Is your surname Soldal?

Connect to 268 Soldal profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Hans Soldal

Immediate Family:

Son of Håkon Soldal and Marta Mikjellsdtr. Soldal
Husband of Private
Father of Håkon H Soldal and Private
Brother of Private and Private

Last Updated:
view all

Immediate Family

About Hans Soldal

Født i Grove - Norheimsund. Budde i Straumen fram 1970 då me bygde hus på Norheim, (Norheimsund). I 1988 flytte me inn i Straumen att og budde der til 2006. Då flytta me til Nedre vik i Øystese. Etter å ha gått realskule i Øystese og handelskule på Kongshaug Os, drog eg til Kristiansand og gjekk vidaregåande på Kristiansand Handelsgymnasium. Der treffte eg Astri. Når eg kom heim att i 1967 gjekk eg inn i butikkdrifta og tok over etter får år pga far si svake helse. Handel heldt eg fram med fram til1991. Då fekk eg stilling som kyrkjeverje i Voss. På fritida har det vorte mange engasjement og frivillig arbeid. (sokneråd, fellesråd, prostiråd, songkor, Kvam song og musikksamskipnad, heradsstyre, forliksråd, overformynderi, lønnsutval, administrasjonsutval, Bjørgvin kyrkjeverjelag, mmm) I 1970 vart Håkon fødd og så kom Ragna Helene i 1974. I 1992 melde Astri og eg oss på eit kurs innan Ungdomsfamiliane i Hordaland. Me slapp gjennom nålauga og i tida 1992 til 2010 hadde me 12 ungdomar buande i kortare eller lengre tid. det var mykje lærdom der. I desember 2013 oppdaga legen tegn på prostata og 10/1-2014 fekk eg konstatert prostatakreft. Prostata vart derfor fjerna i robotoperasjon den 3/3-14. Den 29. April fekk eg melding om at kreften var borte. 26/3-2015 køyrde me utfor vegen på Husnes. Bilen ødelagt, men me var så godt som uskadde. Hans vart fråteken førarkortet i eit år på grunn av usikker eller uforklarleg tap av medvit (sovna). Me fekk ny bil 1/6-2015 (same type som den me ødela)

Arbeidsdagen er avslutta den 30/9-2014. Tida frå 1/8-30/9 er eg disopnert for den nye leiinga etter behov.

Om Hans Soldal (Norsk)

Født i Grove - Norheimsund. Budde i Straumen fram 1970 då me bygde hus på Norheim, (Norheimsund). I 1988 flytte me inn i Straumen att og budde der til 2006. Då flytta me til Nedre vik i Øystese. Etter å ha gått realskule i Øystese og handelskule på Kongshaug Os, drog eg til Kristiansand og gjekk vidaregåande på Kristiansand Handelsgymnasium. Der treffte eg Astri. Når eg kom heim att i 1967 gjekk eg inn i butikkdrifta og tok over etter får år pga far si svake helse. Handel heldt eg fram med fram til1991. Då fekk eg stilling som kyrkjeverje i Voss. På fritida har det vorte mange engasjement og frivillig arbeid. (sokneråd, fellesråd, prostiråd, songkor, Kvam song og musikksamskipnad, heradsstyre, forliksråd, overformynderi, lønnsutval, administrasjonsutval, Bjørgvin kyrkjeverjelag, mmm) I 1970 vart Håkon fødd og så kom Ragna Helene i 1974. I 1992 melde Astri og eg oss på eit kurs innan Ungdomsfamiliane i Hordaland. Me slapp gjennom nålauga og i tida 1992 til 2010 hadde me 12 ungdomar buande i kortare eller lengre tid. det var mykje lærdom der. I desember 2013 oppdaga legen tegn på prostata og 10/1-2014 fekk eg konstatert prostatakreft. Prostata vart derfor fjernai robotoperasjon den 3/3-14. Den 29. April fekk eg melding om at kreften var borte. I 2005 selde me bustaden i Straumen og kjøpte Nedre Vik 24. Her budde me til 2015 då me selde Nedre vik 24 til Ragna Helene og kjøpte eit husvære i Bustadklubben i Hatlevegen 25 i Norheimsund. Ei utfordring frå 2005 med ca 470 kvm husvære til dagens omlg 70 kvm

Arbeidsdagen er avslutta den 30/9-2014. Tida frå 1/8-30/9 er eg til disposisjon for den nye leiinga etter behov.

I mai 2016 fekk eg ryggoperasjon, dekompresjon av tre nivå i ryggen. Etter å ha brukt morfinpreparat for å halde smertene på avstand i 4 mnd var det ein suksessfull operasjon. I september 2016 fekk eg operert inn mekanisk ventil for å hindre lekkasjer etter prostataoperajonen , og i september 2017 nakkeoperasjon. Alt til stor hjelp for meg.