Anders Sivertsen Øveraas

public profile

Is your surname Øverås?

Connect to 571 Øverås profiles on Geni

Anders Sivertsen Øveraas's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Anders Sivertsen Øveraas

Anders kom åt moster si i Andersgarda i tiårsalderen. Me finn meir om slekta hass der. Det er fortalt at Anders ikkje kom heilt overeins med husbondsfolket sitt - "han var vel noko råstig og sterrig, og ein spissbur, au" - so han reiste like godt nedi Sø'garden og blei verande der. Då han blei vaksen, rådde Anders seg til med ei frakteskute som han tente bra på. I 30-årsaldren hadde han lagt seg opp heile 400 dalar.

Pengane skulle nok brukast til gardkjøp. Avtala var nemleg at Anders skulle ta over etter Amund. Dette skjedde i 1850. Av ein eller annan grunn stend skøytet i namnet til far hass Anders, Sivert Anderson Vike Helset, men det er ingen grunn til å tvile på at det var Anders som i røynda tok over. Det var han som same året gav kår til Amund og Mali. Tradisjonen fortel at Anders gav 800 dalar for garden, og at han laut lane 400 dalar med 'nå Iva Neras i Leirvågja, men i følgje skøytet var kjøpesummen 300 dalar, og eit kår verdsett til 60 dalar over 5 år. - Ei historie knytt til denne gardhandelen fortel mykje om kva kamp det kunne vere for å kome seg inn på em gard. Det var nemleg ein annan kar som au var ute etter garden hass Umunn. I eit bryllaup på Øverås skjenkte han Umunn full og fekk han til å skrive under på ei kjøpekontrakt som var ferdig for høvet. Han Umunn var likevel sopass tenkt for seg at han sette på kontrakten at bror hass, han Ola i Bara, skulle godkjenne handelen for han var gyldig. Han Anders rauk opp i slagsmål med konkurrenten sin då han oppdaga at han var lura. Men so ordna det seg med at Umunn og Anders reiste borti Baret, tvers over Romsdalsfjorden, og fekk Ola til å nekte godkjenning av kontrakten. - I 1851 kjøpte Anders au Fiksdalsstranda, bnr. 1, men han sette seg ikkje til der og selde att i 1854.

Anders gifte seg med Pernille Pedersd. Sølvik. Ho var fødd i Hornindal i Nordfjord, men foreldra hennar flytte ut og kjøpte seg gard i Sølvikjin på Otrøy'n. Pernille hadde vore forlova tidlegare med ein som heitte Gudbrand, men kjærasten bleiv og sonen deira, Peder, blei sokalla "uægte" fødd Guten voks opp på Øveras og reiste sia til Amerika. Han gifte seg med ei fra Sandvika ved Oslo og hadde minst tre born. Anders og Pernille fekk fire born sammen. -l. Marta kom til Neras, bnr. 4. -2. Sivert fekk garden. -3. Lisabet firm me au att på Neras, bnr. 4, men ho og manner flytte inni Eresfjorden etter nokre år. -4. Lasse levde berre nokre veker. - Pernille fekk ein tung lagnad. Ho blei spedalsk og doydde på Reknes hospital i 1864. Det var sikkert etter at Pernille blei sjuk at søster hennar, Gjertrud, kom til Øveras for å ta seg av hus og born. Dette enda med at Anders og Gjertrud fekk ein son, Peder Giert. fodd 1859. Gjertrud tok med seg Barnet og flytte til bror sin, Hans, som hadde garden Øverland ved Molde. Pernille og slekta hennar er elles omtala i ein artikkel i årsskriftet for Romsdal Sogelag 1974, skrevet av Per Øverland.

Livet gjekk vidare. 11867 fekk Anders sonen Hans med Siri Amundsdotter fra Der'inn. Hans finn me att på Øvre Helland, bnr. 8. Anders gifte seg andre gongen med Andrina Andersdotter fra Andersgjerda på Rekdal, bnr. 7. Dei fekk fem born. -1. Peder reiste til Nordland, gifte seg og har etterslekt der. -2. Andrianna blei plassekone i Bakkå på Vestnes. -3. Berit kom på bnr.14. -4. Lasse reiste til Amerika. Han vart gift og hadde tre born. -5. BeritAnna gifte seg med anleggsarbeidar Konrad Walgren. Dei bodde på Vestnes.

Då Anders tok over, var husa på garden ei stor røykstove med kammers i eine enden og eldhus i den andre. Kufjøs, stall og smalefjøs lag kvar for seg. Eit forhus, eller løe, sto au for seg, medan høyløa hass Umunn var nedbrent. Omlag 1850 bygde Anders ny løe og fekk alle uthusa under eit tak. Dette skulle vere første løa i Vestnes der det var bruka spikar og ikkje berre trenaglar. Løa blei reva i 1952. På staua reiv Anders vekk eldhuset og bygde i staden til kjøkken og gang. Til endes her sette han so opp nystaua med loft over. Anders bygde au stabbur.

I 1860-åra fødde dei her på garden 1 hest, 6 naut og 24 sau. Det blei sådd 1/2 tynne bygg, 1/2 tynne blandkorn, 5 1/2 tynner havre og 3 tynner poteter. Avlinga kom då på 4 tynner bygg, 41/2 tynne blandkorn, 30 tynner havre og 20 tynner poteter. Dyrkajorda var vel 16 mål, men i 1870-dra fekk Anders dyrka omlag 10 mål nedai husa. Han hadde opplendingar til å bryte for seg. Ein Knut Brennhol kom att vår etter vår. Denne jorda var nok ikkje teke i bruk endå i 1875, for jordbruksteljinga viser at sånaden var omlag den same som tidlegare. Buskapen var no 5 kyr, 3 ungnaut, 20 lam og 1 gris.

I1890 let Anders skylddele ut bnr. 9 frå det opphavelege bnr. 5, men slik at bnr. 9 kom på 2,09 skyldmark og bnr. 5 på berre 0,30 skyldmark. Hovedbruket blei altso no bnr. 9. I 1895 tok Sivert over bnr. 9, medan Anders sjølv sat att med bnr. 5.

Den 20.juli 1866 kjøpte Anders Tøndergården ved Molde av en Peder Andreas Pedersen. 27.juni 1873 selger han den til S.N.Svendsen og N.M. Haugan.

Under matrikkelrevisjonen i 1866 er anført: Tøndergård eier Peder Pedersen. 15 mål ager, 47 mål eng, utslått eller bøslått til 13½ lass hø.

Sår ¾ tdr. bygg, 7 tdr. havre, 5 td. potet. Avler 6 td. bygg, 40 td. havre, 36 td. potet. 1 hest, 11 kyr, 18 sauer.

1 plassbruk under gården. Skog neppe til brensel, intet til salg. Sånn var ståa på Tøndergården da Anders kjøpte den.

Kilder:

Gards og slektshistorie for Vestnes av Marit og Olav Rekdal sidene 77,78 og 79,

og Bolsøyboka annen del side 270-271 av Jørgen Olavsen-Holm.

Lasse født i 1875 reiste til Amerika:

År       Nr  Dato  F.namn M.namn Etternamn Alder Fødselsår Kjønn Fødestad Heimstad Sivilstand    Yrke        Merknad (Båt)

1893 1981 6/6 Lasse Andersen Øveraas 18 1875 m Vestnæs Vestnæs ug Gaardmsøn Thingvalla

Kilder:

Digitalarkivet: Emigrantar over Bergen frå Møre og Romsdal. [43544/530]

-------------------------------------------------

Øverås, Anders Sivertson Helset

Birth/fødd : 1821 Helset, Vestnes, Møre og Romsdal

Death/død : 1900 Øverås, Gnr. 56, Brnr 9 Der'Sø, Vestnes, Møre og Romsdal

GenderKjønn: Male/mann

Parents/foreldre:

Father/far: Helset, Sivert Lasseson

Mother/mor: Bø, Marit Andersdatter

Family/familie:

Marriage/gift: 1867

Spouse/ektefelle:

Rekdal, Andrina Andersdatter

Birth/fødd : 1835 Rekdal, Gnr. 78, Brnr. 7 Nordigarden II, Andersgjere, Vestnes, Møre og Romsdal

Death/død : 1916 Øverås, Gnr. 56, Brnr 9 Der'Sø, Vestnes, Møre og Romsdal

GenderKjønn: Female/kvinne

Parents/foreldre:

Father/far: Rekdal, Anders Knutson

Mother/mor: Stor-Tomren, Brit Olsdatter

Children/barn:

Øverås, Peder Andreas Andersson

Birth/fødd : 1868 Øverås, Brnr 9 Der'Sø, Vestnes, Møre og Romsdal

Death/død : Nordland

GenderKjønn: Male/mann

Øverås, Andrianna Andersdatter

Birth/fødd : 1871 Øverås, Brnr 9 Der'Sø, Vestnes, Møre og Romsdal

Death/død : Rekdal, Gnr. 78, Brnr. 14 Rekdalsbakken, Vestnes, Møre og Romsdal

GenderKjønn: Female/kvinne

Øverås, Berit Andersdatter

Øverås, Lasse Andersson

Birth/fødd : 1875 Øverås, Brnr 9 Der'Sø, Vestnes, Møre og Romsdal

Death/død : Amerika

GenderKjønn: Male/mann

Øverås, Berit Anna Andersdatter .

Kilder:

http://www.bakkenweb.com/Ancestors/dat37.htm#2

view all 13

Anders Sivertsen Øveraas's Timeline

1821
1821
Helset, Vestnes, Møre og Romsdal
1852
1852
1857
1857
1861
1861
1867
1867
1868
August 6, 1868
Øverås, Vestnes, Møre Og Romsdal, Norge (Norway)
1871
January 2, 1871
Vestnes, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
1875
1875