Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
father
-
mother
-
sister
-
brother
-
brother
-
sister
-
brother
About Nils Olsson Prestgard
Folketeljing i Lom og Skjåk i året 1665; Prestgard: Nils Olsson, 66 år.
Ættebok for Skjåk Band I side 185, Prestgard.
Skjåk Bygdebok #2 (1537-1800), side 54, 97, 107, 113, 120:
Nemnt som kyrkjeverge fram til 1654.
Den yngre broren Nils overtok på Prestgard da Tosten reiste frå Skjåk. Nils synest i likskap med brørne sine å ha vore ein sentral mann i bygda. Det var hjå Nils Prestgard bøndene i Lom og Skjåk samla seg til ulovleg "lønnting" i samband med uroa i Gudbrandsdalen i 1661. Han var på den tida lagrettemann, saman med mellom andre broren Hans Sperstad (ref Aktstykker III:164).
Nokre år tidlegare hadde han vore kyrkjeverge for Skjåk-kyrkja (1651-53), eit verv han hadde overteke etter same broren Hans.
Arveskiftet etter Nils Prestgard er bevart, ref SAH: Skifteprotokoll for Nord-Gudbrandsdal nr. 1 fol.233b (6.6.1671). Noko av delinga vart gjort av enkja og borna sjølve. Nils hadde også lånt ut pengar, i det minste 80 riksdalar til Torgjer Lykre. Denne fordringa fekk åsetearvingen Ola, eldstesonen til Nils, på luten sin mot at mora fekk rentene i føderåd.
Skattemoralen:
Den særskilte karakteren av skatteunndragningssakene - det galdt altså formuesskatt - gjer at det er dei velhaldne gardbrukarane vi møter i sakefallslistene: Johannes Dagsgard, Per Kvåle, Lars Skjelkvåle, alle tekne i 1625, Anders Vigstad (1626), Nils Prestgard med søsken (Guri Prestgards born), Svein og Johannes Skjelkvåle (1634).
Uro i Gudbrandsdalen; Ulovleg tingsamling hjå Nils Prestgard:
Ein gong på forsommaren 1661 hadde bodstikka gått rundt i Lom prestegjeld og mana bøndene til samling hjå Nils Prestgard på Skjåkstrond. Det hadde skjedd utan at korkje fut eller skrivar visste om det. Slike "lønnting" ville øvrigheita slett ikkje ha noko av, og dei ansvarlege for innkallinga vart seinare hardt straffa for det (Morten Krogstad 7 rd, Gudbrand Skeager 7rd, Peder Galde 7 rd, Jon Aukrust og Tore Gaupar måtte sitja 35 veker på Akershus).
Nils Olsson Prestgard's Timeline
1597 |
1597
|
Prestegarden, Dovre, Oppland, Norway
|
|
1640 |
1640
|
Prestgard, Skjåk, Oppland, Norway
|
|
1647 |
1647
|
Prestgard, Skjåk, Lom, Oppland, Norge (Norway)
|
|
1671 |
1671
Age 74
|
Prestegarden, Dovre, Oppland, Norway
|
|
???? |