Øystein Olsen Myklebust

Is your surname Myklebust?

Connect to 7,527 Myklebust profiles on Geni

Øystein Olsen Myklebust's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Øystein Olsen Myklebust

Er det dette som er "Spele-Jystein"?

Østen Olsson er ein svært vanleg namnekombinasjon, men det er vel truleg son til Ole Ivarson og Kari Pedersdtr. som er brukar på "Haugane" på Myklebust i åra 1763-1769. Han tok då i følgje bygdeboka over etter Nils Pederson (den same som var g. med Brita Olsdtr, syster til Øystein?). Neste brukar var Sjur Johanson frå Åse i Gaular.

I 1764 blir det utferda skøyter i Indre Myklebust frå Lars Halvorson Hauge (Haugane, Myklebust) til Barbra Susanna Tuchsen (6 m.), frå Nils Pederson (og som kona eigde) til Anna Carina Tuchsen (18 m.) og frå enkja Pernille Olsdtr. til Barbra Susanna Tuchsen (12 m.). Øystein Olsson Hauge skriv under på enkja sine vegne. Dette må vere partane som er nemnde i skiftet etter Ole Ivarson Myklebust (1729), til saman 1/2 laup. Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk, Pantebok nr. II.B.6a (1742-1769), Pantebokside, Side 279, høgre side.

Bygsel (1765) frå Johan Frederich Tuchsen til Øystein Olsson på 18 m. i Indre Myklebust. Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 27 (1762-1774), Rettsprotokollside, Side 254-255, langt nede på høgre side.

Ekstraskatten 1762 for Fjordane inneheld diverre ikkje detaljerte skattemanntal slik som mange andre stader. Restanseregistera i ekstraskatten byrjar med 1763, og nemner Øystein Olsson som brukar på Myklebust åra 1763-1764, 1765-1767 og 1768-1769. Deretter er Sjur brukar 1769-1770 og 1771-1772.

Kona er aldri nemnt i kjeldene, men Øystein får følgjande born på Myklebust:

  • Alis, døypt 15/2 1765
  • Kari, døypt 24/3 1767
  • Peder, døypt 12/5 1771

Øystein Olsson som oppsitjar på Myklebust i 1765: Sunnfjord og Nordfjord futedøme , SAB/A-100029/Y/L0370: Militære ruller, 1757-1765, s. 537 - Fødd kr. 1718.

Øystein Olsson som legdsmann på Myklebust i 1767: Kommanderende general (KG I) med Det norske krigsdirektorium, RA/EA-5419/E/Ea/L0519: 1. Bergenhusiske regiment, 1767, s. 319 - Fødd kr. 1719.

Øystein blir i 1768 stevna av jordeigaren, Johan Friederich Tuchsen for gjeld: Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 27 (1762-1774), Rettsprotokollside, Side 470-471, høgre side.

Det er ikkje klart korleis saka enda, og dåpen i 1771 er siste spor etter Øystein og familien hans på Myklebust.

I 1771 får Sjur Johannesson (Åse) bygsel på jordparten: Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 27 (1762-1774), Rettsprotokollside, Side 650-651, venstre side.

view all

Øystein Olsen Myklebust's Timeline