Rasmus Person Underberge, I

Is your surname Underberge?

Connect to 183 Underberge profiles on Geni

Rasmus Person Underberge, I's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

About Rasmus Person Underberge, I

Forsand II, Underberge bruk IIa s.179 nr.8.

Son til Per I Toreson Underberge og kona Astri. Skifte etter Rasmus 24.4.1677. Brukar 1647 - før 1677.

Gift 1) ca. 1640 med Marita Torgersdtr. Byrkja i Årdal (sjå denne), død før 1676.

Gift 2) ca. 1676 med Marita Andersdtr. Byrkja, død 1708, gravlagd 4.3. Dotter ti Anders Kjeranson Byrkja og Marita Finnsdtr. Fevoll. Marita Andersdtr. vart gift 2) med Asbjørn Rasmusson Underberge, som fekk gardsbruket etter Rasmus.

Den andre kona Marita Andersdtr. var av den gjæve ætta frå Byrkja i Årdal herad, tidligare Hjelmeland skipreide. Det veit me. Og den første kona, Marita Torgersdtr. var visseleg av same ætta, vil me tru. Dei konene var nok firmenningar, så kongebrev trongst ikkje.

Farfar til Marita Torgersdtr, kjenner Årdalsboka ikkje namnet på, men det lyt ha vore Ingebret. Ingebret-namnet kom inn i Bergeætta ifrå Byrkja.

Rasmus Person er nemnd som nr.3 av fire brukarar på U-Berge i eit brev frå 1648 i Bergearkivet (brev nr.15 om "Krage" øydegard). I manntal 1649, den prenta skattematrikkel frå 1647, er enkja, dvs mor til Rasmus, førd med 1-1/2 pund korn (=108 mr. smør), og det var heile Toreparten. Manntalet var vel ennå ikkje retta opp med dei nye brukarane.

I manntal 1661 er Rasmus like eins den eine av fire brukarar på garden.

I prestemanntalet 1664 har me Rasmus Person med tenar Anders Torgerson (truleg bror til kona hans?) på dette bruket, og i futemanntalet same året Rasmus Person, nr.2 av 5 brukarar, 50 år.

I Bergearkivet i året 1672 seier borna hans Per Toreson:"Vi to brødre, Rasmus og Tore (=på Toreparten) har alltid skattet av 6 vetter (=108 mrk. smør) og våre granner (=på Rasmusparten) av 6 vetter." Desse to brørne sat på Toreparten, den eine helvta av Underberge, og på den andre helvta, Rasmusparten, sat på denne tida Rasmus Jonson, Rasmus Toreson og Knut Person. Rasmusnamnet hadde spreidd seg slik at det nå sat tre brukarar med same Rasmus-namnet samstundes på Berge-garden.

I manntal 1673 sig og Rasmus på denne parten av Underberge. Det er truleg han som i manntalet vart kalla "Gamle Rasmus". Dei andre vart kalla "Store Rasmus" og "Litle Rasmus".

På skattetinget på Forsand 30.11.1657 står det i tingboka at "Henrik Hansson, borgermester i Stavanger, stevnte Rasmus Person Berge for ei børse som han hadde lånt Nils hovsmed, hvilken børse ennå finnes hos ham. Bør borgermester å følge (=få) sin børse igjen etter loven. RB: 19 kap. Bør Rasmus å søke sin mann og hjemmel, om han kjenner seg missholden."(Tb.A 26,75a).

Rasmus Person Berge vitna og i ei sak som var oppe på tinget 30.11.1671 der Tormod Haukali stemnde Endre Forsand for ein hest som vart drepen. (Tb.Ba 8,25b).

I tingboka for 27.11.1678 står det at "Asbjørn Frafjord stemnde Rasmus Person U-Berge for 8 riksdaler som han var god for Ola Tveit. Denne sak var stevnt til høst-tinget forgangen år.

Da forliktes Rasmus Person seg med forannevnte Asbjørn Frafjord at han skulle betale Asbjørn i gode måte. Der om frem kom å prove Tore Person og Rasmus Toreson Underberge, som provet at nå (om) to år forleden, da leding- og sake-ting ble holden på Nag, hvor forannevnte Asbjørn da hadde stevnt Rasmus Person i rette for samme skyld, da ble de således med hande-band forlikte at Rasmus Person lovte å betale forannevnte Asbjørn i gode måte. Og dermed kom saken ikke videre for retten.

Herpå var Asbjørn Frafjord dom begjærende. Da ettersom det nå med tvenne lovfestede vidnesbyrd Rasmus Person overbeviste å ha lovet forne Asbjørn Frafjord forskrevne 8 rdlr. i all gode måte å betale, Rasmus Eilevson Lyse og Ola Tronson i Bakken provet Rasmus Toresons ord, som nå likker syk, hvis (=det som, hva som) Rasmus Person hadde oppebåret av Ola Tveit for samme skyld, nemlig et øyk for 4 rdlr., en kvern for 3 rdlr. en øks 1/2 dlr. og bygde for hans bror for 1/2 dlr. Herom avsagt det (=at) forne Rasmus Person bør sin løfte å etterkomme etter forskrevne prov og forne 8 rdlr. betale og sin løfte å fyllbyrde etter loven. Eller det av han bo ha å ut-vurderes med Kong. May.sekt".(Tb. Ba 13, 34b.)

24.4.1677 vart det halde skifte etter Rasmus. Marita Andersdtr. var enkja. Det er nemnde 7 born i dei to ekteskapa, med andre kona: Anders og Gunhild. Borna er nemnde i skiftet i den rekkjefylgja som dei er førde her. Av jordegods er oppskrive 14 spann korn (=42 mrk. smør) i Underberge.

Borna var av første giftet:

  • a. Per Rasmusson Underberge, ca.1640-ca.1695, g.ca.1660 m. Åsa.
  • b. Kari Rasmusdtr. (sjå denne), gravlagd 6.4.1727, 85 år. Gift 1) ca.1675 med Ola Torbjørnson Eikeskog. Gift 2) ca. 1680 med Ola Nilsson Eikeskog (sjå denne).
  • c. Astri Rasmusdtr.
  • d. Anna Rasmusdtr.
  • e. Marita 1 Rasmusdtr.
  • f. Marita 2 Rasmusdtr.

Av andre gifte:

  • g. Anders Rasmusson 1677-1702
  • h. Gunhild Rasmusdtr., gravlagd 1.10.1711, gift med Jens Rasmussom Underberge, Haga i Høyland.
view all 14

Rasmus Person Underberge, I's Timeline

1614
1614
Underberge, Forsand, Rogaland
1640
1640
Underberge, Forsand, Rogaland
1645
1645
Fosse, Time, Rogaland, Norge (Norway)
1650
1650
Underberge, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
1650
1677
1677
Underberge, Forsand, Rogaland
1677
Underberge, Forsand, Rogaland
1677
Age 63
Underberge, Forsand, Rogaland
????