Matching family tree profiles for Rognald Olson Erdal
Immediate Family
-
wife
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
-
mother
About Rognald Olson Erdal
Førde bygdebok, bd. 2, side 335: Rognald Olson f. kr. 1602. Sikkert g. 2 gonger, konene ukjende. Siste kona d. 1671. Av borna deira veit vi om:
a. Ole f. kr. 1634, innskriven i Bergen borgarbok 1663.
b. Johannes f. kr. 1644, seinare brukar.
c. Reinhard f. kr. 1654, til Igelkjøn i Fjaler.
d. Peder f. kr. 1657, d. før 1671.
e. Kirsten, gift med Lars Askvoll.
f. Alis, gift med Ole Jensson Ramstad.
g. ei dotter, gift med Ole Olson Rotenes.
Det ser ikkje ut til å finnast bevarte skifte som kan kaste lys over denne huslyden, og om ein ser vekk frå opplysningane frå manntala 1664-1666 er det nok tingbøkene som er kjelde for det meste, trass i at mange av desse er gått tapt. Lensmann Steens skrifter, bd. 3 gjev litt meir opplysningar om korleis ein har tenkt.
På side 17 (Rotenes) og side 24 (Erdal) kan ein lese om ei sak frå 1681. Rognald hadde ei dotter som var g. med Ole Olsson Rotenes. På vårtinget 1681 viste ein del bønder fram bygselsetlane sine, og det går der fram at Johannes Rognaldson hadde bygsel frå 25/3 1679, og at garden 5/5 1675 var bygsla vekk til broren, Reinert Rognaldson med forbehold om at Johannes, som då var i utlandet skulle ha garden når han kom heim. Ole Rotenes påstod å ha lagt ut for at Johannes skulle få garden, og stevna han og svigerfaren for kostnader ved dette. Samstundes stevna han dei for skjellsord i samband med konflikten som hadde oppstått. Det kom då fram at Rognald ovanfor fleire vitne hadde kalla svigersonen Ole Rotenes for tyv og skjelm, og si eiga dotter for den verste djevel. Det går ikkje fram kva dottera heitte.
På side 24 går det også fram at rekneskapen (skattelistene?) for 1657, 1658 og 1659 viser at Rognald eigde ein part i garden Følling på Viksdalen i Gaular. Ein veit med sikkerheit frå seinare kjelder at Reinert Rognaldson Igelkjøn eigde ein part i Følling, og ein kan med dette slå fast at sonen, Reinert er identisk med Reinert Rognaldson Igelkjøn. Steen hevdar vidare at Ole Rognaldson Erdal i MT1664 må vere identisk med Ole Rognaldson som 6/3 1663 vart innteikna i Bergens Borgerbok, trass i at han i MT1664 er oppgitt hos faren på Erdal i Førde.
På side 129 (Ramstad) er det nemnt at på sommartinget på Buanes i 1691 hadde Lars Askevold, som var g. med ei syster av Ole si kone stevna Ole Jensson Ramstad for 5 rdlr. 5 mark som Ole hadde å svare svigerinna i følgje skiftet etter svigermora, slutta på Erdal 16/10 1771. Det finst ikkje skifteprotokollar som er så gamle som dette. Vidare kan ein på side 130 lese om saker på hausttinget 1691 der Ole måtte svare for seg etter at han og familien hadde rive stølshusa til naboane på grunn av ueinigheit om stølsrettane. Her kjem det etter kvart fram at kona hans heitte Alis Rognaldsdtr.
- MT1664: RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 24: Sunnfjord prosti, 1664-1666, s. 182-183 - Raugnild Ols. f. kr. 1604. Søner: Johanis f. kr. 1644. Olle f. kr. 1634.
- MT1664: RA, Fogdenes og sorenskrivernes manntall 1664-1666, nr. 15: Nordfjord fogderi og Sunnfjord fogderi, 1664, s. 54-55 - Roungnild Olss. - f. kr. 1604. Søner: Johaniss f. kr. 1644. Olle f. kr. 1640.
- MT1666: RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 24: Sunnfjord prosti, 1664-1666, s. 210-211 - Ragnild Olsøn - f. kr. 1602. Søner: Reinert Ragnildss. f. kr. 1654. Peder Ragnildss. f. kr. 1657.
Rognald Olson Erdal's Timeline
1602 |
1602
|
||
1634 |
1634
|
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
|
1643 |
1643
|
Erdal, Førde, Sogn og Fjordane, Norway
|
|
1644 |
1644
|
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
|
1651 |
1651
|
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
|
1657 |
1657
|
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
|
1681 |
1681
Age 79
|
Erdal, Førde, Sogn og Fjordane, Norway
|
|
???? |
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|
||
???? |
Erdalen, Førde, Sogn og Fjordane
|