Matching family tree profiles for Knut Nilsson Aas
Immediate Family
-
daughter
-
son
-
daughter
-
father
-
mother
About Knut Nilsson Aas
Knut Nilsson Ås.
Notatar:
Brukar 1687-1727: Knut Nilson Ås (1656-1727)
1687 g.m. ek. Beret Haldad. Ås (c.1620-1710)
1711 g.m. Agnetta Nilsd. Sørås (c.1676-1767)
Barn: Nils 1712- , Siri c.14- , Brit 19- .
Denne Knut Nilson er sikkert son til Nils Rasmuson Norigaren - ved Ft. 1664 har Nils R. Ås ein son Knut med oppgitt alder 8 år (f. 1656), og denne vår Knut Nilson - som i motsetning til den nokre år eldre gl. Knut Nilson Der Oppe vanleg er skriven u. Knut N. Og u. Knuts alder ved Ft. 1701 er 45 år (f. 1656). Unge Knut N. skulle soleis vere 31 år då han ekta den 67 år gl. enka Beret, som lever til 1710. Og Knut må ha gifta seg opp att straks, for ved Skosk.(?) 1711 er han skriven sor hustru - og 1 tjpg. Og det er all hjelpa, over 12 år, som han då har på garden.
Skiftet etter Knut N. 5-3-1728 fortel at hans enke er Agnetta Nilsd. og hans barn: Nils K., Siri K. og Berit K, Formyndarar er Peder Sørås og Hanibal E1lingseter. Brutto formue 50 rd1, - Begge formyndarane er brørne til enka Agnetta, som vi dermed veit er frå Sørås. At her ingen formyndarar er på farssida viser ogso mot at unge Knut er innkomen utanbygds frå.
Av dei 3 barna til Agnetta og Knut er:
l. Nils 1740 g.m. Mali Olsd. og kjem på Kloppa (Lnr. 131, Brnr.4) Ås. Han er i KB oppgitt å vere 57 år ved sin død i 1771. Etter Regimentsrullen 1743, 46 og 51 er Nils fødd 1711 ell. 12. I Rulle 1746 er han då 35 år, gift, 3 barn, har hatt gård i 10 år og tent i Regimentet i 10 år.
2. Siri, 1745 g.m. Hans Sørens. Stenødegård til Steinaøygaren.
3. Brit får garden. Ho er 30 år ved sin død i 1750.
6) 1729-57 Ole Knutson Skjegstad Ås (1698-1748)
1729 g.m. ek. Agnetta Nilsd. Ås (c.1676-1767)
1729 er i KB ført trolovet: Ole Knudson og enke Agnetta Nielsd. Ås. 19 år seinare har vi Skifte etter Ole Knuds. Ås - enke Agnetta Nilsd. Som einaste arving er reg. "bror Niels Smed på Molde". Brutto boformue 122 rdl. I KB er ikkje Ole ført som død, so vi får ikkje vite hans alder. Men i Munster Roulle 1751 er som Bonde i 50-de Lægd ført "Ole Knudsøn Ås 53 år, tjent" (som soldat). Då dette er 3 år etter Oles død kan ikkje namna på bøndene i Lægda vere så nøye ajourførte, men aldersoppgava kan vere rett nok for det, so omtrent.
Endeleg kjem Rulla i 1748 og lyser opp: "Ole Knuds, Skjegstad 45 år, gårdmand på Aas".
Det er ikkje berre i det militere at Ole Knuts. lever vidare i namnet lenge etter sin død. Som nærmare fortalt(?) under Norigaren kjøpte Ole Knutsen, ilag med dei hine Åskarane, garden sin 1734 av Børge Eeg. Og han vart ståande som "eier og bruger'° av garden i Matr. 1748, 51 og 54. Først i 1757 er Oles Enke ført som eigar og brukar av 1 vog i Ås.
I mellomtid er Agnettas yngste barn Brit Knutsd. i KB 1749 ført g.m. Jon Olsøn Egenes, som tydelegvis flyttar til for å ta over gardsrifta her. Men so vert "denne(?) kvinde Berit Knutsd. Ås" ført død 22-10-1750, barnlaus. Dermed vert då Agnetta sitande med bruket, heilt til 1757.
So fortel PB 1758: "Skjøde fra Jens Ols. Øyegården (g.m. Siri K. As), Agnette Nilsd. og Jon Ols. Vestnes (Egenes) til Niels Knuds. Ås på 1 vog fl. i Ås. Dat. 10-12-57.
Det er altso enka og dei 2 dottermennene til Knut Nilson som her sel sine arveluter i garden til Knut og Agnettas son Nils, som sit med Åsgarden "på Kloppen". Og so skøyter Nils Oppigaren 1 vog i Ås over på sin eldste son Hans - han som hadde odelsretten - ved tgl. skøyte dat. 22-6-63.
Alt ved Ekstraskatten 1762 er på denne åsgarden reg: "Hans Nielsen og Anne Knudsd. eier selv - Værmoder Agnette Nilsd". Meir folkehjelp, over 12 års alder, har dei altso ikkje no på denne bra store garden.
Knut Nilsson Aas's Timeline
1656 |
1656
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1714 |
1714
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1714
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
||
1719 |
1719
|
||
1727 |
1727
Age 71
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1727
Age 71
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|