Matching family tree profiles for Nils Rasmusson Ås
Immediate Family
-
son
-
father
-
mother
About Nils Rasmusson Ås
Nils Rasmusson gifte seg til Nordigarden, Ås.
notatar
Brukar på Nordigarden, Ås 1647-69: Nils Rasmusson...... Ås (1604-ett.69)
c. 1641 g.m. ukjend Guttormsdotter Ås.
Barn: Rasmus c. 1642- , Guttorm c. 44- , Knut c, 49- ,
Ved 6-Dalerskatten 1647 har Nils Rasmusen avløyst Guttorm. Manntala 1664-66 fortel at Nils R. då er 60 år og har sønene Guttorm N, 14 år og Knud N. 8 år. Nils er soleis fødd kring 1605 - og er då sannsynleg son til Rasmus Sørås, brukaren Sørigaren der 1597-1623. Regimentsrullene 166? og 65 har eir. Rasmus Nilsøn Ås ”udskrevet 1661”- og soleis fødd kring 1642.
Vidare fortel Ft. 1701 at både Guttorm og Knut Nilsøner er 7 år eldre enn i 1664 oppgitt, og denne aldersoppgåva høver saman med aldren på Rasmus. Sidan andreguten vart kalla Guttorm er det bra bevisfast at Nils R. kjem inn på garden her ved å ekte Guttorms dotter - og dette altso fleire år før han avløyser svigerfaren som gardbrukaren.
1647 er Nils skriven som brukar av 2 1/2 p i Ås - likt med dei 3 andre Åsbrukarane. Og frå no av skattar alle 4 gardane i halvgardsklassen. Ved Kvegtellingane 1657 har Nils R. endå til største buskapen på Ås (sjå under Der Oppe).
Av Nils sine 3 kjende barn finst
1. Rasmus nemnt berre i Rullene 1663 og 65.
2. Guttorm får farsgarden,
3. Knut vert brukar Oppigaren, som u. Knud Nilsen Ås.
ÅS
Ås finst nemnt i våre kjelder for første gong i Aslak Bolts Jordebog ca. 1420, og då soleis: ”af Nordråss 11 aura b.” På den tid må Ås soleis ha vore kyrkjegods, meir eller mindre, under Nidarosbispen. Men so vert garden borte frå våre sparsomme skriftkjelder til Sølvskatten 1520-21, som har: ”Oluff på Åss 3 lod sølff. oc 3 lod sølff ffor iordegots, sat. - 6 under ibd. 4 skill. sat.”
Det synest soleis alt no vere 2 brukarar på Ås. Og Oluff er reine storkaksen, ogso odelsgodseigar - truleg eig han garden han sit på. Men so vert Ås borte igjen - til Penningskatten 1597. Og der finn vi ført: "Jon på Ås - Størker på Ås", ingen av dei skattskrivne for odelsgods.
1603 har 2 leilendingar på Ås: Jon Ås - Guttorm ibd., ingen av dei eig odelsgods.
Tiendregistret 1607 har: Jon Ås 4 tved. - Guttorm Ås 5 tved. Men frå 1610 har vi fått 4 namngitte brukarar på Ås. Leilendingslistene 1610, 11, 12 13 og 14 har under Ås: Guttorm, Mickel, Peder, Peder.
I 1613 er ogso skattskrivne 3 drenge for 1/2 løn: Oluff Ås, Olluff Ås, Guttorm Ås.
Tienderegistret 1615-16 fortel meir om bruka og brukarane på Ås: "Peder Estesøn Ås 6 1/2 tved, Peder Jonsen ibd. 6 1/2 tv., Guttorm ibd, 9 tv., Michell ibd. 7 1/2 tv.". Og leilendingskt, 1617 har: Guttorm Ås - Peder Noerås "Store Peder ibd. Ledingboka(??) 1620 har: Peder Jons. och Peder Ås 3-4 - Guttorm och Michel Ås 3-4.
Skattemanntalet same år har Guttorm Ås, Michel Ås, Peder Jons. Ås, Store Peder Ås (og Halduor Ås - på Ås-Seter), og so dreng for halv løn Aslack Ås.
Det ser soleis ut til at bruket til Jon Ås av 1603 har vorte delt mellom hans son Peder Jonsen og Store Peder Estens. - medan Størkers bruk har vorte bytt millom Guttorm og Mikkel. Når vi fyl brukarrekka etter Guttorm nedover endar vi i noverande Norigaren på Ås. Og då det er denne Åsgarden som får lågaste løpenummer ved Matriklen i 1838 tar vi for oss den først - utan dermed å ville ha sagt noko om kven som er eldst av dei 4 gamle Åsgardane.
Dei som la på numra kom nemleg innanfrå, slik at innste bruk som regel fekk lågaste matrikkelnumra.
NORIGARDEN - BRNR. 3 ÅS.
1/4 av Ås (på ca. 100 g) i over 200 år.
Lnr. 129 (1-4-7) frå 1838. Frå 1886 Brnr. 3 (2,1)
DNA-slektsgransking
Nils hørte trolig til haplogruppe R1b. Direkte etterkommere i ren mannslinje (far-sønn) kan teste seg på f.eks. Family Tree DNA for å bekrefte dette.
R1b M269+, U106+, Z381+, L48+, Z326+
Nils Rasmusson Ås's Timeline
1615 |
1615
|
omkring 1610-1620, Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1656 |
1656
|
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
|
???? |
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|
||
???? |
Vestnes, Møre og Romsdal, Norway
|