Immediate Family
-
daughter
-
son
-
father
About Tore Toreson Underberge, VII
Forsandboka II, UnderBerge 176.6 og 118. Brukar av bruk II, Toreparten, ca.1590 - ca.1623, frå ca. 1620 på bruk IIA. Gift ca. 1591 med Gunhild (Persdtr.?). Tore var yngre son til lensmann Tore VI Toreson, som opphaveleg var brukar på heile Bergegarden. Tore VII og far hans Tore VI, skifta garden truleg ca. 1590, då dei eldste sønene var vaksne. Tore VII vart første brukaren på den parten som me har kalla Toreparten. Alt i skattemanntalet i 1603 og visseleg ei god stund tidligare sit han på Toreparten jamsides faren og han er då kalla "Ung Tore Underberg" og "leiglending", medan faren, "Tore under Berg", er kalla "jordeigande bonde", og han sit på hovudparten, Rasmusparten. Det sat soleis ein Tore på kvar av dei to halvpartane av Berge-garden dei siste 10-15 åra før 1603. Men faren døydde like etter, og eldste sonen, Rasmus I, flytta då heim frå Vika til U-Berge og busette seg på faren sitt bruk. Etter Rasmus har me difor kalla dette bruket Rasmusparten. Av tingboka for 9.12.1616 høyrer me at "Tore(VII) UnderBerg var uti rette sevnt for han skulle ha tillagt hans(=sin) brorsønn Gard ibid. at han (Gard) skulle ha tatt ham (ToreVII) noe sildegarn fra. Knut Levik provet med full bokareid at han ikke visste mere av samme sak en at Tore hadde lyst og spurt etter noen sildegarn. Anders Hanssen på Kuholmen provet at hen ei hadde hørt at Tore hadde tillagt noen mann sak for sine garn, men hadde sagt at den kunne vel bo nær hos ham(=ToreVII) som det hadde gjort, så vel som langt fra."(Tb A, 1a,35a eller den prenta tingboka s.35). Den 21.6.1624 var det målstemne på U-Berge. Det var Rasmusfolket på Rasmusparten som hadde stemnt "Gunhilda, sal. Tore VII Toresons etterleverske på UnderBerge" og hennar folk og ville ha ei lovleg deling av dei tre øydegardane. Me høyrer her at Tore er død og får vita litt om kven son høyrde til ætta til dei tor brørne, Rasmus og Tore. (Tb.A7,6b og Bergearkivet, brev nr. 8, 1624). Tore VII er nemnd lagrettemann to gonger, 1627 og 28. Tore gav omlag 1620 frå seg halvparten av dette bruket til den nesteldste sonen Erik, og sat jamsides han på Toreparten. Men Tore livde ikkje så lenge. Det er i røynda berre i skattelista for året 1620/21 at me finn far og son. I skattelista 1623/24 finn me Gunhild. I manntal 1624/25 finn me enkja på bruk IIA og sonen Per I på bruk IIB. I eit manntal frå 1626 er enkja framleis nemnd, men i skattemanntalet 1627/28 har Per teke over bruket hennar. Ho er difor visseleg død i 1626. Då Gunhild delte garden med sonen sin Per, fekk ho i 1625 prosess med versøster si, Valborg Toresdtr. på Hetland i Bjerkreim. Av denne rettsaka får me vita at Gunhild var "en bedaget kvinne" som "stedes av svakhet"(=sjukdom)" og var "ved (=i) sengen liggendes". Og for å hjelpa seg hadde ho "inntatt" ham(=Per) - som eldste sønn på jorden (=garden) - (i den hensikt) den for henne å vinde (=dyrke), (forat) seg med (=av den) å ernære i hennes alderdom og svakhet". (Tb.A8, 20a). Borna var: a. Per I Toreson Haukali UnderBerge (sjå denne), f.1591, d.1640, g.m. Astri. b. Erik Toreson UnderBerge Haukali, f.1593, d.før 1662. c. Svein Toreson UnderBerge, nevnt på U-Berge i 1625. d. Ola Toreson Oaland (sjå denne), f.1596, d.ca.1674. Rydningsmannen og første brukaren på Oaland. e. Tore Toreson Haukali, 1604-1673. f. Anders Toreson, f.ca.1606. g. Anna Toresdtr, f.1608, g.1)truleg med Anders Larsson N.Sunde i Goa skipreide, g.2) ca.1630 m.Lars Andersson Nordre Sunde og bror til første mannen hennar.
- Reference: FamilySearch Genealogy - SmartCopy: Mar 13 2018, 23:54:39 UTC
Tore Toreson Underberge, VII's Timeline
1564 |
1564
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1591 |
1591
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1592 |
1592
|
Underberge, Forsand, Rogaland, Norway
|
|
1593 |
1593
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1595 |
1595
|
||
1595
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
||
1596 |
1596
|
Underberge i Forsand
|
|
1604 |
1604
|
Underberge, Forsand, Rogaland
|
|
1606 |
1606
|