Immediate Family
About Svein Botolvsson Rustung
...alle the knaber ther inde och sædescwenne, Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen av Jo Rune Ugulen
SAK 587: [26. mai 1373], Bergen: Pantebrev frå Svein Botolvsson. Han har motteke 6 pund engelsk av Eirik ....... mot pant i Fimreite (Sog 85) i Ylmeim sokn i Sogn. Garden er på 12 laupsbol, 8 laupsbol i nedre tunet, som han kjøpte av Olav Ånundsson, og 4 laupsbol i øvre tunet som var farsarv. Eirik skal ha denne jorda i åtte år og motta landskyld. Svein skal ha innløysingsrett i åtte år for same sum. Dersom ikkje det skjer går jorda til Eirik og hans arvingar.
Svein Botolvsson er rimelegvis far til Torgils og Botolv Sveinssøner som er handsama nedanfor. Det som gjer dette sannsynleg er eigedomen i Fimreite, som midt på 1500-talet vert setegarden til ein av sønene til Gaute Ivarsson. Truleg er han også identisk med den Svein Botolvsson som i 1381 pantset garden Strand i Ystebø på Mosterøy i Ryfylke til Munkeliv kloster for si eiga gravferd og sjela til Elin, kona hans.1885 Eirik har det ikkje vore mogleg å identifisera nærare, og det same gjeld for Olav Ånundsson