Matching family tree profiles for Johannes Jonsson Fjelde
Immediate Family
-
father
-
mother
About Johannes Jonsson Fjelde
Som nemnt i kommentaren til Jon (far hans), voks Johannes opp på Fjelde og han budder der til seint 93, eller tidleg 1894. I 1894 vart sonen Kristian fødd (3.9.), men eg kan ikkje finne fødselen eller dåpen i kyrkjebøkene for Hosanger. Johannes og familien må såleis ha budd utanfor Hosanger på den tida. Men då Bertina vart fødd (1895), bur dei på Nordås på Osterøy og då Alfred vart fødd (1898) er Johannes paktar på ein gard i Tøsse på Osterøy.
Men Johannes flytta snart vidare og frå Vaksdal bygdebok band 11 kan eg frå avsnittet om gard nr 27 Moen sitera: " Johannes Jonson Fjelle og kona Anna Larsdt. budde her og dotter deira Andrine var døypt år 1900. Johannes Fjelle kjøpte halve garden av Knut f.1870 og budde her eit par år. Johannes og Knut dreiv garden i lag. Johannes kjøpte seg så gard i Ulvik."
I folketeljinga 1900 er Johannes, no med navnet Johannes Moen, oppført som ein av dei to gardbrukarane på Moen. Her går det vidare fram at Adrina var fødd 11.11.1900 i Bruvik (no Vaksdal). Om vi skal halde oss til at dei berre budde her eit pr år, må dette vere mellom 1899 og 1901.
Moen ligg noraust på Osterøy, fleire timars ganga frå sjøen. Det går no bilveg eit stykkje på veg, men framleis er det ca 1 times gange frå bilvegen. For nokre år sidan var Bergit og eg ein tur til Moen og snakka med den noverande eigaren, som er etterkomar etter Knut. Gardsdrifta vart lagt ned kring 1960 og huset er no brukt som fritidsbustad. Han, eller rettare sagt bror hans som var på besøk, hadde høyrt om Johannes og Anna og dei meinte og å ha høyrt at dei ikkje flytta direkte til Ulvik, men at dei budde "nede ved sjøen" ei stund. Det siste har eg ikkje funne noko dokumentasjon på.
I Bygdeboka for Ulvik står det bl. a dette om Johannes under Bagne: "Johannes Jonsson Fjelde (1860-1945) frå Hosanger vart truleg paktar her etter Per. Han fekk kjøpe bruket i 1910 for kr 3750. Johannes var krøtterhandlar." (Her er forresten Adrina blitt til Andreas i opplistinga av ungar). Noko meir er det ikkje å finna i folketeljinga 1910, men av klokkarboka går det fram at Johanna vart konfirmert i Ulvik i 1906 og då vart Bagne oppført som bopel.
Vi veit såleis lite om familien frå 1901 og fram til 1906. Kor lengje budde dei event. "ved sjøen", når kom dei til Ulvik? Kanskje Gunnar kan ha høyrt noko om dette?
Johannes Jonsson Fjelde's Timeline
1859 |
5, 1859
|
Hosanger, Osterøy, Hordaland, Norway
|
|
1893 |
June 1893
|
||
1945 |
1945
Age 86
|
Ulvik, Ulvik, Hordaland, Norway
|
|
???? |
Ulvik, Hordaland, Norway
|