Mor vart sjuk sumaren 1928 medan vi budde på Heimdal. Då mor vart sendt på sjukehus kom Beret straks oppover og tok seg av oss ungane. Seinare, då mor døydde, vart Anton verge for oss tri som enno ikkje var myndige. Når eg tenkjer tilbake hadde vel mor hatt eit strevsamt liv, jamvel om vi sikkert var betre stilt enn mange andre. Frå ho gifta seg i 1898 til eg vart født i 1918, hadde ho hatt 8 ungar. Det vil seie meir enn 20 år med bleieungar rundt seg. Jamvel om ho hadde god hjelp, hadde det sikkert vore eit slit, utan vaske- eller baderom i husværet, med størhus i kjellaren og tøy-tørking ute eller i bakgarden. Eit par minne frå Nonnegata må eg nemne: I 1927 var det stor hamnestreik. All lossing/lasting av båter på Brattøra skulle stansast. Eg såg det ikkje sjølv, men høyrde heime at politimesteren kom til hest med sabel og i full mundur til hjørnet av Kjøpmannsgata og Olav Trygvasonsgate, der han las opp "Opprørs-loven". Dei militære var utkommandert for å passe på streikebrytarane. Trygve var vistnok med i det militære. Streikebrytarane, dei "6 sorte mænd", var innkvartert på 5. divisjon sitt skulebygg i Festningsgata, og eg såg dei koma gåande opp Nonnegata med soldatvakt både foran og bak. Ein gong seinare var det brann i ei av dei store bryggene i Sandgata. I brygga var det og eit stort kruttlager, og det var fare for at heile brygga skulle gå i lufta. Då ville ein stor del av midtbyen også gått med. Befalskuleelevane fungerte den gongen som reservebrann-mannskap, og dei vart utkommandert til å assistere. Dei stilte opp i Festningsgata, og vi hørde heilt ned til oss at det vart kommandert "Spring marsj!", og så sprang dei ut til Sandgata. Det var enno ikkje vanleg å bruke bilar i slike tilfelle. Eg må også nemne kor fredeleg det var i familien til tross av at vi var 8 ungar. Eg kan hugse at Erling og Asbjørn krangla ein gong, og mellom oss tre minste var det truleg småkrangling av og til. Språkbruken var svært nøytral. Eg hugsar at Erling av og til brukte uttrykket "dykede", men så var no han også meir vågal enn oss andre. Bannord kan eg ikkje hugse at eg høyrde heime. Men vi var også svært varsame med å bruke andre ord som no er heilt vanlege som t.d. "kjære", "elske" eller "hate ". Eg trur vi la mykje meir i slike ord då enn det som no er vanleg. Enno i dag verkar det sterkt på meg dersom nokon seier at dei hatar nokon. For meg tyder det at dei ikkje toler å sjå vedkomande eller har lyst til å stikke kniven i han, derfor bruker eg ikkje uttrykket sjølv. Eg minnes enno at vi ein dag på veg til søndagsskolen lærte ei lita regle som lydde slik:

"Jeg må på do, jeg må på do, jeg må på Doris tenke. Hun fikk en sønn, hun fikk en sønn, hun fikk en søndag vite, at han var far, at han var far, at han var faret bort. Så tok hun jern, så tok hun jern, så tok hun jernbanen til Drammen."

Den syntes vi var så vågal at vi aldri kom oss til å seie den fram heime. Far var alltid glad i å reise, heilt frå han som unggut tok den første handleturen sin til Inntrøndelag og Namdalen for å selje bøker. Han var og i Tromsø og solgte poteter. Seinare reiste han ein del både i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland for å selje sild for Brødrene Hernes. Han hadde sjølvsagt ikkje lært noko framant språk på skulen, men alt medan han budde på Frosta hadde han teke til å lære seg esperanto. Eg har framleis eit kortalbum der det står fleire kort frå kjenningar både i Noreg og andre stader i Europa skrive på esperanto i åra 1911 til 1915. Den første reine ferieturen han reiste på var vel i 1925. Då var det "Jubel-år" i den katolske kyrkja, og Aftenposten arrangerte tur til Rom. Stort sett var det katolikkar som var med, men også ein del andre m.a. fleire frå Trondheim. Mor var også med, og høgdepunktet på turen var audiens hos paven. Turen gjekk med tog, og far har skrive dagbok frå turen.Eg gjekk den gongen i første klasse på Bispehaugen skule, og så pass sjelden var ei slik reise at eg måtte ta med bilder og fortelje frå turen på skulen. Seinare, i 1928 var mor og far ute på ny langtur. Då reiste dei med tog gjenom Europa til Middelhavet der dei gjekk ombord i D/S Prins Olav, for å segle heim langs vestkysten av Europa. Far skreiv lange reisebrev til avisa "Frostingen" frå turen, og det er utruleg å sjå alt det han har fått med seg frå dei ymse stadene. Prins Olav var ein skikkeleg luksusbåt. Det heiter i den reisebrosjyra som var sendt ut: "Den norske dampmmaskinflåte fikk i 1925 en enestående vakker tilvekst. Ikke bare på grunn av sin fart - Prins Olav er det hurtigste dampskib i den norske handelsmarine -, men også på grunn av sin lukseriøse innredning er Prins Olav bemerkelseverdig. Bygget for Englands kongepar uten henssyn til omkostninger og alltid holdt i førsteklasses stand, blev den for 3 år siden solgt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, og satt inn i turisttrafikken til Nordkapp og Spitsbergen. Høidepunktet av Prins Olavs luksusinnredninger er "de kongelige kabiner". Store bekvemmeligheter med egne badeværelser og et elegant utstyr. Men også ellers er skibet et luksusskib med en overflod av bad, stor dekksplass, lesesalong, røkesalonger og "Social Hall".Det sto 21 baderom til disposisjon for dei 98 pasasjerane alle utstyrt med varmt og kaldt vatn, ferskvatn og sjøvatn.Båten var kolfyrt og såvidt eg høyrde var det mellom 60 og 70 kollemperar for å halde dampen oppe.

Eg har den reklamebrosjyra som var laga for turen. Billettprisane ser rimelege ut i dag, mellom 1100 og 1500 kroner for kvar i dobbellugar, men når ein veit at ei krone i slutten av 1920-åra svarer til om lag 30 kroner i 1990 ser ein at billettutlegga for to for 31 dagars tur ville bli omlag 70-80.000 kroner i 1990-pengar. Det tyder sjølvsagt på stor reiselyst, men framfor alt på stor optimisme med omsyn til at forretningen framleis skulle gå bra, og at livet såg lyst ut på alle måtar. Når eg tenkjer tilbake på dei førsta åra i Nonnegata, dvs. fram til 1928, måtte det ha vore ei fin tid for heile familien. Alle var friske, Alfhild hadde gifta seg og flytta ut - eit såkalla "godt gifte". Trygve og Reidar var ferdige på handelsgymnasiet. Trygve hadde teke til i Brødrene Hernes A/S, og Reidar hadde jobb. Forretningen gjekk godt, og far tente rimeleg bra. Forretningen Brødrene Hernes A/S vart delt mellom brørne i 1927, og saman med Trygve starta far då firmaet J. Hernes & Co. Endeleg var det ein av ungane som tok til å studere til prest, og det var nok mor glad for. Alle vi andre hadde og skikka oss rimeleg bra og gjorde det bra på skulen. Alle var fast forankra i Bondeungdomslaget. Etter at vi flytta til Nonnegata vart det kjøpt inn nye møblar. Ikkje noko ekstravaganse, men solide og pene ting. Det er underleg å tenkje på at enno etter 70 år er det meste i dagleg bruk. Spisestuemøblane står hos Bjørg på Gjøvik, møblane frå "beste-stova" står hos oss på Tveita, soveromsmøblane har hamna i Vefsn hos ein av gutane til Borgny. Det meste av småting er også teke vel vare på rundt ikring. Ragnhild har stor ære av den måten buet etter far vart gjort opp på. Sjølvsagt saman med Trygve som tok seg av det som hadde med pengar og dei tri gardane som far åtte. Eg må også nemne at så lenge eg kan hugse tilbake i 1920-åra og langt ut i 1930-åra gjekk far alltid i svart frakk og svart stivhatt, "halvskalk". Ibenholt spaserstokk med sølv-handtak høyrde med.

Namnestrid 1929-1930

Før eg går vidare må eg nemne nokre ord om namnestriden i Tondheim. Det hadde i mange år vore snakk om at byen skulle få att det gamle namnet sitt "Nidaros" til byjubileet i 1930. Såvidt eg veit hadde bystyret alt i 1924 gjort framlegg om det. Då saka vart teke opp at i 1929, og Stortinget gjorde sitt vedtak om namneskifte, braut striden laus for alvor. Sidan striden om unionsoppløysinga kring århundreskiftet har vi vel aldri opplevd ei slik opprørsstemning. Striden vart leida av ein kai-arbeidar, og ført med stor energi gjenom folkemøter, opptog og gjenom presssa. Særleg Dagsposten og ei nystarta avis, "Trondhjemmeren", var aktive. I 1920-åra var namnet Nidaros nytta i ymse forretningstiltak. No vart det sett igang boykottaksjonar mot alle slike tiltak. Ingen ville lenger kjøpe margarin frå Nidar Margarinfabrikk. Nidaros margarin var eit av dei beste margarinmerke som var å få. Det vart no ubrukbart og namnet vart endra til Munkholm margarin.Nidaros Skofabrikk måtte skifte namn. Dersom du gjekk inn i ein forretning som selte varer med Nidaros-namnet vart du straks stempla som "Nidding" som var det klenge-namnet som vart brukt. Ingen forretning våga å setje inn ei lysing i avisa "Nidaros", som var ei av dei størte avisene i Trondheim. Det førde til at avisa ettet kvart døydde bort av økonomiske årsaker, og har seinare aldri kome over det. Olav Gullvåg hadde vunne konkurransen om kantate for byen til jubileumsåret. Den skulle førast fram i Trondhjems Domkirke, men vart etter ein bitter strid nekta ført opp avdi den var skrive på nynorsk. I det heile vart målstrid og namnestrid kobla saman. Bondeungdomslaget sto sjølvsagt på Nidaros-sida. Då dei våren 1930 skulle reparere Søndre gate, måtte dei rive opp gatesteinen, som vart lagt i ein haug utafor Gildevangen, Då steinen måtte ligge over helga fann kommunen at risikoen for vindauga i garden vart for stor. Steinen vart derfor kjøyrd bort om laurdagskvelden og lagra utanfor byen for å bli kjøyrd tilbake måndag morgon. Profesor Hægstad ved NTH hadde ein villa oppe på Singsaker. Det var vanleg å halde demonstrasjoner utafor hus der det budde målfolk. Ein kveld var det demonstrasjon utafor huset til Hægstad. Ein ung teologistudent klatra opp i ein lysstolpe utafor huset og held ein apell og slutta slik: "Ein målmann skal ikkje ha blomster, han skal ha potetåker." Så trampa 2000 menneske tvers gjenom stakittet og trampa ned hagen. Namnespørsmålet var på nytt oppe i bystyret i 1930. Då var Lars Saltnessand den einaste som røysta for Nidaros. Han freista i fleire trygdelag å få trygda glasrutene sine, men ingen var interessert i å ta vågnaden. Frå eit av trygdelaga fekk han dette svaret: I anledning av Deres henvendelse av idag om forsikring av vinduer, tillater vi oss å meddele at vi foretrekker å renonsere på omhandlede forsikring." Ærbødigst N.N trygdelag, N.N. adm.dir. Våren 1930 var eg kome med i barneleikarringen i BUL og 17. mai skulle eg væra med på framsyning. Eg hadde fått ny bunad, men fekk ikkje lov til å ta den på heime. Det ville vera for farleg for ein liten gut å vise seg i byen med noko slikt. Bunaden vart pakka inn og eg måtte skifte før framsyninga. Eg slapp relativt lett frå det på skulen jamvel om at det av og til vart ropa "Nidding" etter meg. Berre ein gong kunne det ha blitt meir alvor. Av ein eller annan grunn vart eg pressa opp mot ein vegg, og ein stor flokk ungar samla seg i halvsirkel rundt meg og ropa "Nidding", og var klare til å jule meg opp.Då var det ein annan gut frå klassen som kom til. Han var svært populær, særleg avdi han var så god til å slå ball og til å sparke fotball. Ola Ånjesen trengde seg inn i flokken, og berre med å snakke til dei fekk han flokken til å løyse seg opp. Mange gonger seinare, særleg som jagarflygar under krigen, har han synt seg som ein uredd og rakrygga person. Jamvel om den heitaste striden tok av, var det mange som freista å halde den oppe, no meir som ein aksjon mot nynorsk, slik som dette oppropet syner. Det vart delt ut ved inngangen til Domkyrkja då jubileumskantata skulle førast fram for første gong i 1935.

Fram til sumaren 1928 kan eg ikkje hugse at vi høyrde om særlege ulykker, sjukdom eller dødsfall. Likevel var det vel noko. Eg minnes ein sundag morgon vi vakna og såg at mor hadde fått ein bandasje rundt hovudet. Det som hadde hendt var at mor og far hadde vore på kjelketur laurdagskvelden. Det var den tida populært å dra opp til Fjellsæter, så gjekk turen uten avbråt til Baklia. Dersom det var ekstra godt føre kunne dei også gli over sletta der, og fortsette ned Åsvegen og heilt ned til Ilaparken. Denne laurdagen hadde kjelken skåre ut av vegen og ned i skogen. Mor hadde strekt ut hovedet og treft eit tre. Dei måtte ein tur innom legevakta, men mor var frisk att ganske snart. Elles måtte eg opererast for blindtarm i 1925, og Solveig, ei av døtrene til onkel Karl, døydde på denne tida.

Dei harde 1930-åra

Sumaren 1928 vart det ein snunad. Ikkje lenge etter at mor og far kom att frå middelhavsturen reiste vi som vanleg til hytta på Heimdal. Mor, Borgny, Ragnhild og eg var saman, men ei helg vart mor sjuk. Far var der også i helga, men ingen skyna at det var noko alvorleg så far reiste ned om sundagkvelden. Han ordna med at Beret Berg skulle reise oppover og vera hos oss ungane. Mor reiste sjølv ned til byen om måndagen, og då vart det klarlagt at ho hadde fått eit hjerneslag. Ho var til ymse tider lagt inn på Røde Kors klinikk. Ho var også nokre månader på ein kvileheim på Charlottenlund. Elles låg ho mykje heime, men var også oppe til tider. Ho døydde på Røde Kors klinikk sumaren 1930. På den tid var det ikkje ålmen sjuketrygd for alle. Såvidt eg minnes var det ei grense for inntekt, slik at ingen med høgare inntekt enn 1500 kroner for året kunne koma inn i sjukekassa. Det vil seie at far måtte dekke alle utlegg i samband med sjukdomen. I tillegg kom den alminnelege økonomiske nedgangen frå 1929, med konkursar og arbeidsløyse. Reidar vart arbeidslaus og starta kolonialforretning, men den gjekk dårleg. Asbjørn hadde 3-4 år att av studiet i Oslo. Lånekasse eller stipend eksisterte ikkje. Erling vart ferdig på Handelsgymnaset i 1929, men nokon jobb var ikkje å finne. Istaden reiste han på nyåret 1930 til England for å arbeide i eit fiskeimportfirma i Newcastle eit år. Han braut av opphaldet sumaren 1930 for å koma heim til gravferda til mor. Borgny vart ferdig på skulen, men henne var det stor bruk for heime. Ragnhild tok til på middelskulen, og eg hadde to år igjen på folkeskulen.Det såg etter kvart meir tvilsamt ut med forretningen. Det vart ujamt fiske av sild, og verdet av oppfiska kvantum endra seg svært. Silda kom også inn til kysten på nye stader, slik at Trondheim ikkje lenger vart den naturlege sildebyen. Mange av dei gamle sildefirmaene gjekk konkurs. Det er ikkje rart at far endra seg på denne tida, og det er vel også grunnen til at dei eldre søskna mine og eg har forskjellige minne. Mitt inntrykk er at serleg Alfhild aldri kom over at far vart så sparsam. Eg derimot, som ikkje minnest stort av den gode tida på 1920-talet, reagerte ikkje på det. Når eg tenkjer tilbake ser eg på åra 1930-1934 som kjedelege og lite interessante. Mor var burte, eg hadde ingen bestevener, berre skulekameratar som eg var saman med av og til. Eg trivdes godt på skulen og hadde jamt gode karakterer. Det var liksom vedteke at eg skulle ta fatt på middelskulen. Så kom eksamen og eg fekk 2.0 i rekning, visstnok for første gong. Det gjorde at ikkje kom inn på den kommunale middelskolen. Under tvil tok eg til på Berntzen og Føyns private middelskule. Den var to-årig med undervisning om ettermiddagen frå 14.30 til 19.30. Det var sjølvsagt meininga at vi skulle gjere lekser om føremiddagen. Det høvde dårleg for meg som også den gongen hadde problem med å koma opp om morgonen. Skulen hadde ikkje eksamensrett, så vi måtte gå opp som privatistar i alle fag. Jamvel om eg sto i alle fag, vart ikkje resultatet av det beste. Eg hadde mest lyst til å halde fram på handelsgymnaset, men var sjølv i tvil. Far meinte at eg var så lite motivert at det var best at eg gjorde noko anna. Borgny og Ragnhild hadde sine bestevenninner og var etter kvart så gamle at dei hadde interesser som det ikkje var naturleg at eg kunne delta i. Eg fekk jobb som yngstemann på kontoret til Frosta D/S, der Arne Tvete var leidar. Eg vart verande i to år. Eg vart truleg smitta på kontoret og fekk plauritt våren 1935. Eg gjekk hos lungelege til kontroll og var sjukmeldt i 5 veker. Det var aldri snakk om å ta eit røntgenbilde, og då det i 1940 vart konstatert at eg hadde tuberkulose rekna dei med at det burde ha vore oppdaga i 1935. Likevel var det i desse to åra at tilvære endra seg til det betre. Eg fekk 20 kroner månaden i løn, og var såleis ein "holden mann". For dei første tri lønningane kjøpte eg nye sko og beksømsko, seinare vart det ny sportsdress, så eg vart retteleg kledd opp. Det viktugaste var likevel at eg i 1933 vart gamal nok til å bli teke opp i Bondeungdomslaget. Der fann eg straks gode vener - eit venskap som varde til lenge etter at eg flytta frå Trondheim i 1948, og som framleis varer. Trygve hadde vore formann i BUL i 1932 og 1933 så eg kjente alle dei som sto for styringa i laget gjenom brørne mine. Det var mange gilde tilstelningar og serleg minnes eg stemna i Noregs Ungdomslag i 1936 som vart halde i Trondheim. Den siste dagen på stemna kom Klara Semb og fortalte at det var kome innbeding til Noregs Ungdomslag om å sende ein leikarring til Tyskland. Det var olympiade i Berlin og stort stemne i Hamburg arrangert av "Kraft durch Freude". Turen var lagt opp slik at alt skulle vera gratis frå vi sto på tysk jord. Først var vi i Hamburg nokre dagar, så reiste vi rundt i 14 dagar, mellom anna 3-4 dagar i Rudesheim. Tilslutt møttest vi i Berlin for å vera med på avslutningsseremonien på Olympiastadion. Det var invitert 30 folkedansarar frå Norge, og einaste vilkåret var at vi skulle gå i bunad under heile turen. Invitasjonen kom så seint at Klara Semb berre måtte plukke ut dei som kunne reise på så kort varsel. Det vart ein ring med dansarar frå Trondheim, Oslo og Stavanger. Frå Trondheim fekk Ragnhild og eg saman med 6 andre vera med. Det var bede inn folkedansarar frå mange land slik at vi var over 50 ringar samla på Olympia-stadion til avslutninga. I 1936 vart eg teke opp på handelsgymnaset. Skulen hadde no utvida sitt studieopplegg til 3 år. Etter ein gamal lov frå 1920-åra var det godkjendt at elevar som hadde teke eksamen frå handelsgymnaset kunne få godkjent artium gjennom å ta privatisteksamen i hovudfaga. Handelsgymnaset var den gongen 2-årig. I Trondheim vart det ordna slik at vi formelt tok eksamen frå handelsgymnaset etter to år, så kunne vi konsentrere oss om artiumsfaga det tredje året. Då vi tok til på skulen måtte vi i tur og orden reise oss og fortelje kva for resultat vi hadde i hovudfaga til middelskuleeksamen. Det var berre ein elev som hadde same dårlege resultatet som eg. Handelsgymnaset var på den tida ein framifrå skule med motiverte og flinke lærarar. Vi hadde stor fridom og praktiserte mange av dei tiltak som andre skular enno i 1980-åra strevar med å få innført. Det seier noko om mi eiga utvikling at eg kunne ta eksamen som ein av dei to beste i klassen. No var eg heilt ovanpå med mange gode vener, hadde vore formann i leikarlaget og med i hyttestyret. Det heile såg lyst og triveleg ut, og eg vart teke opp på Noregs Tekniske Høgskule hausten 1939, men først måtte eg ha eit års verkstedpraksis. Den fekk eg på Ørens Mekaniske verksted der eg tok til hausten 1939 og var fram til våren 1940. Det var lite arbeid på verkstaden, så verdien av praksisen var så som så. Det er ikkje til å undrast over at økonomiske spørsmål vart ein vesentleg del av dagleglivet i 1930-åra. Jamvel om far hadde ein rimeleg god økonomi, tok det sjølvsagt på at så mange vener og kjenningar fekk det vanskeleg. Særleg var det eit problem denne tida at det var mange som måtte låne pengar, og som måtte få kausjonistar for å få låne. Det var mange som øydela økonomien sin på å være for uforsiktige med å skrive under for slekt og vener. For å få eit grunnlag til å vurdere tal på, kan eg gjengi ein tabell over prisutviklinga frå ulike tiår fram til 1989:

I 1989 svarte ei 1929-krone til kr 18,60, ei 1939-krone til kr 17,80, ei 1949-krone til kr 11,20, ei 1959-krone til kr 6,90, ei 1969-krone til kr 4.90.

Eg har også sett gjennom Dagsposten for 2.kvartal 1933, og funne desse prisane: Ford Tudor Sedan kr 3.900 Ford 11/6 den nye elegante Ford V-8 kr 6.300 Vognmannsgård i Østbyen kr 6.500 Villa ved Lianvatnet (5 vær., kjøken, 3 1/2 mål tomt) kr 4.500 Mindre gård i Åsveien kr 10.000

Mor og far hadde særeige, og då mor døydde i 1930 måtte det haldast skifte. Det vart delt ut kr 5.000 til kvar av ungane, dvs. til saman kr 40.000,- som skulle svare til om lag kr 700.000 i dag. For oss 3 yngste måtte pengane forvaltas av overformynderiet med Anton Berg som verge. Om det ikkje var noko særskild, fekk vi utbetalt ti kroner for månaden til lommepengar. Eg skulle tru at far også såg med noko uro på korleis det skulle gå når han vart gamal. Alderstrygd vart innført i 1936, men den var behovsprøvd. Først i 1957 vart det innførd alderstrygd for alle over 70 år. Eg minnest far ein gong gav uttrykk for at han aldri hadde kjent seg så trygg på varig inntekt som då. Jamvel om den økonomiske situasjonen i 1930-åra såg vanskeleg ut, var far si interesse for Frosta like stor. No var det i gang eit stort arbeid for å få gjenreist Loktun kyrkje. I eit lite skrift som vart gjeve ut av "Atterreisingsnemnda" i 1950 står det på s.53:

"På møtet i nemnda 9. juli 1935 hos Hans Vold vart det lese eit skriv frå grosserar Johan Hernes, Trondheim. Som gamal frosting har han fleire gonger synt si store interesse for den gamle heilagstaden. Han spør denne gongen om det er råd å få sett inn stolar i kyrkja etter at golvet er lagt." Interessen frå Frosta var stor, og far meinte dette måtte vera ei høveleg oppgåve for utflytta frostingar. Interessen var stor, og far var svært aktiv i samtalar både med arkitekt og andre. Han starta ei innsamling mellom utflytta frostingar i Trondheim. Det lukkast å samla inn det beløpet som var turvande, og stolane kom på plass. Seinare, det var vel i 1939, gav han ein sølv alterkalk (kopi av den gamle som sto på museet i Trondheim) og to store koppar ljosestaker som er plassert på altaret. I 1939 oppretta han gjennom eit testament eit legat på kr 10.000, der rentene skulle delast ut til utdanningsstipend til Frostaungdom.

Krigstid - 1940-åra

Gjenom heile 1930-åra gjekk det rykte om opprustning og krigsførebuing. Tyskland rusta opp, Østerrike og Sudetertyskland vart innlemma i Det Tyske Riket. Vi fekk Munchenforliket med "Fred i vår tid". Då Tyskland gjekk inn i Polen utløyste det krigsærklæring frå England og Frankrike hausten 1939. Hausten gjekk og vinteren med utan at noko spesielt hente. Det var vel nokså vanleg meining at det heile ville gli over denne gongen også. Få trudde i alle fall at Noreg skulle bli trekt direkte inn, men fleire og fleire hendingar burde ha vekt oss. Den 17. februar 1940 gjekk engelske krigsskip inn i Jøssingfjorden og frigjorde engelske krigsfangar frå eit tysk skip som hadde lagt seg til der. Utanriksminister Halvdan Koth var i Trondheim den helga. Han skulle halde foredrag i Studenter-samfundet om kvelden, og brukte resten av dagen til å studere Ibsen-brev på vitenskapsselskapet sitt bibliotek. Det vart eit merkeleg møte i Samfundet. Koth held sitt foredrag. I pausen vart siste dagsnytt-sendinga i radio sendt gjenom høgtalar i salen. Koth haade telefonkontakt med regjeringa- så held møte fram med kunstnerisk og ordskifte. Om kvelden 8. april høyrde vi meldingar om at ein tysk båt var senka utafor sørlandskysten. Det kom meldingar om at fyrlyktene skulle slukkas, først langs sørlandskysten seinare langs heile kysten. Vi budde i Weidemannsvegen nr. 25, med fritt utsyn over heile fjorden. Då som no var eg glad for fritt utsym og fleire gonger kvar dag sto eg i stova og såg ut over byen og fjorden. Det er derfor merkeleg å tenkje på at eg akkurat denne dagen, 9. april 1940, ikkje såg ut i det heile og merka at det låg fleire store krigskip på fjorden. Eg gjekk på jobb som vanleg litt før kl. 7.00, og merka ikkje noko uvanleg. Avisa var enno ikkje kome. På verkstaden hadde eg plass i eit verktøy-bur oppe på loftet. Der sat eg heilt åleine, og merka først ingen ting, men ut på dagen merka eg at det vart litt uro nede i verkstadhallen, og etter kvart stilna maskinene av. Det var nokre av arbeidarane som kom opp og fortalte om tysk okkupasjon, men eg lurte på om dei ikkje freista å narre meg. Først då eg gjekk heim til middag kl. 12.30 tok eg ein tur bortom Bakke bru. Der sto tyske vakter med gevær og handgranater. Det sto også oppslag med store bokstaver; "SKUTT BLIR DEN ". Då først vart eg overtydd om at det var alvor. Det vart slutten på verkstadpraksisen min. Far og husholderska vår, Johanne Willmann, var heime. Dei hadde lese avisa og høyrd på radio og var meir orientert. Flyalarmen gjekk, og i radio var det kunngjeringar m. a. snakka ordføraren og mana til ro. Arbeidet skulle gå som vanleg, og vi måtte følgje dei pålegg som ville bli gitt. Eg hadde vore på sesjon året før, men var blitt stroke av rullane avdi eg hadde havt pleuritt nokre år før. Det var den tid flest mogeleg skulle bli fritrekte frå militærteneste, som den gongen var 36 døgn. Eg gjekk ein tur på byen, for å sjå om eg kunne møte folk som hadde noko å fortelje. Det tok alt til å gå visse rykter om ymse hendingar. Millom dei første var at elevane ved befalskulen var utkomandert om natta, og skulle ha tatt stilling ver Gjevingåsen. Ingen viste noko sikkert, men i radioen kom det støtt nye meldingar. Det vart fort snakk om evakuering. For oss var det snakk om to plassar: det eine var hytta på Heimdal, men den var leigd burt året før. Etter avtale mad den nye leigaren fekk vi lov til å bruke det store loftsrommet, og far og Johanne flytta dit for nokre dagar. Problemet var at tyskerane tok i bruk den store sletta ved Gulosen til flyplass, slik at det vart stor aktivitet rett forbi hytta. Det andre alternativet var at Asbjørn fungerte som prest i Hegra, og disponerte prestegarden. Like ved prestegarden låg Hegra festning som vart ein av dei mest aktive krigsskode-plassane under heile krigen i Noreg, og den som heldt ut lengst. Så vart det ikkje meir snakk om evakuering for oss. Jenny og Bjørg hadde reist til Lensvika, der Jenny hadde skyldfolka sine. Der var det heller ikkje heilt bra, slik det låg til ikkje langt frå Agdenes festning. Det var naturleg for Reidar og meg å ta kontakt med Gildevangen og Bondeheimen. Der var det nokså kaotisk. Heile forretningsstyret og vaktmeisteren var reist frå byen. På heile anlegget var det då berre kvinner att. Anten hadde dei ikkje nokon plass å reise til, eller dei kjende eit ansvar for å halde drifta ved lag. I alle fall sa dei ifrå at dersom det ikkje kom nokon mannfolk og budde der, våga dei ikkje å bli verande. Reidar og eg vart beden om å flytte inn. Vi hadde ikkje anna å gjera, så vi flytta inn. Dei første døgna satt vi nattvakt og passa telefonbordet. Etter kvart var det ein del tyske offiserar som flytta inn på hotellet. Det gjekk greit eit par dagar, med rykter og ein del kjentfolk som kom innom for å prate. Så kom den store panikkdagen, først i Oslo og eit par dagar seinare i Trondheim. Den dagen sa gjentene ifrå at dei ikkje våga å vera ei einaste natt til i byen, og ba om at vi måtte finne ei løysing. Vi visste inga betre råd , enn å få dei plasert på hytta til BUL. Vi rekna med at dei kom til å bu der ei stund, så vi måtte sørge for mat. Det var forbod mot å føre ut mat frå byen, men frå politiet fekk vi løyve til å ta med 400 kg matvarer. Det var ikkje vanskeleg å skaffe, det var berre å forsyne seg frå lageret på Bondeheimen. Så fekk vi lov til å ta halm hos ein lagsmann som hadde gardsbruk på Stavne. Vi hadde nettop fått nye trekk til madrassane på hytta. Dei var av seglduk. Når vi tok dei av og fyllte dei med halm, hadde vi straks dobbelt sett madrassar.Den natta var det 64 personar som overnatta på hytta. Det er sikkert rekord. Det vart ikkje meir uro i byen, og alt dagen etter tok folk til å dra attende igjen. Vi var ei gruppe på vel 30 yngre lagsfolk som held saman under heile krigen, men det har eg skrive meir om i eit "Mimrebrev" som står i 50-års-skriftet for BUL, Nidaros. Dette samværet hadde mykje å seie for oss alle. Det vart eit kameratskap som vaks seg sterkare og sterkare for kvar tid, og som gjorde mykje til at vi kunne halde motet oppe. Eg gjengir derfor brevet frå festskriftet.

"Mimrebrev" frå Toralf Hernes (3 sider - kopiert)

Sumaren 1940 gjekk relativt roleg for seg i Trondheim. Det var ganske bra med varer i butikkane utover våren, og få tenkte vel på at ein skulle hamstre. Tvert imot syntes vi det høyrdest litt komisk ut når tyske soldatar kjøpte opp alle slag varer, til dømes når ein soldat kom ut av ein skobutikk med 5 par damesko, men snart forsto vi at det var alvor. Butikkane fekk ikkje inn nye varer og lagra vart snart tomme. Da var det for seint å tenkje på å hamstre. Eg meldte meg til førstehjelpskurs i Røde Kors. Med armbind kunne eg gå ute under flyalarm, og hadde ogsa plikt til å møte opp. Eg vart som avtala immatrikulert på maskinavdelinga på NTH den 1. september og skulle straks ta til med studiet. Først skulle likevel alle nye studentar på røntgenkontroll for tbc.Det vart førebels slutt på studiet for meg. Istaden vart eg sendt på Ringvål sanatorium. Tuberkulosen var først i 1930-åra sett på som den største faren. Det var stadig fortalt om store søskenflokkar som døydde på kort tid. I ein artikkel i Aftenposten våren 1998 står det såleis "Tuberkulosen var like fryktet før som AIDS er idag. I en tiårs-periode rundt 1930 døde 68000 nordmenn av tæring, som man kalte det. Dette var 60 % av alle som fikk diagnosen tuberkulose". Dette vart noko betre i slutten av 1930-talet, men framleis var det mange av dei som fekk diagnosen som vart heilt utestengt frå kameratflokken, og kanskje også frå søskenflokken av redsel for smitte. Eg var heldig. Ikkje ein einaste av mine vener reagerte negativt. Tvert imot fekk eg ofte besøk av vener og slekt. Eg vart stadig orientert om det som hendte i Trondheim. Eg følte meg slett ikkje dårleg, men på Ringvål var det streng justis med overlege Schram som den myndige leidar. Det var berre å ta det med ro, med gradvis oppøving frå strengt sengeleie til regelmessige kurar fordelt over dagen. Etterkvart fekk vi vere oppe til alle måltider, og også tid til å vere ute og spasere. Eg vart på Ringvål i 8 månader, hadde eit triveleg rom saman med 2 nord-trønderar. Det var stor pågang om plass slik at alle 2-mannsrom var gjort om til 3-manns.og alle 4-mannsrom til 6-manns. Det var stort sett ungdom som var samla og alle var i godt humør. Overlegen var interessert i at vi skulde væra i aktivitet. Vi hadde eit bra bibliotek og eit platearkiv. Det var pasientane som hadde ansvaret for dette, og vi hadde ønskekonsert ein gong for veka. Overlegen hadde god kontakt med Trøndelag Teater og også med andre kunstnerar slik at vi hadde kulturkveld i den store møtesalen ein gong for månaden. Eg kunne ha reist heim tidleg på våren 1941, men trivdest så godt at eg spurde og fekk lov til å vera eit par månader til. Då fekk eg i alle fall nok og god mat. Eg kom heim ut på våren og hadde ikkje noko spesielt å ta meg til. Leikarlaget var aktivt og eg fungerte som formann, og var også formann i ei nemnd for ombygging av Hytta. På dei første 3 månadene var eg 17 turar der oppe. Likevel var ikkje alt like bra. Like før eg reiste frå Ringvål braut det ut ein epidemi av skarlagensfeber og halsbetennelse. Eg gjekk heile sumaren med høg senkning og litt feber. Eg fekk beskjed frå legen om at eg ikkje burde ta til på NTH til hausten. Så var det berre å vente eit år til. Då vart eg utskrive til teneste i sivilpolitiet. Eg delte ei vakt med Asbjørn og vi satt brannvakt oppe i eit tårnkammer i Vår Frue Kirke. Ei merkeleg hending må eg nemne: Ut på hausten vart leikarringen invitert til Hegra. Ungdomslaget skulle ha fest, og vi var invitert til å bu på gardane. Eg kjende meg slett ikkje bra, men hadde god lyst til å reise. Dei fortalde at vi skulle bli teke imot på stasjonen og kjørt til dei ymse stadene der vi skulle bu. Så skulle vi gå på festen, og eg kunne sjølvsagt gå heim når eg ville. Slik gjekk det ikkje. Det var ein sur og kald haustkveld vi tok toget innnover. Så tok vi kofferten i handa og gjekk til ungdomshuset. Der var det ingen som var møtt fram, og ille kaldt var det i salen. Etter ei tid kom det ein kar som tok til å fyre opp i ein stor omn nede ve døra. Omnen vart raud, og etter kvart kom det ein lunk i salen også. Etter kvart kom det også folk som skulle på festen. Som vanleg var det tale og song, og så tok leiken til. Vi dansa oss varme og sveiten sila. Først mellom kl. 2 og 3 om natta kom det ein mann på scena og fortalde kor vi skulle ligge. Ingen hest kom og vi måtte på nytt ta kofferten og beina fatt.Det merkelege var at etter den natta vart senkinga normal og eg kjende aldri meir til stive armar og bein som eg hadde vore plaga med heile sumaren. Det var vel typisk at synet på tuberkulosen endra seg kring 1940. Det var større optimisme, og større voner om å bli frisk att. Dette førte med seg at nokre ildsjeler i Oslo tok til å snakke om ein eigen intersseorganisasjon for pasienter og utskrivne tbc pasienter. Dei tok initiativet til å starte Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon. Ideen vekte interesse, og snart vart det skipa lokale pasientforeningar på dei ymse sanatorier. På Ringvål vart det skipa ein forening våren 1944, og eg vart den første formannen. Då eg kom heim ei tid seinare var også arbeidet igang med å skipe ein lokalforening i Trondheim. Eg vart også første formannen i "Optimisten". M.a. fekk vi etablert ein rekonvalesentverkstad i gamle tysker-brakker på Rosenborg. Der var det høve til å få godt verna arbeid for rekonvalesentar. Det var nok helselegen i Trondheim, dr. Bratt som var initiativtakaren, og fekk det heile igang. Interessa for slike tiltak var stor rundt ikring i landet, og Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon måtte utvide arbeidet sitt. Særleg var det ein forening i Bergen som var svært aktiv. Det var ynskje om å få med distrktsrepresentanter i hovedstyret og eg vart valt inn frå Trøndelag. Min innsats var vel ikkje av den største, men eg var i alle fall med på eit par møter i Bergen der vi vart samde og å kjøpe ein ledig tysk-forlegning på Krokeide utafor Bergen. Der vart det vedteke å etablere ein yrkesskule for rekonvalesentar. Den skulle først vera reservert for tbc. rekonvalesentar, men skulen viste seg å vera levedyktig, og er no teke over av staten som eit tilbod for alle typer rekonvalesente Først hausten 1942 kunne eg ta til på høgskulen for alvor. Eg fekk plass på teiknesal saman med ein triveleg flokk studentar. Eg hadde lese litt av dei teoretiske faga på førehand så det gjekk greit. Eg brukte mykje av tida på salen til å prate med dei andre, og få gode råd om korleis eg skulle gjere dei andre faga. Det gjekk fint til eksamen etter det første året, og eg bestemte meg til å gjera ein god eksamen. Så tok eg hausten 1943 fatt på det andre studieåret. Det varte ikkje lenge. Ut på hausten vart eg på nytt lagd inn på Ringvål. Det kom heilt uventa då eg følte meg heilt frisk. Enno idag har eg ikkje blitt klar over om det verkeleg var turvande, eller om overlegen var redd for utskriving av studentane til innsats for tyskerane eller sending til Tyskland. I alle fall vart det stor uro med stenging av universitetet og også NTH. Også denne gongen vart eg på Ringvål i 7 månader, og trivdes framleis like godt. Då eg skulle ta fatt på studiet pånytt hausten 1944 var høgskulen stengt. Så var det å vente eit år til. Då eg tok til bestemte eg meg til å bli ferdig som best eg kunne utan omsyn til karakterer. Likevel gjekk det relativt bra, mykje ved hjelp av gode vener på teiknesalen. Eg tok eksamen stort sett saman med dei andre, men fekk utsetting med å levere diplomen til februar 1948. Alt våren 1947 vart eg tilsett som assistent på avdeling for maskinteknisk fabrikkdrift. Der var professoratet ubesatt. Første tida var det Jakob Eri som formelt styrte Instituttet, seinare var eg i lang tid åleine på kontoret. Få studentar var det også så eg fekk god tid til å gjera ferdig diplomen. Ut på hausten vart S.P.Andersen tilsett i professoratet og då vart det litt meir å gjera. Diplomen fekk eg levert i februar 1948, slik at eg formelt vart rekna med til 1947-kullet. Dermed har eg heile tida seinare kunne jubilere og feste saman med det kullet eg kjendte meg mest knytta til.

Mørke år

Då eg skreiv saman notatet "Ætteminne", feista eg å ta med det eg sjølv kunne minnast. Fram til 1928 minnes eg som at alt var rolegt og trygt i Tronndheim. Min og familien sin nære omgang var trygg og stabil.
Kort sagt var det onkel Karl som budde i Byåsvegen
med sine 7 ungar, onkel August som budde på Blussu-
volden med sine 6 ungar. I tillegg kom tante Ida og
tante Julie som var gift med Haldor Asklund. Båe budde i Trondheim. Det var for meg ei trygg stor-
familie. Jamvel om vi ungane ikkje hadde nær kontakt
var var vi likevel godt kjende. Særleg avdi Johan, Karl og August dreiv forretningen saman og hadde felles kontor. På den måten var vi støtt oppdatert 
både middag kveld dersom det hadde hendt noko i ei av familiane. Trygve arbeidde og på same kontoret,
Så innan familien dreide alt seg om sild og fisk.
Utanom denne denne nære familien i Trondheim må eg
og rekne Bestemor og Smeden på Frosta saman med familien Risan, med søster til Bestemor, Guru-Anna,
saman med Kristian og 12 ungar som alle budde i Risan.
Til denne kretsen av relativt nær familie må eg og rekne Beret og Anton Berg som også budde i Trondheim. Beret var søskenbarn til mor.
Ein ny flokk nære vener vart knytt til familien
gjenom Bondungdomslaget der alle mine søsken var aktive. Eg var ikkje klar over det den gongen, men
når eg no blar tilbake og ser på kven som hadde ombod eller styreverv i laget, var det utruleg mange som hadde sine røter frå Frosta, og som også langt ute var i slekt med oss.


Såvidt eg minnes var alle stort sett friske og hadde rimelege og faste jobbar. Sjukdom og arbeisløyse var problem som stort sett ikkje angjekk meg. Eg held truleg fast på denne trua lenger enn dei som var vaksne. Ein snunad kom vel i midten av 1920 talet
Jamvel om sildeforretninge framleis gjekk godt og 
mor og far var på reise i middelhavet både i 1925 og i 1928. Kanskje såg far og brørne at vanskar kunne koma, då dei løyst opp hopehavet i forretningen og
starta kvar for seg i 1925.
Det første dødsbudskapet eg minnes kom frå Frosta.
Odelsguten i Risan, Magnus, miste første kona si før 1925. Han hadde då ei dottter som heite Magnhild. Ho vart buande i Risan. Ho var berre nokre år yngre enn Helga som var yngste dattera på garden og gjekk såleis naturleg inn i den søskenflokken. 
Magnus gifta seg pånytt og fekk fleire barn. han var lite interessert i gardsdrifta og held mykje til i 
i Trondheim. Enden på visa vart at han sa ifrå seg odelsretten til Risan, og elste bror hans, Birger, tok over odelsretten. Han var ein dugande og interssert bonde som dreiv garden saman med far sin mange år, til han sjølv overtok garden då faren døydde.
Neste dødsbudskapen kom frå familien til onkel Karl.
Det var ei av døtrene, Solveig, som døydde i 1926
berre 18 år gamal. Eg trur det var tuberkulose 
I så fall eit relativt tildleg i den epidemien som
skulle dra så mange etter seg.
Neste dødsbodskapen kom også frå Risan. Det var ei av døtrene, Klara, som reiste til Oslo for å ta til på sjukepleieskulen å Ullevål. Alle som tok til der måtte vaksineras mot TBC. Det var noko feil ved vaksinen og Klara døydde like etter i 1931.

1930 åra:

2.2 Tida frå 1928 til 1939

Fram til sumaren 1928 kan eg ikkje hugse at vi høyrde om særlege ulykker, sjukdom eller dødsfall. Likevel var det vel noko. Eg minnes ein sundag morgon vi vakna og såg at mor hadde fått ein bandasje rundt hovudet. Det som hadde hendt var at mor og far hadde vore på kjelketur laurdagskvelden. Det var den tida populært å dra opp til Fjellsæter, så gjekk turen uten avbråt til Baklia. Dersom det var ekstra godt føre kunne dei også gli over sletta der, og forsette ned À" Àsvegen og heilt ned til Ilaparken. Denne laurdagen hadde kjelken skåre ut av vegen og ned i skogen. Mor hadde strekt ut hovedet og treft eit tre. Dei måtte ein tur innom legevakta, men mor var frisk att ganske snart.

Elles måtte eg opererast for blindtarm i 1925,og Solveig, ei av døtrene til onkel Karl døydde på denne tid.

Sumaren 1928 vart det ein snunad. Ikkje lenge etter at mor og far kom att frå middelhavsturen reiste vi som vanleg til hytta på Heimdal. Mor, Borgny, Ragnhild og og eg var saman, men ei helg vart mor sjuk. Far var der også i helga, men ingen skyna at det var noko alvårleg så far reiste ned om sundagkvelden. Han ordna med at Beret Berg skulle reise oppover og vera hos oss ungane. Mor reiste sjølv ned til byen om måndagen og då vart det klarlagt at ho hadde fått eit hjerneslag. Ho var til ymse tider lagt inn på Røde Kors klinikk. Ho var også nokre månader på ein kvileheim på Charlottenlund. Elles låg ho mykje heime, men var også oppe til tider. Ho døyde på Røde Kors klinikk sumaren 1930. På den tid var det ikkje almen sjuketrygd for alle. Såvidt eg minnes var det ei grense for inntekt, slik at ingen med høgare inntekt enbn 1500.©kr. for året kunne koma inn i sjukekassen. Det vil seie at far måtte dekke alle utlegg i samband med sjukdomen.

I tilegg kom den almindelege økonomiske nedgangen frå 1929, med konkursar og arbeidsløyse. Reidar vart arbeidslaus og starta kolonialforretning, men den gjekk dårleg. Asbjørn hadde 3©4 år att av studiet i Oslo. Lånekasse eller stipend eksisterte ikkje. Erling vart ferdig på Handelsgymnaset i 1929, men nokon jobb var ikkje å finne. Istaden reiste han på ny©året 1930 til England for å arbeide i eit fiske©importfirma i New©Castle eit år. Han braut av opphaldet sumaren 1930 for å koma heim til gravferda til mor.

   

Borgny vart ferdig på skulen, men henne var det stor bruk for heime. Ragnhild tok til på middelskulen og eg hadde to år igjen på folkeskulen.

I tillegg til alt dette såg det også meir tvilsamt ut med forretningen. Det vart ujamt fiske av sild og verde av oppfiska kvantum endra seg svært. Silda kom også inn til kysten på nye stader, slik at Trondheim ikkje lenger vart den naturlege sildebyen. Mange av dei gamle sildefirmaene gjekk konkurs.

Det er ikkje rart at far endra seg på denne tida,og det er vel også grunnen til at dei eldre søskenane mine og eg har forskjellige minne. Mitt inntrykk er at serleg Alfhild aldri kom over at far vart så sparsam. Eg derimot som ikkje minnest stort av den gode tida på 1920© talet, reagerte ikkje på det.

Når eg tenkjer tilbake ser eg på åra 1930©1934 som kjedelege og lite interessante. Mor var burte, eg hadde ingen bestevener,berre skulekameratar som eg var saman med av og til. Eg trivdes godt på skulen og hadde jamt gode karakterer. Det var liksom vedteke at eg skulle ta fatt på middelskulen. Så kom eksamen og eg fekk 2.0 i rekning, vistnok for første gong. Det gjorde at ikkje kom inn på den kommunale middelskolen. Under tvil tok eg til på Berntzen og Føyns private middelskule. Den var to©årig med undervisning om etter©middagen frå 14.30 til 19.30. Det var sjølvsagt meininga at vi skulle gjere leksar om føremiddagen. Det høvde dårleg for meg som også den gongen hadde problem med å koma opp om morgonen. Skulen hadde ikkje eksamensrett, så vi måtte gå opp som privatister i alle fag. Jamvel om eg sto i alle fag vart ikkje resultatet av det beste. Eg hadde mest lyst på Handelsgymnasiet, men var sjølv i tvil. Far meinte at eg var så lite motivert at det var best at eg gjorde noko anna.

Borgny og Ragnhild hadde sine bestevenninder og var etter kvart så gamle at dei hadde interesser som det ikkje var naturleg at eg kunne delta i.

Istaden fekk eg jobb som yngstemann på kotoret til Frosta D/S der eg vart verande i to år. Eg vart truleg smitta på kontoret og fekk plauritt våren 1935. Eg gjekk hos lunge©lege til kontroll og var sjukmeldt i 5 veker. Det var aldri snakk om å ta eit røntgenbilde og då det i 1940 vart konstatert at eg hadde Tbc. rekna dei med at det burde ha vore oppdaga i 1935. Likevel var det i desse to åra at tilvære endra seg til det betre. Eg fekk 20.©kr i løn, og var såleis ein "holden mann". For dei første to lønningane kjøpte eg nye sko og beksømsko, seinare vert det ny sportsdress, så eg vart retteleg kledd opp.Det viktugaste var likevel at eg i 1933 vart gamal nok til å bli teke opp i Bondeungdomslaget. Der fann eg straks gode vener© eit venskap som varde til lenge etter at eg flytta frå Trondheim i 1948.

Trygve hadde vore formann i B.U.L. i 1932 og 1933 så eg kjente alle dei som sto for styringa i laget gjenom brørne mine. Det var mange gilde tilstelningar og serleg stemne i N.U. i 1936.

I 1936 vart eg teke opp på Handelsgymnaset. Skulen hadde no utvida sitt studieopplegg til 3 år. Etter ein gamal lov frå 1920©åra var det gogkjendt at elevar som hadde teke eksamen frå handelsgymnaset kunne få godkjent artium gjenom å ta privatist eksamen i hovudfaga. Då vi tok til på skulen måtte vi i tur og orden reise oss og fortelje kva for resultat vi hadde i hovudfaga til middelskuleeksamen. Det var berre ein elev som hadde same dårlege resultatet som eg. Handelsgymnaset var på den tida ein framifrå skule med motiverte og flinke lærarar. Vi hadde stor fridom og praktiserte mange av dei tiltak som andre skular enno i 1980 åra strevar med å få innført. Det seier noko om mi eiga utvikling at eg kunne ta eksamen som ein av dei 2 beste i klassen.

No var eg heilt ovanpå med mange gode vener, hadde vore formann i leikarlaget og med i hyttestyret. Det heile såg lyst og triveleg ut, og eg vart teke opp på N.T.H. hausten 1939, men først måtte eg ha eit års verkstedpraksis. Den fekk eg på ÀP Àrens Mekaniske verksted der eg tok til hausten 1939. Det var lite arbeid på verkstaden så verdien av praksisen var så som så.

                  
view all

Toralf Hernes's Timeline

1918
June 7, 1918
Trondheim, Sør-Trøndelag, Norway
1956
1956
Age 37
1966
March 12, 1966
Age 47
Oslo, Norway
1986
April 4, 1986
Age 67
Trondheim, Sør-Trøndelag, Norge
2002
February 9, 2002
Age 83
Oslo, Norway
????