Immediate Family
-
son
-
father
-
brother
-
sister
-
brother
-
stepmother
About Olav Eriksson Koll, på Indre Nessa
704. Olav Erikson, son av Erik Jakobson og Magnhild Olsdotter, vart fødd cirka 1580 i Nessa indre, Nedstrand, Rogaland, NOR og døydde i 1638 i Nessa indre, Nedstrand, Rogaland, NOR i ein alder av omkring 58 år. Eit anna namn for Olav var Ola Koll.
Generelle notat: Ola Erikson var gift med Kari Bjørnsdotter og dei er nemnde med tre søner. Kari budde som enke på Store nessa og gav skatt etter 1638. I 1647, etter at sonen hadde vel halve garden i bruk, brukte Kari 1 ½ laup 18 merker smør.
Ola vert i 1611 stemna for leigemål med ei tenestejente på garden. Ola budde på Indre Nessa frå 1610 til han døydde i 1638. Han er ne,md i skattelistene frå 1610 til 1637. Ola bygsla 3 laupar smør i 1625/1626, 1628/1629 og 1631/1632. Han var lagrettemann i 1619, 1625 og 1634. Olav Erikson Koll var lensmann i Leiranger skipreide frå 1621-1623. Han fekk godt skussmål av tingalmuen det året. Lenge kan han ikkje ha vore lensmann, for Eiliv Sjurson Baustad var lensmann nokre år tidlegare og etter 1623. I 1622 vart Ola stemna av Bård Aksland på vegne av kona Gjønette Olsdotter for arv han og andre sjølv eller på vegne av konene hadde halde attende.
Ola dreiv mykje med tømmerhandel og selde i åra 1615 til 1620 10 gonger så mykje trelast som grannen Peder på Store Nessa.
Han var representant for Leiranger skipreide som lagrettemann på Ryfylke fjerdingsting på Hesby den 8. august 1616. Olav Erikson er nemnt som lensmann i strida om grensegang mellom Ytre Kvam og Midt Kvam i 1623. Den 15.11.1623 vart Jakob og broren Oluf stemna av presten i Nedstrand for at dei hadde blanda seg inn i saka presten hadde med faren utan at dei var partar i saka. Olav budde på Indre Nessa frå 1610 til 1638, dei første tjue åra som leiglending under faren.
(Sjå også: Rogaland Historie- og Ættesogelag Årshefte 1978 side 130)
Olav gifta seg med Kari Bjørnsdotter cirka 1614 i Årdal kyrkje, Årdal, Rogaland, NOR.
Olav døde før 1639.
Olav Eriksson Koll, på Indre Nessa's Timeline
1590 |
1590
|
Byre Finnøy bok 3 s 367 nr 4.3
|
|
1606 |
1606
|
||
1615 |
1615
|
Fister, Rogaland, Norway
|
|
1620 |
1620
|
Indre Nessa, Nedstrand, Rogaland, Norway
|
|
1624 |
1624
|
Indre Nessa, Årdal, Ryfylke, Norway
|
|
1638 |
1638
Age 48
|
Indre Nessa, Nedstrand, Rogaland
|
|
???? |