![](https://assets10.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1678127079)
![](https://assets11.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1678127079)
Herborg Olsdatter Litlatun vart sitjande aleine med gardsdrifta då mannen døydde i 1815. Ho var ei uvanleg kvinne, handlekraftig og raus. Då Endre døydde, hadde han ein stor flokk kjøpefe på beite, som det vart problem med. På Austlandet var det uår, så det ville bli store tap å senda dei dit. Herborg slakta dei derfor heime, salta kjøtet i tønner og sende det til Bergen, der det vart selt med god forteneste.
Ho dreiv dei to gardane sine så godt at ho kunne gje kvar av sønene sine eigne gardar utan å krevja andre vederlag enn kår. Ho eigde halvparten i Eidfjord kyrkje og passa på at kyrkja var i god stand. Såleis sytte ho for at kyrkja fekk pannetak. Før var ho tekt med bord. Med eigne hender sauma ho alterduk til kyrkja, som er der enno. Ho var og med og kosta to ljosekruner.
Herborg var svært godtgjerande. Kvart år før jul hadde ho for vane å dela ut mat til fattige folk, og det var ikkje få som samla seg kring henne på stabburet. Ho svara 19 spesidaler og 8 skilling i sølvskatt i 1816, og var med det mellom dei største sølvskattytarane i bygda. ( sjå gards- og ættesoge for Eidfjord side 259).
1801 census:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058377001626
1865 census:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038234001236
1785 |
1785
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1805 |
1805
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1807 |
1807
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1809 |
1809
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1812 |
1812
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1815 |
1815
|
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1869 |
1869
Age 84
|
||
???? |
Eidfjord, Hordaland, Norge (Norway)
|