Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
mother
-
father
-
brother
-
sister
-
brother
About Tore Toreson, VI
Forsandboka II, UnderBerge s.116.5. Son til Tore V Toreson U-Berge. Brukar ca. 1560 - ca. 1605, frå 1590 halve garden. Det er truleg Tore VI som er nemnd første gong den 27.6.1591 i eit lagmannsbrev, Bergearkivet nr.14. Det er vel og han som er hovedbrukar i manntal 1563 med skatt 1 daler, og med ein samtidig (under-)brukar Gard med skatt 2 lott sølv. Det er og ein tenestdren Per på U-Berge det året. I brev nr. 3 i Bergearkivet er brukaren på Berge nemnd med fullt namn - Tore Toreson, og han er kalla "beskedelig mand". Brevet er frå 1570, og då skulle han vera ca. 35 år. I neste brev, nr.4, frå ca. 1590 er han og kalla Tore Toreson, og der står det at han er lensmann i Isse skipreide. Han var då i 55-års alderen, nett ein høveleg alder til å vera lensmann. Tore VI var ein av dei 15 nemdarmennene frå Isse skipreide ved kongehyllinga 1591. Då er han og kalla lensmann. I 1596 tok han opp striden om det vollstykket av Berge-garden som urettmessig var kome under Gøysa. Det var Ola Halvorson på Gøysa han fekk å gjera med, som i åra fram til 1611 var brukar på Gøysa, og som var gift med den eine av odelsarvingane til Gøysa-godset. Versøster til Ola var gift med ein Roal, og sonen til Roal, Ola Roaldson Grøssfjell, arva den andre helfta av Gøysa eller Gunnar VI. Ved det første manntalet me har i 1600-åra, nemleg 1603, er Tore kalla "jordeigande bonde", eig 4 laupar smør og svarar 2 dalar i skatt, og sonen Tore VII er leiglending og vert kalla "Ung Tore Underberg" og gjev 1 daler i skatt. Då Tore VI delte garden, fekk to av sønnene hans og ei dotter gardsbruk på U-Berge. Dei tre andre vart gifte til jord annanstads. Ennå var det ikkje tale om å ta opp utgardana, Haukali, Oaland og Rettedal. Borna var: a. Rasmus I Toreson, Vika U-Berge, f.ca.1562, d.ca.1620, g.1)ca.1585 m.Berita, g.2) m. Tyri Eriksdtr. b. Tore VII Toreson U-Berge (sjå denne), f.1564, d.1623. G.m.Gunhild Persdtr. d.1626. c. Valborg Toresdtr., g.ca.1590 m. Gunnar Ormson Hetland i Bjerkreim. d. Astrid Toresdtr. (sjå denne), f.ca.1560, d.f.1624. G.ca.1586 m. Per I Kristofferson Nedre Oftedal, Gjesdal, kanskje son til Kristoffer på Meling. e. n.n. Toresdtr. f.ca.1572, var truleg gift ca. 1595 med Viglei Halvarson Helle, Forsand.
Tore er nevnt i offentlige papirer i 1570, -80 og -96, og var hovedbruker på Berge til ca. 1603. Tore ble gift ca.1555, og hadde minst 2 barn 1) Rasmus 2) Tore, og han var med på kongehøytideligheten i 1591. Tores sønn Tore ble f. ca. 1565 og d. 1622/23, han var lensmann i Isse skipreid før han overtok Toreparten av Berge.
Tore drev hovedbruket på Under-Berge. 8.juni 1591 møtte 5 personer fra Stavanger + representanter for bøndene (lensmenn og to lagrettemenn fra hvert prestegjeld) i Oslo for å hylle den nye kongen, Kristian 4, som var 14 år. Tore var en av disse representantene i kraft av stillingen som lensmann. Hans sønn Tore ble lensmann i Isse skipreid. Da denne stillingen tok slutt ble Under-Berge delt i to bruk. Sønnen Rasmus fikk Rasmusparten og Tore Toreparten.
- Reference: FamilySearch Genealogy - SmartCopy: Mar 13 2018, 23:54:39 UTC
Tore Toreson, VI's Timeline
1535 |
1535
|
U-Berge, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
|
|
1560 |
1560
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1562 |
1562
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1564 |
1564
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1566 |
1566
|
Underberg, Forsand, Rogaland
|
|
1570 |
1570
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1572 |
1572
|
Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1605 |
1605
Age 70
|
U-Berge, Forsand, Rogaland, Norge (Norway)
|
|
???? |
Underberge i Forsand - g og æ bok 2 s 116
|