Elling Olsson Villand

Is your surname Villand?

Connect to 339 Villand profiles on Geni

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Elling Olsson Villand

Birthdate:
Birthplace: Hol, Buskerud, Norway
Death: circa 1778 (48-65)
Ål, Buskerud, Norway
Immediate Family:

Son of Ole Tollefsen Opsata and Ragnhild Ellingsdatter Villand
Partner of Mette Persdatter Villand
Father of Kirsti Ellingsdtr Villand; Per Ellingson Villand; Ola Ellingson Villand Dokken; Ola Ellingson Villand and Elling Ellingson Foss
Brother of Tolleiv Olson Villand; Torkjell Olsson Villand; Nils Olson Villand and Margit Olsdatter Villand
Half brother of Halldis Olsdtr. Villand; Tolleiv Olsson; Lars Olson søre Villand nordre Grøvo; Knut Olson Villand and Svein Olson Villand

Managed by: Vidar Henning Rue
Last Updated:

About Elling Olsson Villand

Ein av dei vidgjetne Villandsbrørne, Elling Olson Villand, møtte ei ovfager møy på dansarvollen «i hine hårde dage». Ungmøya var Mette Persdotter Hjermann frå Stydno i Lærdal. Mette vart med ein gong hugteken i den staute karen og sa: «Gud gje du var min». Elling hadde ikkje noko mot det, men det ættegilde folket hennar sa nei. Då rømde ho med han over fjellet. To av brørne hennar sette etter, men dei våga ikkje å ta henne att, for Elling var i full væpning. Då brørne kom så langt at dei såg Villand i Hovet, tykte dei garden gjekk an, og drog heim att.

Det var sommaren 1745 at Elling røva Mette. Året etter vart dei festa i Lærdal kyrkje. Ho var 18 og han 25 år. Slik kom dei saman dei to store ættene — Villand og Hjermann.Neste talar var Sigurd S. Reinton, som tala om Mette og etterkomarane hennar. Mette var bindelekken mellom dei to ættene som no hadde sett kvarandre til stemne. I alle segner som har gått om Villandane, har også Mette hatt eit sjølvsagt rom. Ikkje berre avdi ho vart gift med ein av dei kjende Villandskarane, han Elling Blank-Olason, men fordi ho skilde seg ut frå det vanlege, slik at ho vart lagd merke til og hugsa. Reinton fortalde soga om då Mette og Elling møttest. Somme seier at det var på ein marknad på Lærdalsøyra, andre seier at det var på Hallingskeid, ein stad øvst i Fødalen på fjellet mellom Hallingdal og Lærdal. Dei to vene og staute ungdomane vart hugtekne i kvarandre, og han Elling tok til å vanke i Lærdal. Men ho Mette var av rike og ættegilde folk — og brørne ville ikkje veta av han. (Far til Mette døydde då ho var 12 år.) Til sist kom Elling ridande i full væpning til Stødno og tok kjærasten sin med seg på hesteryggen. — Seinare vart det svært så gildt mellom Elling Villand og Hjermann-karane. Dei sende heile kløvjene med sølvstas og klede til heimefølgje for systera si. Sjølv var Elling byrg av den fagre kona si, som var både storhuga og handlekraftig. Elling var ein velvaksen, sterk og staseleg kar. Han var meister til å danse halling og springar, heiter det. Dei levde fredeleg og lykkeleg saman. Ho berga mannen sin frå mangt eit knipetak når Villandsblodet kom i kok.

Ei modig mor

Det er ei soge om Mette då ho møtte fram på eksisplassen for å hjelpa sonen sin, han Mette-Elling dei kalla. Han var nemleg dømd til å springa spissrot. Saka var den at han hadde møtt krigskommissæren i Gølsvikbrekkun. Krigskommissæren kom i jagarslede og ropte Elling or vegen. Men Elling hadde to gampar med tunge lass, og kunne ikkje koma or vegen. Då slo krigskommissæren til han med svepa. «Slår du ein gong til, slår eg att», sa Mette-Elling. Krigskommissæren slo ein gong til, og så smelte Elling til han så han stupte nedved sleden. Spissrotgang var ein militær straffemåte. Han som skulle straffast, måtte springe med naken rygg 12 vender mellom to oppstilte rekker med soldatar, og for kvar gong skulle kvar mann gje han eit piskeslag over ryggen det hardaste dei kunne. Men då han Mette-Elling skulle straffast, møtte mor hans opp og skjenkte soldatane ein dram kvar. Ho handhelsa på dei også, og i handa deira låg att ein dalar. For dette fekk ho alle til å gje piskane sine ein knekk, så slaga ikkje fall tunge, Då han Elling hadde sprunge tolvte og siste gangen, snudde han seg mot ein flokk jenter som stod der, og gjorde eit hallingkast!


GEDCOM Source

@R453337154@ Ancestry Family Trees Online publication - Provo, UT, USA: Ancestry.com. Original data: Family Tree files submitted by Ancestry members.

GEDCOM Source

Ancestry Family Tree http://trees.ancestry.com/pt/AMTCitationRedir.aspx?tid=156356897&pi...

view all

Elling Olsson Villand's Timeline

1721
1721
Hol, Buskerud, Norway
1749
December 28, 1749
Ål
1752
1752
Hol, Buskerud, Norway
1757
1757
Hol Municipality, Buskerud, Norway
1762
1762
1778
1778
Age 57
Ål, Buskerud, Norway
1851
1851