Start My Family Tree Welcome to Geni, home of the world's largest family tree.
Join Geni to explore your genealogy and family history in the World's Largest Family Tree.

Project Tags

Top Surnames

view all

Profiles

Presentasjon av garden Jondalen (studentoppgave av Aslaug Jegleim): Løpenr 545a, gnr. 48 bnr. 23 Høgt og fritt oppe i åskanten, 750 m.o.h. med utsyn over store delar av Øygardo og Grønliane finn me fjellgarden Jondalen. Mot vest har ein godt utsyn over Hemsedalsfjella,"Storehødn" og "Veslehødn" med det karakteristiske "brudesløret", eit elveleie på 5-7 elvar som renn ved sida av kvarandre ned fjellsida. I sør-vest kan me skimte delar av mektige Hallingskarvet. Det er ein solrik plass, då det ikkje er nokon fjell som stengjer.

Lende er delvis flate åkerlandskap og åkerreiner som er meri brattleinte. Idag blir ikkej jorda nytta slik som i eldre tid. Den blir kun nytta til beiting av storfe, dermed blir jordsmonnet skrint og utpint utna å få tilført næring. Jordsmonnet som består vesentlig av sandjord, raudjord, myr- og svartjord svinn vekk og fjellet kjem meir og meir opp i dagen. Åkrane minker med at kratt og lauvskog veks til i utkantane. Bror min Endre, som no eig og driv garden, har endra bruksform med at han satsar meir på turisme og juletresalg. Difor har han og planta til en god del med grantrær. Jondalen ligg ca 600 m fra fylkesvegen Robru-Hemsedal. Idag er det lett tilkomst til garden med privatbil. Det er vel 3 km til næraste forretning og bussforbindelse. Jondalen ligg i ei lita grend som heiter Kleppsgrenda. Grenda består av idag av 4 gårdsbruk og ein heimstøl, av dei er det kun eit bruk som driv aktivt gardsdrift og det er nabogarden Klepp. Mellom Klepp og Jondalen ligg en heimstøl til Roe, den blir idag kun nytta til beiting. Dei andre 2 gardane heiter Vanberg, tilhøyrande syskenbarnet mitt, Endre A. Jondalen og Steinbråten. Dei driv med litt forproduksjon og elles beiting.

Utmarka til Jondalen ligg vesentlig inntil garden, med unntak av Myrdal so ligg mellom heimegarden og stølen. Utmarka er idag vesentlig planta til med grantre(juletre).

Stadnavnet Jondalen (kilde : Norske Stadnavn, Buskerud.): "Jondalen, uttales jo'nndalen. Er vel et nyere navn sms. med mandsnavnet Jon. Er det gammel, maa første Led være et Elvenavn, enen Jo'n(se NE.S 121 f,), som i Herredsnavnet Jondal i Hardanger(skr. Jonardalr 1330), eller Hjo'n(se NE.S. 103), som i Jondalen i Flesberg(skr i Hioendalum 1429) og Jøndal i Eidsvold(skr i Hionadale RB. 480), eller endelig Ljo'n: sml. Ljonarberg,-nes, -sjo'r, nu Jonsjøen i Herjedalen, Ngl., II489, c 1270. Den første forklaring er visstnok den rigtige, da der er temmelig langt til Vandløb; sml. GN. 12, 2 Johannesdalen."

DEI ELDSTE OPPLYSNINGANE OM ÆTTA VÅR. Kjeld: Boka om Gol, bind vii-A. Jondalen ligg på austsida av Heimsil mellom søre og nordre Klepp. Dette bruket har og vorte skrivi Klepp. Mykje truleg er Kleppsgrenda ei stølsgrend, og at Jondalen har vori støl til den opphavlege Rudgarden på heimre Øygardo. So var det kanskje ein Jon på denne Rudgarden som har lagt att namnet sitt her. Dette at Glomsrud og Steinsrud åtte Jondalen saman, skriv seg nok attende til delinga av denne gamle Rudgarden. Nordre og søre Klepp har nok opphaveleg høyrt til den fremste Rudgarden (Ro). Søre Klepp er sist skilt ut fra Øvre-Ro.

Om nordre Klepp vart det vitna i 1657 at bruket då var slåttemark under Løstegard, som i si tid var skilt ut frå den fremste Rudgarden. I 1761 overdrog Halvor Erlandson all sin rett til Steinsrud.. 3 løb,. til stesonen Ola Guttormson, mot at han fekk til odel og eige halvparten av eit kvernstø, som han sjølv hadde kosta saman med Holtegard, og halvparten "udi Eend Plads Jondsendahlen som Tollef Glomsrud er Eyer af den anden halve deel...". Det fylgde med plassen rett til bygningstømmer, lauving grasing til dei dyra han fødde på plassen, bar - og beiteskog. I årleg svarels skulle Halvor betala i riksort. Ola Guttormson skulle ha fri maling på kverna so lenge han levde.

I 1768 makeskifta Halvor bort halvparten i kvernhuset med innretning"staande i Heimsil Elven" til Tolleiv Olsson Glomsrud, mot Tolleiv sin halvpart" i een Plads kaldet Johnsdahlen liggende Imellom Gaardane Søndre oh Nordre Klep". Det fylgde med "een Sæter Strax ovenfor, med omligen Rødnings Lænde", og rett til bar - og beiteskog, lauving, grasing, bygningstømmer, hamn, neverflekking, brennved, staur og skived. I årleg svarels skulle Halvor betale 2 riksort.

HALVOR ERLANDSON SVANG-STEINSRUD (SVELLO)f. omkr. 1722 d 1733, heiter då Klepp, gift 1743 med enkja Barbo Oldsdtr. Steinsrud d1761, attgift omkring 1762 med Liv Aslaksdtr. Steingngarden f omkr. 1723 d 1802. Halvor hadde ikkje born i nokon av ekteskapa. I ekstraskatten 1762 er Halvor og Liv nemd på ein plass under Gomsrud. I 1722 pantsette pantsette Halvor bruket sitt til Steingrim Løstegard. I 1775 er Liv Aslaksdtr Klepp nemd som fadder. Før 1786 hadde Liv selt bruket sitt. I 1801 held ho til på Turhus og i 1802 på Grønset. Ho døydde som fattiglem. ' 1786 skøytte Anfinn Arneson Grønset (Smedgarden) plassen Jondalen til enkja Margit Eivindsdtr. for 70 spdlr. Anfinn viste no til eit skøyte, men dette har ein ikkje funne tinglest.

MARGIT EIVINDDTR LISLELIEN, frå Sjåheim, f 1734 d 1796, gift 1733 med Hermann Asleson Lislelien f 1737 d 1781.

1789 stemnde Tolleiv Halvorson Brekke enkja Margit Eivindsdtr. Jondalen for innestående skogleige, 48 skill. årleg. I 1794 skøytte Margit bruket vidare til neste eigar. Dette skøyte vart tinglese i 1812, men det vart ikkje rekonstruert etter brannen på skrivarkontoret. Margit kjøpte att Gladhus og flytte dit.

GAMLE SKIKKER I GOL. Her fant jeg en notis fra en hallingavis "Nu" driftet av Anders Mehlum 1894-1932. Utgave 2 fra 1914: " Miste Huva. I Gol havde man før en egen Skik. Var der fødd et Guttebarn i et Hus, skulde ingen Mandfolk gaa ind der, før Barnet hadde været til Daapen. Kom en Mand av Vanvare likevel ind der skulde han miste Huva si. Vilde han have sin Hat eller Hue med sig, maatte han løse den ut med Penge til den nyfødde. Nu tages Skikken ikke saa strengt og omtales mest for moro. Men det tør nok hænde, at mange ednu helst undgaar et Hus, hvor der er en udøpt Gut."

http://www.gol.kommune.no/Tjenester/Kultur-og-fritid/Gol-bygdearkiv/

http://www.norskfolkemuseum.no/no/Utstillinger/Friluftsmuseet/Oscar...

http://www.historier.no/index.php?option=com_sobi2&sobi2Task=sobi2D...