Immediate Family
-
father
-
mother
-
sister
-
brother
-
brother
-
brother
-
brother
-
brother
-
brother
-
brother
About Jon Andersen Fjelde
Jon Andersen Romerheim var fødd på Ytre Hindenes eller Romereim, og voks opp på Ytre Hindenes der foreldra kjøpte ein gard i 1835. Jon kalla seg FJELDE då han gifta seg med Anna i 1855. Dei hadde 7 ungar som voks opp, Knut (1869-) og Anders (1871-) og Kari (1874-) drog til Amerika i h.h.v 1889, 1903 og 1905. Kari var då gift (Flatøy, Frekkhaug) og hadde fire ungar. Av dei resterande fire havna Johannes (vår oldebeste) i Ulvik, Brita (1864) i Meland, Malene (1876) i Bergen og Guri (1866) på Radøy.
Kona til Jon døydde i 1879. Jon gifta seg opp att i 1880 med Anna Olsdtr. Lyngneset,og fekk to born til. Ser også ut til han fekk ein unge med "Pige Brita Olsdtr." i 59, året mellom fødslene til dei to eldste "ektefødde"! Denne ungen, Berge, vart ikkje meir enn tre år gml.
I folketelj. 1865 står Jon oppført som inderst ("hjelper gardbr. med gardsbruket") på garden til Johannes (-1866) og Britha Olsen Fjelde (-1880), som truleg var barnlause. Jon var såleis komen på garden (eller nabogarden) som oldebesten hans frå Vossestrand kjøpte i 1765/1766, og som hadde vore ute av slekta sidan 1843. Kva "stilling" Jon hadde etter 1865, og etter 1880, då Britha Olsen Fjelde døydde, er litt uklart. Sidan Anna Olsdtr. seinare vart føderådskone på garden (sjå nedanfor) tilseier vel dette at ho eller ein av sønene var eigar.
Folketeljinga 1900 viser at det då var komne nye brukarar/eigarar på bruket. Den yngste dottera til dei nye eigarane var fødd i 1898, og Mo Sogn er oppgitt som fødestad for både ho og resten av familien. Dei nye brukarane må såleis ha kome til Fjelde mellom 1898 og 1900. Den andre kona til Jon og den yngste sonen (Annanias) er no oppført som føderådskone (eit slag kår) og dagløna/arbeidar.
Kven som dreiv bruket frå Jon døde (1882) og fram til 1898/1900 er litt uklart, men mykje tyder på at det var enkja til Jon og ungane. Den eldste av ungane, Johannes, var 22 år i 1982 og han budde på Fjelde så seint som i 1893, då det nest eldste barnet hans, Lars, blei fødd. (Men i 1894 var han flytta). Sjølv om Bygdeboka for Hosanger fortel at det budde 2 andre familiar på garden i kortare stunder på denne tida, trur eg vi trygt kan konkludere med at enkja etter Jon, eller ein av ungane hans, var eigarar av garden fram til 1998/1900, då bruket vart seld til ny eigar, med føderådsplikt for Anna, enkja etter Jon.
Jon Andersen Fjelde's Timeline
1835 |
1835
|
Ytre Hindenes, Myking, Lindås, Norway
|
|
1859 |
5, 1859
|
Hosanger, Osterøy, Hordaland, Norway
|
|
1882 |
1882
Age 47
|
Fjelde, Hosanger
|