![](https://assets12.geni.com/images/external/twitter_bird_small.gif?1696269371)
![](https://assets10.geni.com/images/facebook_white_small_short.gif?1696269371)
Torger Gullikson, son av Gullik Torgrimson og Elen Stigsdotter, vart fødd i 1766 i Gåsland, Bjerkreim, Rogaland, NOR, vart døypt den 13. apr 1766 i Bjerkreim kyrkje, Bjerkreim, Rogaland, NOR og døydde den 7. jun 1844 i Kleppe, Klepp, Rogaland, NOR, 78 år gamal. Eit anna namn for Torger var Torgrim.
Generelle notat: Torger (eigentleg Torgrim) Gullikson var son til Gullik Torgrimson Berland i Bjerkreim og kona Eli Stigsdotter Odland. Torger var gift første gong 28.06.1791 med Ragnhild Sivertsdotter Folkvår. Dei budde først i Sola på Ølberg der han fekk skøyte frå Reiar Reiarson i 1798 på 18 spann. Men alt året etter selde han bruket til Tolleiv Ådneson. I manntalet for 1801 bur han i Stavanger og heiter då Torger Ølbør. Ragnhild vert då nemnt som gift tre gonger og var 56 år gamal. Ho er kan hende den Ragnel Sjursdotter i Stavanger som vart gift 11.04.1765 med Jens Andersson Frøse. Torger brukte 6 spann av Stangeland i Høyland i tida 1801 til 1803, men flytta sidan til Pollestad i Klepp, der Ragnhild døydde 12.07.1807. Dei hadde ikkje barn. Torger gifta seg opp att 02.02.1808 med Ingeborg Larsdotter frå Ravndal i Gjesdal og fekk seks barn med henne.
Torger gifta seg med Ingeborg Larsdotter den 2. feb 1808 i Gjesdal kyrkje, Gjesdal, Rogaland, NOR.
Barn av dette paret:
38 i. Hans Schanke Torgerson. Hans gifta seg med Taletta Samuelsdotter den 22. mar 1838 i Varhaug kyrkje, Varhaug, Rogaland, NOR.
ii. Elen Serina Torgersdotter vart fødd den 14. des 1824 i Kleppe, Klepp, Rogaland, NOR og døydde i 1884 i Tu, Klepp, Rogaland, NOR 60 år gamal. Elen gifta seg med Daniel Svendson den 13. okt 1843 i Klepp kyrkje, Klepp, Rogaland, NOR. Elen gifta seg så med Rasmus Svendson den 20. mai 1880 i Klepp kyrkje, Klepp, Rogaland, NOR. Dei fekk ikkje barn.
Klepp Gards- og ættesoga gjenom 400 år, 1519-1900, Pollestad, side 193, nr. 25
Torger Gullikson, sjå Klepp nr. 58.
Torger fekk bøgsel 16/3 1807, etter krangel med Ola Torkelson om ein kontrakt dei hadde gjort, og der Ola skulda på at kona ville ikkje flytta frå Pollestad. Førd til 1814.
Klepp Gards- og ættesoga gjenom 400 år, 1519-1900, Kleppe, side 151, nr. 58
Torger Gullikson, son åt Gullik Torgrimson Berland, Bjerkreim, f. 10/12 1758, d. 7/6 1844,
G. I. 6/7 1791 m. Ragnhild Sjursd. som hadde vore gift 2 gonger før, f. 1767, d. 12/7 1807. Ingi born.
G. II. 2/2 1808 m. Ingeborg Larsd., Ravndal 37, Gjestal, f. 1780, d. 1844.
Born:
Torger budde på Ølberg, Håland, på Stangeland 43, Høyland, og på Pollestad. Bytta bruk med nr. 57 og fekk feste på Kleppeholen 22/11 1814.
1766 |
April 17, 1766
|
||
1766
|
Gåsland, Bjerkreim, Rogaland, Norge (Norway)
|
||
1808 |
October 23, 1808
|
Kleppeholen, Klepp, Rogaland
|
|
1811 |
September 22, 1811
|
Pollestad, Rogaland, Norway
|
|
1815 |
April 9, 1815
|
Kleppeholen, Klepp, Rogaland
|
|
1818 |
November 2, 1818
|
Kleppeholen, Klepp, Rogaland
|
|
1821 |
April 27, 1821
|
Kleppeholen, Klepp, Rogaland
|
|
1824 |
February 14, 1824
|
Kleppeholen, Klepp, Rogaland, Norway
|