Ludvig Holberg, Baron, til Tersløsegaard og Borupgaard

Is your surname Holberg?

Research the Holberg family

Ludvig Holberg, Baron, til Tersløsegaard og Borupgaard's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Share

Ludvig Holberg, Baron, til Tersløsegaard og Borupgaard

Birthdate:
Birthplace: Bergen, Hordaland, Norge
Death: Died in Sorø, Danmark
Place of Burial: Sorø Klosterkirke, Sorø, Danmark
Immediate Family:

Son of Christian Nielsen Holberg and Karen Pedersdatter Lem
Brother of Abel Holberg; Sophie Christensdatter Holberg; Henrik Jørgen Holberg; Peder Christensen Holberg; Edele Thostrup Holberg and 1 other

Occupation: Forfatter, Baron, Dikter (berømt)
Managed by: Private User
Last Updated:

About Ludvig Holberg, Baron, til Tersløsegaard og Borupgaard

Ludvig baron Holberg (1684-1754) var en banebrytende norsk-danske forfatteren. Holberg har blitt kalt "far til dansk litteratur". Holberg var også grunneier og etablert i 1747 Baroniet Holberg av sine egenskaper.

Foreldre: Oberstløytnant Christian Nielsen Holberg (ca. 1620–1686) og Karen Lem (1647–95). Ugift.

Ludvig Holberg var ein hovudfigur i dansk-norsk litteratur på 1700-talet. Han introduserte ei rekkje klassiske sjangrar for sitt publikum og etablerte ved det ei stor kontaktflate mellom dansk og europeisk kultur. Størst betydning fekk hans komiske og satiriske dikting, men han spelte også ei viktig rolle som historiograf og moralfilosofisk essayist.

Holberg var av god familie. Faren, som truleg var bondesøn frå Trøndelag, gjorde karriere i militæret. I fleire år skal han ha vore i venetiansk og maltesisk krigsteneste før han i slutten av 1650-åra kom tilbake for å delta i krigen mot svenskane. 1667 vart han forfremma til oberstløytnant, og same året gifte han seg med Karen Lem, dotter til soknepresten i Fana og dotterdotter til den tidlegare bergensbispen Ludvig Munthe. Omkring 1680 kjøpte Christen Holberg eit bustadhus i Strandgaten i Bergen, og resten av formuen plasserte han i nokre jordstykke utanfor byen. Då han døydde i mars 1686, sat enka att med tre større jenter og tre små gutar. Ludvig var minst av desse, berre femten månader gammal. Seinare på året vart familien råka av eit nytt slag, då hus og innbu gjekk tapt i ein bybrann. Branntomta vart seld, men dei andre jordeigedommane klarte enka å halda på, slik at dei seinare kunne gå i arv til barna.

Ludvig gjekk truleg i tysk skule før han 1694 vart innskriven ved latinskulen. Så kom nok ei ulykke: Mora døydde i ein epidemi 1695; familien gjekk i oppløysing, og barna, som hadde vore under verje sidan faren gjekk bort, vart plasserte rundt omkring. Ludvig kom til Fron i Gudbrandsdalen, der han var eit år – kanskje to – hos ein fetter av mor si, sokneprest Otto Munthe. Etter det budde han resten av skuletida i Bergen, hos kjøpmann Peder Lem, hans onkel og formyndar som hadde sitt hus på Domkirkeplassen, like ved latinskulen.

Latinskulen var på denne tida under god leiing av rektor Søren Lintrup. Latin var hovudfaget og la beslag på fire timar kvar dag. Det var den gamle øvingsretorikken som danna mønster for undervisninga. Bl.a. var lesing av antikkens klassikarar eit fast innslag, og det overordna målet var at elevane skulle kunna bruka latin i samtalar om lærde emne. Også musikk hadde høg prioritet. Skulen stod for song ved andaktar, gudstenester og gravferder, og i tillegg fekk Lintrup i stand instrumentalkonsertar og til og med oratorieframføringar. Holberg gir fleire stader til kjenne ei interesse for musikk, og kanskje har åra på latinskulen vore stimulerande for denne interessa. Men det han framfor alt lærte, var latin, ikkje berre å forstå det gamle språket, men også å bruka det i så vel tale som skrift.

19. mai 1702 vart Bergen råka av ein brann som la store delar av byen i oske, bl.a. gjekk latinskulen med og likeins huset der Holberg budde. Derfor dimitterte skulen så mange elevar som mogleg denne sommaren. Også Holberg drog av stad til København – eit år tidlegare enn planlagt – for å ta studenteksamen og bli immatrikulert. Under sitt korte opphald i hovudstaden valde han professor Poul Vinding som sin privatpreseptor (dvs. rettleiar). Denne hausten vart Peder Lem sjuk og døydde. I desember vart Holberg myndig og fekk oppgjer frå dødsbuet etter onkelen.

Etter studenteksamen hadde Holberg stilling som huslærar hos sokneprest Christen Weinwich på Voss nokre månader, kanskje eit år. Han trivdest ikkje med oppgåva, men nytta tida til å bu seg til kommande studium og eksamenar. Vinteren 1703–04 var han i København og las filosofi og teologi. På den tid var det framleis berre teologi som gav embetseksamen. Teologistudiet hadde ein dogmatisk profil og gjekk i hovudsak ut på å grunngi Luthers lære med sitat frå Bibelen. For å sikra studentane ei viss allmenndanning var det frå 1675 innført også ei førebuande prøve, examen philosophicum, som omfatta elementær kunnskap i ei rekkje fag (gresk, latin, hebraisk, logikk, fysikk, metafysikk, etikk, geografi og astronomi). Det var desse prøvene Holberg budde seg til, og som han gjennomførte våren 1704. I filosofi fekk han høgst ordinær karakter, teologi-prøva gav derimot godt resultat. Etterpå bar det tilbake til Bergen og ny huslærarpost, denne gong hos soknepresten i Fana, Niels Smed, som han kjende frå latinskulen.

Men Holberg slo seg ikkje til ro; han bestemte seg for å dra utanlands, skrapte saman det vesle han hadde – bl.a. kvitta han seg med den jordlappen han hadde fått som arvestykke – og sette kurs for Holland. Sjølv sa han at det var reisedagbøkene til Niels Smed som vekte reiselysta. Men biletet er truleg meir samansett enn som så. Under heile oppveksten hadde Holberg vore knytt til eit geistleg miljø, og som utdanna teolog tente han nå til livets opphald som huslærar hos prestar. Hadde han halde fram i dette sporet, ville det nok blitt prestekall også på han. Men han ville det annleis, og reisa til Holland vitnar om at han prøvde å staka ut ein annan kurs for livet sitt. Sjølve turen kom det forresten ikkje mye ut av. Den var berre tåpeleg, seier Holberg; det var ein jypling som reiste ut, og som måtte venda heim når pungen var tom. Han drog ikkje heim til Bergen – dit kom han aldri meir – men til Kristiansand, der han var vinteren over hos ein tremenning på morssida, kapellan Otto Stod, mot å gi undervisning i engelsk. Neste vår (1706) drog Holberg til Oxford, der han oppheldt seg i over to år. Denne gongen hadde han eit klart mål for auga, nemleg å skriva ei populærvitskapleg innføring i historie og geografi. Han oppsøkte byens store attraksjon, The Bodleian Library, som gav tilgang på all den litteratur han hadde bruk for. Og sannsynlegvis var store delar av hans to første verk ferdigskrivne då han sommaren 1708 kom til København. Det var tredje gong han kom dit, og no kom han for å bli.

Den første tida i hovudstaden var det særleg to professorar som tok seg av han. Den eine var Poul Vinding, hans tidlegare preseptor, som etter å ha gitt han i oppdrag å vera reiseleiar for sonen på ein tur til Dresden, såg til at Holberg fekk stilling som hovmeister (huslærar) for barna til ein av landets mektige menn, geheim- og admiralitetsråd admiral Fr. Giedde. Den same Vinding var nok også medverkande då Holberg for perioden 1709–13 fekk friplass på Borchs kollegium, det mest prestisjetunge av dei fire kollegia i byen. Den andre som tok seg av han, var Christian Reitzer, som opna heimen sin og ikkje minst det eineståande biblioteket sitt for Holberg og andre lovande akademikarar. Reitzer var opptatt av moderne synspunkt i vitskap og moralfilosofi, han var antidogmatisk og såg tankefridom som det høgaste målet for utdanninga. I utlandet hadde han studert naturretten, ei ny retning innanfor rettsvitskapen som tok meir omsyn til kva som ideelt sett var fornuftig og rettferdig enn kva som var etablert praksis i dei enkelte land.

Som mønster for sine to første bøker brukte Holberg eit verk av Samuel Pufendorf, som omfattar både nyare historie og indre forhold i ein del europeiske statar. Men det Pufendorf gjorde i éi vending, gjorde Holberg i to. Introduction til de fornemste Europæiske Rigers Historier gjer greie for historia til ein del europeiske land, og hans Anhang til denne introduksjonen gir ei kulturell beskriving av tre land, England, Holland og Tyskland. Han gjorde også ferdig to andre verk på denne tida. Det eine var eit manuskript til Danmarks-historia for det 17. hundreåret, som Holberg leverte kongen til gjennomsyn 1713 og som gav han både løfte om professorat og stipend til ein større utanlandsreise. Manuskriptet er tapt, men det inngår som del av Dannemarks og Norges Beskrivelse. Det andre var Introduction til Naturens og Folke-Rettens Kundskab, ei dansktilpassa utgåve av naturretten til Pufendorf. Som skabelon for sitt verk brukte Holberg ei popularisert kortversjon som Pufendorf hadde laga til sitt hovudverk, og han fylte ut med eksempel og formuleringar frå sjølve hovudverket. Holbergs verk var sannsynlegvis ferdig 1714, men vart gitt ut først 1716.

Alle desse tidlege arbeida må reknast som usjølvstendige. Den unge forfattaren er bunden av sine førelegg, og det han presterer f.eks. i sitt første historieverk, toler ikkje samanlikning med Pufendorf. Pufendorf er årsaksforklarande, Holberg har ikkje føresetnader for noko slikt; han bruker stoffet anekdotisk og er til tider rett og slett naiv overfor kjeldene. Likevel er dette viktige arbeid fordi dei er dei første i sitt slag i Danmark-Norge. Språket kan nok til tider vera tungt og utydeleg, i alle fall i jamføring med hans seinare prosa, men det er likevel langt meir i samsvar med moderne dansk idiom enn kva som var vanleg skriftpraksis i samtida. Holberg har framfor alt ei evne til å gjera stoffet konkret og anskueleg. Også innføringa i natur- og folkeretten er ny i sitt slag, den vart mye lese og brukt i Holbergs levetid, også som handbok for juristar, og kom i seks opplag i tidsrommet 1716–63. Verket kan dessutan lesast som nøkkel til Holbergs eigen forfattarskap; her formulerer han for første gong ei rekkje tankar om menneske og samfunn som han stadig kom tilbake til seinare.

1712 vart Holberg tildelt Rosenkrantz' stipendium for fire år. Etter forskriftene – som var frå 1622 – skulle løyvinga brukast til opphald ved eit protestantisk universitet i utlandet, slik at stipendiaten kunne styrkast i den rette tru utan å bli forstyrra av det ein kalte eigensindig menneskeleg fornuft. Holberg var ikkje særleg nidkjær i å følgja opp desse intensjonane. Først venta han lenge med å ta ut på reisa; han ville helst vera heime og skjøtta sine interesser i tilfelle eit nytt professorat skulle bli ledig. Og då han omsider kom av garde, var han aldri i nærleiken av lærestader som studerte teologien etter den augsburgske konfesjon. I staden vart det papismens kraftsentra – Paris og Roma – han oppsøkte. Turen varte over to og eit halvt år og må ha betydd mye for utviklinga av ein europeisk horisont hos Holberg. Etter det han sjølv fortel, fekk han nå eit nytt syn på diktekunsten. Før hadde diktinga primært hatt filologisk interesse, no fann han ei djupare meining i den.

I gatene i Roma fekk han sjå italiensk maskekomedie (commedia dell'arte), ei form som skulle setja preg også på hans eigen dramatikk. På Mazarin-biblioteket i Paris såg han folk stå i kø for å sikra seg Pierre Bayles Dictionnaire (1695–97). Bayle retta kritisk søkelys på religion og tru og markerte eit skilje mellom filosofi og teologi. Metoden hans var å presentera ulike syn på ei sak utan å ta stilling til den og på den måten tvinga lesaren til sjølv å tenkja og sjølv gjera seg opp sine meiningar. Bayle kom til å få stor betydning for Holberg, særleg for hans moralfilosofi, men Holberg har neppe studert denne kjetterske filosofen før på eit seinare tidspunkt. Derimot las han Richard Simon, som kritiserer moderne kristendom som eit forfall i forhold til den tidlege kyrkja. Her er tankegods som Holberg skulle gjera til sitt, bl.a. i Kirke-Historie. Også utanfor biblioteka lærte Holberg at dogma var relative. Under Ludvig 14 hadde det vore forfølgingar av hugenottar, og den katolske kyrkja førte ein aggressiv propaganda mot protestantane. Eit senter for slik propaganda i Paris var St. Sulpice-kyrkja, der det vart tilskipa offentlege diskusjonar for å styrka katolikkane i deira tru. Holberg budde like ved denne kyrkja og var ein fascinert tilskodar ved fleire slike debattar.

Holberg kom tilbake til København sommaren 1716 og måtte leva på diverse stipend og støtte i halvtanna år før det vart ledig eit professorat til han. Stillingstrukturen ved universitetet var nokså forskjellig frå i dag. Dei gjevaste professorata gjekk til dei med lengst ansiennitet, slik at det var dei minst populære stillingane nykommarane måtte ta til takke med. Ei liknande ordning gjaldt for lønn. Lønn vart gitt i form av avkastning av eigedommane til universitetet, og dei feitaste lønngods gjekk til dei med lengst ansiennitet. Holberg fekk sitt første professorat i faget metafysikk. Til arbeidsoppgåvene høyrde å forklara såkalla allmennbegrep av typen 'materie', 'tid' osv., og dessutan dei ulike kategoriane i aristotelisk logikk. Det er ingen vitnesbyrd om korleis han gjorde det i denne stillinga. Men ein kan ta for gitt at han ikkje trivdest med jobben, fordi dette var eit stoff han verken hadde greie på eller interesse for. Han venta på betre tider.

Holberg skreiv ingenting nytt i perioden 1715–18. Men brått kom det fart på skrivinga, og etter det han sjølv fortel, var det vreiden som gjorde han til diktar. Den fire år yngre Andreas Hojer hadde i innleiinga til si danmarkshistorie frå 1718 uttrykt seg litt arrogant om den historieboka Holberg hadde gitt ut sju år tidlegare. Holberg vart rasande og kom til å hata Hojer resten av livet. Det var neppe berre denne kommentaren som utløyste sinnet. Same år hadde Hojer også gitt ut ei avhandling om ekteskapslovgiving der han – med naturrettsfilosofane som førebilete – argumenterte for å skilja jus frå teologi og på det viset frigjera moderne rettspraksis frå Mosebøkene. Holberg har nok irritert seg over at det var ein annan som gjekk han i næringa, både som historikar og naturrettsforfattar. Han tok frykteleg til motmæle i to satirar, forfatta på latin og utforma som fingerte disputasar, De historicis Danicis (Danske historikere) og De Nuptiis Propinqvorum (Nærbeslektede ekteskap). Her er det ikkje latteren, men sinnet som rår, og forfattaren skyr heller ikkje ufine knep, bl.a. når han forteier viktige moment hos motparten for å gi armslag for kritikken.

Dette var alt anna enn stor kunst, ikkje desto mindre oppdaga Holberg her ein satirisk nerve hos seg sjølv. På kort tid hadde han skrive delar av det komiske heltediktet Peder Paars og hadde også begynt på arbeidet med nokre verssatirer under tittel Skiemte-Digte. Peder Paars er ei lang forteljing på aleksandrinarvers, der Holberg brukar antikkens helteepos på travesterande vis. Helten er ikkje noko stort menneske som utfører store bedrifter, berre ein kremmar frå Kalundborg som kryssar Kattegat for å vitja kjærasten i Århus. Og som ein Don Quijote set han altfor vidløftige ord på det han kjem ut for. Dei tre første bøkene av Peder Paars vart utgitt separat og etter kvarandre før dei saman med fjerde bok kom i ei samla utgåve. Denne tilblivingshistoria fekk også innverknad på innhaldet. Første bok handlar om at Paars med sitt mannskap strandar på øya Anholt i Kattegat, eit Danmark i miniatyr, og skildringa som blir gitt av folket der – av prest, fut, degn og ikkje minst av universitetet – er ein frisk og uredd samfunnssatire. Dette vekte reaksjon. I ein klage til kongen vart det sagt at boka var usann og burde beslagleggjast. Klagen vart ikkje etterfølgd, men episoden sette ein støkk i forfattaren, og dei neste bøkene var meir forsiktige i sin kritikk. I tillegg endra teksten karakter ved at forfattaren i forord og kommentarar reflekterte over kva satire var og gav lesaren instruksjon om korleis slike tekstar burde lesast. Då historia kom til ein slutt i fjerde og siste bok, hadde den såleis allereie nådd å reflektera over den mottakinga den hadde fått blant publikum.

Samlinga Skiemte-Digte frå 1722 inneheld fem verssatirar. Ein av desse, Critique over Peder Paars, fører vidare debatten frå helteeposet, særleg spørsmålet om kven satiren er retta mot: Satirikaren kan nok nemna namn og stader i fleng, men har ikkje som mål å råka enkeltpersonar, berre menneskeleg veikskap generelt. To andre stykke har eit meir generelt og olympisk blikk på tilværet. Democritus og Heraclitus hevdar at sjølv om menneska har fått fornufta i gåve, oppfører dei seg så tåpeleg at ein ikkje veit om ein skal le, som Demokrit gjorde, eller gråta, som Heraklit gjorde. Apologie for Sangeren Tigellio tar opp eit motiv Holberg aldri vart lei av: det omskiftelege sinn. Horats hadde i ein av sine satirar skildra primadonnanykkene til den romerske songaren Tigellius som om dette var noko særskilt og heilt utanom det vanlege. Holberg forsvarar Tigellius ved å hevda at det ikkje berre er han som er lunefull; alle menneske svingar frå den eine ekstremiteten til den andre. Skiemte-Digte inneheld også to stykke med meir spesifikke problemstillingar. Zille Hans Dotters Forsvars Skrift for Quinde-Kiønnet spør kvifor ikkje kvinner kan få same oppgåver som menn; det er inga fornuftig forklaring på skilnaden mellom kjønna. Og endeleg det stykket som heiter Poeten raader sin gamle Ven Jens Larsen fra at gifte sig, som ikkje er noko åtak mot kvinner generelt, heller ikkje mot ekteskapet generelt, men berre eit varsko om kor farleg ekteskapet kan vera for gamle menn. Kjærleik i ein gammal skrott er som ein kakkelomn i eit snøhus.

1720 overtok Holberg professoratet i latin, ei stilling som bl.a. omfatta arbeid med den klassiske litteraturen. Kan henda har dette gitt han tankar om å skriva komedie sjølv. Men det som utløyste skrivinga, var eit plutseleg og akutt behov for danskspråkleg komedie i København. René Magnon de Montaigu, leiar for ein fransk trupp som hadde vore engasjert ved hoffet, fekk 1722 løyve til å spela dansk komedie i eit teaterhus som ein annan franskmann – restauratør, kokk og altmoglegmann Étienne Capion – nyleg hadde bygt i Lille Grønnegade. Sommaren 1722 fekk Montaigu omsett tekstar av Molière. Samstundes innleia han eit samarbeid med Holberg, som med Peder Paars og Skiemte-Digte hadde vist talent for komedie. På kort tid leverte Holberg ein prøvekolleksjon på fem komediar. Den danske scene opna 23. september med Gniaren av Molière; to dagar seinare, 25. september, var det urpremiere på Den Politiske Kandstøber av Ludvig Holberg. For Holberg var dette innleiinga på ein forrykande produksjon, der han i løpet av ca. tre år skreiv heile 26 komediar, meir enn teateret kunne klara å framføra. Holberg kalla dette for sin poetiske raptus. Ettertida har kalla det eit mirakel.

Holberg-komedien handlar om mennesket som gir avkall på fornuft og lar seg styra av ein narraktig pasjon eller veikskap. Dette utleverer komedien så til latter, oftast ved ein intrige eller eit narrespel som blir sett i verk mot hovudpersonen for å kurera han for hans galskap. I Den Politiske Kandstøber er problemet ein borgar som i staden for å gjera sitt arbeid, sit på kaffihus dagen lang og leiker politikar. I Den Stundesløse er problemet ein som har det så travelt med sine daglege gjeremål at han ikkje får utretta noko som helst. Jeppe paa Bierget handlar om bonden som drikk, Erasmus Montanus om den forleste studenten og Jean de France om ein som beundrar alt fransk og foraktar alt dansk osv.

Holberg-komedien har fleire røter. Den italienske maskekomedien, som Holberg truleg lærte å kjenna i Roma 1715, ligg som regel til grunn. Herifrå hentar han bl.a. eit fast inventar av personar som går igjen frå stykke til stykke: Henrik og Pernille (dei smarte og taleføre tenarane), Arv (den einfaldige tenaren), Jeronimus og Magdelone (svigerforeldra) osv. I gjeld til maskekomedien står også intrigen – narrespelet – som Holberg gjer mye bruk av, men som likevel ikkje er så viktig for det enkelte stykket som heilskap. Det som gjer inntrykk hos Holberg, er karakterar, situasjonar, replikkar. Han er best når han følgjer Molière og bruker dei tekniske grepa frå maskekomedien til å utdjupa karakteren (Den Politiske Kandstøber, Den Vægelsindede, Jeppe paa Bierget, Den Stundesløse, Mester Gert Westphaler, Jean de France, Jacob von Tyboe, Erasmus Montanus o.a.).

Holberg skreiv mange karakterkomediar tidleg i sin poetiske raptus, men etter kvart også ein del intrigekomediar, dvs. stykke der det er det intrigerande tenarpar som står i sentrum. Grønnegade-teateret klarte ikkje å halda på eit stort publikum berre med karakterkomediar, og fleire av stykka til Holberg er skrivne med spesielt omsyn til aktuelle situasjonar. Lystspelet Den 11. Junii er eit bestillingsverk skrive til termindagen (fastsett dato for betaling av renter og avdrag) – den 11. juni – 1722. Tilsvarande med stykket Mascarade, det vart skrive til fastelavn 1724. Einaktarane Det Arabiske Pulver, Juele-Stue, Diderich Menschen-Skræk (og seinare Den Forvandlede Brudgom og Sganarels Reyse) skulle brukast som etterspel, dvs. ei lett og munter avrunding på førestillinga. Dessutan er det dans og opptrinn i ein del av stykka. Den danske scenen konkurrerte med både opera og andre teaterformer. Hos Holberg blir dette reflektert i ei rekkje parodiar. Kilde-Reysen parodierer opera, Melampe fransk tragedie, Ulysses von Ithacia det tyske buldrande drama, Det Lykkelige Skibbrud barokkens leilighetsdikting.

Hos Holberg utspeler handlinga seg i lågare sosiale lag enn hos Molière og andre. Han bruker eit folkeleg språk og viser eit stort register av erfaringar. Komedien bør framstilla heimlege lokalitetar, seier han, eit program han sjølv lever opp til. Han tar oss med på te- og kaffihus der folk røyker, drikk, speler kort, les aviser, diskuterer politikk. Han viser oss byens skitne og møkkete gater der folk er ute i høgst forskjellige ærend. Nokre står i kø ved byporten (Vesterport), på veg til Blegedamme og St. Jørgens Sø, andre skal til Raadhuset eller til Børsen. Ein bedemann skal ut og fri, ei tenestejente held utkikk frå eit vindauga, to fruer i hest og vogn skal på barselvisitt, eit lystig selskap er på veg til maskerade, eller til julefest. På kollegiet Regensen er det slagsmål mellom militære og studentar, ved skafottet på Nytorv må byens lause fuglar stå i halsband (gapestokk), og i Helligåndskirken går klokkene når det er gravferd for ein av byens borgarar. Det har blitt sagt at viss København sank i jorda – eller i havet – og alle kjelder gjekk tapt, skulle det likevel vera mogleg å danna seg eit bilete av livet der, berre ein fann komediane til Holberg.

1720 vart Holberg medlem av Konsistorium, som i tillegg til å vera øvste styringsorgan for universitetet også hadde andre oppgåver; bl.a. tok rådet hand om boksensuren, og det fungerte som domsstol i ekteskapssaker. Holbergs debut var rett nok ikkje så strålande. Då han skulle forfatta eit program for ein promosjon av kandidatar, måtte rådet forkasta det framlegget han kom med, fordi det kunne oppfattast som satire mot universitetet. Han fann seg likevel godt til rette med administrative oppgåver og vart etter kvart ein sentral figur i styre og stell. Protokollføring og anna pliktarbeid som vanlegvis gjekk på rundgang, ville han helst vera forutan, og han fekk også ordna det slik at kollegaen Hans Gram tente som dekanus i hans namn i to periodar (1723–24 og 1728–29). I sine vota og erklæringar er Holberg konservativ, i vanskelege spørsmål forsiktig. I forordet til komediane frå 1723 hadde han forsvart seg mot tenkte angrep og hevda at det ikkje var imot ein persons stand og verdighet å skriva komedie, heller ikkje usømeleg eller uanstendig å la seg bruka til teatralske øvingar. Spørsmålet var både aktuelt og kontroversielt. Det hadde vekt forarging på universitetet at studentar – dvs. kommande prestar – hadde latt seg bruka som skodespelarar. Og då Konsistorium same året tok stilling til om studenten Jens Høiberg skulle utvisast frå Valkendorfs Kollegium pga. sitt arbeid på scenen, var Holberg på parti med fleirtalet og hadde ingen merknader til ein streng dom. Holberg var lite engasjert i undervisning; han gjekk til slike oppgåver med ulyst og hadde neppe heller temperament for praktisk pedagogisk arbeid. Ein student seier at Holberg “ville gøre os den største Tjeneste, hvis han tav stille”.

Våren 1725 drog Holberg på ny til Paris. Dette var hans femte og siste utanlandsreise, og han var borte eit år. Med seg i kofferten hadde han eit par av sine komediar i fransk omsetting, bl.a. Den Politiske Kandstøber. Han var merksam på at oppsetjingar i utlandet kunne gi gode inntekter og tok kontakt med leiaren for den italienske truppen i Paris, Luigi Riccoboni, i håp om å få stykket oppført. Holberg seier at han fekk lovord for arbeida, men fann ingen som ville setja dei opp.

Mot slutten av 1720-åra tok Holberg opp igjen arbeidet med historieskriving, og i løpet av 10–15 år gav han ut ein serie store, til dels ruvande verk. Det begynte med Dannemarks og Norges Beskrivelse 1729, eit forsøk på ei brei kulturhistorisk framstilling av tvillingrika – av land, folk, konstitusjon, næringsliv, religion, utdanning. Holberg følgde denne planen eit stykke utover i verket og gjorde også nytte av nyare forsking i denne delen, bl.a. arbeida til Thomas Bartholin, Tormod Torfæus, Ole Worm og Árni Magnússon. Men midtvegs kjem eit brot; framstillinga skiftar heilt karakter og går over til tradisjonell kongehistorie, med vekt på utanrikspolitikk og krigar. Det som har skjedd, er at Holberg har sett inn sin gamle kongehistorie, den som han føreviste kongen 1713 og som hadde lege upublisert sidan då.

Langt meir heilstøypt var Dannemarks Riges Historie, som kom ut 1732–35, det største historieverket til Holberg, omtrent like omfattande som alle hans komediar til saman. Første halvdel dekkjer perioden fram til 1588, andre halvdel tidsrommet 1588–1670 (der historia sluttar). Medan Holberg i første del kunne dra nytte av eldre historieverk, måtte han i andre del klara seg utan slik støtte og sjølv byggja alt opp frå grunnen. Derfor vart framstillinga i denne delen detaljert, med hyppige sitat frå dokument og aktstykke. I lys av at forfattaren gjorde bruk av eit stort kjeldetilfang, også nyare forsking, er det særleg hans evne til syntese som er imponerande. Holberg disponerer det store stoffet med sikker hand. Verket er inndelt i periodar, kvar med ei kulturhistorisk oversikt, og han fortel i ein lett, kåserande stil.

I 1730-åra konsoliderte Holberg sin akademiske posisjon. 1730 fekk han den stillinga han trakta mest etter, professoratet i historie. Forutan si monumentale danmarkshistorie publiserte han også to lærebøker på latin, éi i geografi og éi i historie. Han fekk viktige representative oppgåver; 1730 heldt han minnetale over Frederik 4, og 1735–36 var han universitetets rektor. Men dette var samstundes ei tid der han på ny kom til eit vegskilje. Han viste stadig større interesse for økonomisk-administrative oppgåver: Han var forretningsførar for Elers kollegium 1731–36 og for Foss' legat 1732–36. Og på universitetet overtok han 1737 det viktige vervet som kvestor (forretningsførar), eit verv han hadde heilt fram til 1751.

Som faghistorikar hadde han derimot sine begrensningar. Det var på hans tid den såkalla kjeldekritikken vart utvikla som metode, og det var dei han hadde rundt seg, ikkje minst kollega Hans Gram, som var frontfigurar i denne prosessen. Men Holberg bøygde av frå kjeldekritikken; denne metoden var radikalt annleis enn hans arbeidsmåte. Han var ikkje i stand til å vurdera kjeldene utelukkande på grunnlag av dokument og arkivalia; hans primære rettesnor var sansen for kva som var rett og rimeleg. Det er eit paradoks at nettopp Holberg, som med sitt utvida historiebegrep representerte noko nytt i historiografien, likevel ikkje kunne kjenna seg heime i det nye historiefaget. Og det har truleg berre vore til stor lette for han å bli fritatt for det faglege arbeidet då han vart kvestor.

Historieskriving skulle endå lenge oppta Holberg. Danmarkshistoria vart følgd opp 1738 av eit nytt ruvande verk, Kirke-Historie, som dekte tidsrommet fram til reformasjonen. Også her kombinerte Holberg ein ledig stil med ein stram komposisjon. Framstillinga er anekdotisk – her er det mang ei god historie – men samstundes bunden saman dels ved oppsummering etter kvart kapittel, og ikkje minst ved eit heilskapleg perspektiv på stoffet. Holberg fortel ei forfallshistorie, der han gjer greie for korleis den katolske kyrkja og paveveldet korrumperer kristen moral og undergrev statsmakta. Men historia endar lukkeleg med reformasjonen, som for Holberg er ei både religiøs og politisk frigjering. Han set særleg pris på at den protestantiske kyrkja gir rom for ei sterkare statsmakt. I sine refleksjonar om historieskriving kan nok Holberg påkalla eit ideal om nøytralitet, men som historieskrivar tar han ikkje desto mindre stilling til det han gjer greie for. I enkelte spørsmål er han urokkeleg: Han er kongetru og for ei sterk statsmakt, og han er protestant.

Året før kyrkjehistoria gav Holberg ut Bergens Beskrivelse, som i det alt vesentlege er ei bearbeiding og forkorting av eit manuskript som tidlegare viserektor ved latinskulen i Bergen, Edvard Edvardsen, hadde etterlate seg. For eiga rekning føydde Holberg til tre kapittel med ein litt personleg farge; her minnest den 54 år gamle forfattaren sin barndoms by.

Dei øvrige historieverka er orienterte mot det eksotiske, og mot refleksjon. Jødiske Historie (1742) freistar å samla framstillinga rundt eit tankekors: At jødane, som har vore utsette for så mye elendighet, ennå er eit folk og har klart å ta vare på sitt språk, sine lovar og tradisjonar, dét er eit paradoks som ikkje kan begripast. I forordet til omsettinga av Herodiani Historie (1746) reflekterer Holberg over eit yndlingsemne for 1700-talets resonnerande historieskrivarar, “Om Aarsagen til Roms umaadelige Tilvæxt”. Og til slutt får historieskrivinga ei klar dreiing mot moralfilosofi og essayistikk. Sammenlignende Helte-Historier (1739) inneheld ei rekkje biografiar ordna i par. Modellen hentar Holberg hos Plutark, som skreiv ei mengd tekstar av dette slaget, men til skilnad frå sitt antikke førebilete har Holberg framfor kvart biografert par ei innleiing som i generelle vendingar drøftar eit spørsmål som vedkjem dei omtalte personane. I oppfølgjingsverket Sammenlignende Heltinde-Historier (1745) er innleiingane temmeleg lausrivne frå det historiske stoffet og får karakter av frie essay.

Det meste Holberg skreiv var på dansk. Men innimellom forsøkte han å nå eit anna og større publikum, og brukte då det gamle europeiske fellesspråket, latin. Første levnetsbrev, frå 1728, er i det ytre ein sjølvbiografi, men i den grad boka handlar om Holberg, er det meir om karrieren enn personen. Såleis omtaler han alle sine 15 første komediar, og fyller på med anna stoff som kunne vera av interesse for eit internasjonalt publikum: underhaldande historier og generelle refleksjonar. Eit framhald kom med det andre levnetsbrevet 1737, som i hovudsak handlar om bybrannen i København 1728, og i tredje levnetsbrev 1743, som er meir reflekterande enn biografisk, og som rundar av med eit knippe på seks essay under tittelen Prøve på et moralsk system.

Inspirert av såvel klassiske som nyare førebilete dyrka Holberg i 1730- og 1740-åra det latinske tankediktet, epigrammet, ei formelt sett krevjande form som set viddet og tankepoenget i forgrunnen. Han gav ut éi samling 1737, seinare kom nye og større utgåver; den siste (1749) inneheldt 937 stykke. Dikta er ofte satiriske, og den korte forma gir satiren snert. Holberg delte sjølv sine epigram inn i tre slags: spøkefulle, bitande og filosofiske. Han brukte ein del av dei som utgangspunkt for sine essay i samlinga Moralske Tanker.

Også romanen Niels Klims reise til den underjordiske verden vart opprinneleg skriven på latin (1741), men straks omsett til dansk og fleire andre språk. Boka vart Holbergs internasjonale gjennombrot, og realiserte i det minste eit stykke på veg hans draum om å nå ut til eit stort publikum. Det er ei fantastisk reiseskildring, etter mønster frå Swift, Montesquieu og Defoe. Klim oppdagar ei ukjend verd i jordas indre og får erfaring for at sed og skikk kan vera heilt annleis enn det han er fortruleg med heimefrå. Éin stad er innbyggjarane utruleg treige, ein annan stad utruleg kvikke, osv. Romanen vart ein suksess, men har ikkje desto mindre sine veike sider. Handlinga har ei raskt dalande spenningskurve og rommar klare sjølvmotseiingar. Men ein overtydande illusjon har heller ikkje vore det viktigaste frå forfattarens side. Holberg seier at Niels Klim berre er eit utgangspunkt for moralfilosofisk refleksjon. “Alt hvad der møder vor Klim, som vurderer dyder og lyder ud fra vor alminnelige opfattelse, er tilsyneladende naturstridigt, og hvad han ved første øjekast misbilliger, det beundrer, priser og berømmer han efter alvorlig overvejelse.” Som satire held boka låg profil; latterleggjering av f.eks. motehysteri og prosjektmakeri er ein allmenn kritikk som neppe kan ha provosert enkeltpersonar. Det som står om religion, har derimot meir brodd mot samtida. Her er det kritikk av gudsdyrkinga under pietismen som nok har vore vanskeleg å svelgja for dei geistlege.

Namnet Niels Klim hadde Holberg lånt frå ein danskfødd klokkar i Bergen, og reisa til den underjordiske verda tek til i Mareminehollet, ein fjellsprekk i Rotthaugen i Bergen.

Frå omkring 1740 las Holberg Montaigne, som ved sidan av klassikarar som Seneca d.y., Plinius d.y. og Cicero skulle bli ein viktig inspirasjonskjelde for hans reflekterande prosa. Men essayet hans er også grundig førebudd i hans eigen forfattarskap; eit reflekterande element blir meir og meir framtredande i såvel historieverka som latindiktinga hans, og det er såleis eit resultat av lang utvikling når han med Moralske Tanker (1744) står fram som fullbefaren essayist. Denne usedvanleg gjennomkomponerte boka inneheld 63 stykke som drøftar tradisjonelle moralfilosofiske tema. Kvart av stykka er ei utlegging av ein sentens, henta frå forfattarens eigne latinske epigram, og det enkelte essay er oftast forma som dissertasjon, i nokre få tilfelle som brev. Framstillinga er polert og kontrollert, og forfattaren flettar saman eit stort tilfang av ulike kjelder i ein tett vev. Framfor alt er samlinga gjennomsyra av vidd, den spissar sine påstandar i paradokse formuleringar og fører (den fornuftige) argumentasjonen så langt det lar seg gjera, ofte over i det komiske.

Holberg heldt fram med essay-sjangeren i Epistler, som kom i fem band i tidsrommet 1748–54 (siste band utgitt posthumt). I alt dreier det seg om ca. 540 stykke. Epistler representerer ei enklare tekstform enn Moralske Tanker; alle stykka er komponerte over same leist – fingert brev til ein venn – og mange av dei er ikkje stort meir enn notat frå lesinga til forfattaren. Forma er mindre utprega enn i Moralske Tanker, prosaen ikkje så polert og poengtert, bruken av kjelder ikkje så samansett og mangfaldig.

Blant dei mange spørsmål Holberg tar opp til drøfting i sine essay, er teodicé-problemet, korleis ein kan forklara at verda med all sin vondskap er styrt av eit godt og allmektig forsyn. Særleg første og andre band av Epistler (frå 1748) vitnar om at forfattaren er fascinert av den kritikken av dogmene som kjem til uttrykk hos den franske “fritenkaren” Pierre Bayle og hos dei engelske deistane, ein kritikk som avviser dogmene, eller som aksepterer dei berre i den utstrekning dei er i samsvar med fornufta. Holberg tar først avstand frå deistane, og han møter dei med deira eigne våpen når han forsøker å grunngi sin ståstad rasjonelt. Men i epistlane frå 1750 kan ein sjå at han har gitt opp denne posisjonen; nå avviser han fornufta som grunnlag for religiøse spørsmål og gir seg heilt over til openberringa (Revelationen).

Åra under den pietistiske kong Christian 6 (1730–46) var ei teaterlaus tid, men restriksjonar og forbod vart oppheva ved tronskiftet 1746, og på kort tid hadde byen ikkje berre eit dansk teater, men også ein tysk og ein fransk scene, i tillegg til italiensk opera. Den danske truppen heldt til i Læderstræde det første året, og leiaren Carl August Thielo trekte Holberg inn i arbeidet, ikkje i den daglege leiinga, men i ei slags fri konsulentrolle. Første halvår (våren 1747) var det utelukkande holbergkomediar på plakaten, bl.a. uroppføringar av tre stykke som var skrivne i 1720-åra: Erasmus Montanus (som tidlegare var framført berre i Tyskland), De u-synlige og Den honnette Ambition. Holberg kjøpte byggetomt til nytt teaterhus i Nørregade, som han ville gi skodespelarane mot at dei skaffa pengar til bygg, men desse planane vart det ikkje noko av. I staden fekk teateret ny fast lokalitet på Kongens Nytorv, der Det Kongelige Teater no ligg. Holbergs rolle var framleis å “stå i kulissane”; han hadde ikkje direkte ansvar for drift eller instruksjon, men var med på å bestemma speleplan, vurdera skodespelarar osv. Så seint som 1752 vikarierte han nokre veker som leiar for teateret.

Etter gjenopninga kom det til ein del strid om repertoaret. Thielo ville opna for ei lettare komedieform, for hyrdespel med innlagde songparti, men kom i krangel med truppen og vart fort utmanøvrert av skodespelarane. Holberg – som i yngre år gjerne stilte seg på side med dei moderne – var avvisande til alle nye tendensar i komedien, til hyrdespel, galanteri, rokokko og følsomhet. Denne haldninga pregar også hans alderdomskomediar, som han skreiv så seint som 1751 og som vart publiserte som 6. og 7. bok av hans komediar 1753–54 (Plutus, Abracadabra, Den Forvandlede Brudgom, Don Ranudo, Philosophus udi egen Indbildning, Republiquen, Sganarels Reyse og Artaxerxes).

Plutus fekk god mottaking då det vart sett opp første gong, dei andre stykka har ikkje gjort det stort på scenen og manglar det liv og den breie appell som dei tidlegare komediane hadde. Likevel er her element som inneber noko nytt hos forfattaren, bl.a. trekk frå gammal gresk – aristofanisk – komedie, med opptrinn og songar, og med ein lausare intrige der den erotiske konflikten får mindre vekt. Tekstane er for ein del allegoriske og har også eit klart filosofisk preg.

Ei filosofisk orientering er også tydelig i eit anna alderdomsverk, Moralske Fabler (1751). Holberg må reknast som ein original dyrkar av fabelsjangeren, og samlinga inneheld mange gode historier. Dei fleste er korte, og her kan ein sjå at Holberg drar nytte av sine erfaringar frå epigrammet, særleg når han gir replikkane satirisk snert. I innleiinga hevdar han også – i opposisjon til La Fontaine og Chr. Gellert – at fabelen skal og må vera kort, men denne programerklæringa går ikkje heilt ihop med hans eigen praksis. Mange av stykka er lange, f.eks. den 81. fabel, av mange rekna som hans beste: “Midernes Art og Egenskab”. Bruken av dyr er litt problematisk hos Holberg. Det vanlege for sjangeren er at dyra tener til å reindyrka eigenskapar hos aktørane, men Holberg vel dyr ofte heilt vilkårleg.

Ludvig Holberg levde enkelt og sparsommeleg, fekk god avkastning av sitt lønngods og tok for ein del sjølv hand om sal og distribusjon av bøkene sine. Han skaffa seg kommisjonærar, og korrespondansen med ein av desse viser at Holberg kunne vera pågåande inntil det ubehagelege. Frå omkring 1730 tok formua til å veksa for alvor. Han hadde investert i københavnske eigedommar etter bybrannen 1728. Då utbyttet begynte å avta, plasserte han sine store fortenester i jordegods, som på den tida gav god avkasting. Han kjøpte bl.a. to større gardar på Midt-Sjælland, Brorup ved Slagelse 1740 og Tersløse ved Sorø 1745.

Som godseigar var Holberg ikkje av det slaget som berre innkasserer pengar og lar forpaktarane ordna med resten. Han tok sjølv hand om drifta og instruerte sine forvaltarar i detalj om kva som skulle gjerast, kva pris kornet skulle seljast for, kva tiltak som var nødvendige mot kvegsjuka, eit spørsmål Holberg også drøftar i eit føredrag, korleis ein skulle inndriva landgilde (dvs. leige) frå dei fattigaste bøndene osv. Godsforvaltinga førte også med seg ubehagelege episodar. Då han overtok Brorup, vart det usemje om kontrakten mellom Holberg og seljaren. Den lokale presten kom Holberg svært dårleg ut med, og forpaktaren på Brorup tok seg til rette i ein slik grad at Holberg sette han på porten, noko som førte til rettssak, som Holberg tapte.

1748 vart Holberg universitetets senior og hadde dermed rett til å trekka seg tilbake frå alle verv. Då hadde han vore kvestor i 11 år, men vart likevel beden om å halda fram. Dette vitnar om at universitetet i Holberg hadde funne ein god og kyndig forretningsførar. Men heller ikkje dette arbeidet gjekk konfliktfritt. Ved fleire høve fekk han kritikk – 1743 frå Chr. Testrup, som vegra seg for å underskriva rekneskapen, 1746 frå Peder Horrebow, som var efor (tilsynsmann) for Walkendorfs Kollegium og som hevda at Holberg heldt tilbake pengar som høyrde kollegiet til. Dette førte til varig fiendskap mellom dei to. Og då rektor Peder Holm 1751 påpeikte at Holberg ikkje var særleg punktleg i rekneskapsføringa, vart Holberg rasande og skreiv eit harmdirrande brev til Konsistorium, der han bad seg fri for embetet og syrleg gjorde framlegg om at Holm sjølv kunne overta som kvestor. Denne reaksjonen var urimeleg, noko Holberg sjølv hadde skjønt. Gemytta roa seg, og då Holberg slutta i stillinga, kunne det skje på meir temperert vis; han fekk lovord og takk for sin innsats gjennom mange år.

Christian 4 hadde i si tid oppretta eit akademi i Sorø for å få til ei moderne og tidsmessig utdanning som kunne møta dei krav som den nye statsadministrasjonen stilte. Akademiet hadde vore stengt ei tid, men i 1740-åra kom det på tale å opna det igjen. Holberg vart trekt inn i planlegginga, og han skisserte bl.a. ein modell for organiseringa av studiet. Det viste seg å bli vanskeleg å finna driftsmidlar til det nye akademiet, og dette gav han høve til å løysa eit problem som vart stadig meir presserande for han: Han hadde formue, men ingen livsarvingar, og han begynte å bli gammal. Etter forhandlingar med amtmannen i Sorø, Heinrich VI, greve av Reuss, og statsminister Holstein gjekk han inn for at gardane Brorup og Tersløse skulle omgjerast til baroni – baroniet Holberg – som etter hans død skulle tilfalla Sorø Akademi. Det viste seg snart å vera knapt om driftsmidlar også på kortare sikt, derfor lot den nyklekte baron Holberg akademiet få rentene av godset allereie frå mai 1751.

Dei siste somrane av sitt liv var Holberg på Tersløse. Sommaren 1753 vart han sjuk og sengeliggande. Han døydde natt til 28. januar 1754 og vart bisett i Vor Frue Kirke i København 5. februar. Ved juletider same år vart liket flytta til Sorø, der det var gjort i stand gravplass inne i klosterkyrkja, og 28. desember var det sørgjehøgtid på akademiet i Sorø.

Holbergs komediar har blitt kalla for “et Speil, hvori Lyders Hæslighed og Dyders Deilighed ses, og Folk instrueres ridendo [ved latter]”. Her er ei diktarrolle som er karakteristisk ikkje berre for komedien, men for langt meir av det denne forfattaren skreiv. Holberg taler gjerne om diktaren som satirikar – og talar då om satire i svært vid tyding, omfattande langt meir enn den klassiske verssatiren. Motsetninga til si eiga dikting finn Holberg i leilighetsdiktet og lovtalen, dvs. tekstar som gir folk det folk vil ha, som seier det dei liker å høyra. Slikt kunne Holberg ikkje med; då han som ung professor skulle skriva universitetsprogram i den store stil, hadde han komme heilt ut av det og endte opp med ein satire over universitetet, som måtte refuserast.

Eit anna gjennomgåande trekk er moralisering. Moralisering er ikkje formaning, men undersøking av sed og skikk (lat. mores) for å finna ut om folks vanlege oppfatningar er baserte på fornuft eller berre er sløv vane og gammal slendrian. Sine ulike teksttypar omtaler Holberg som ulike måtar å moralisera på. Mønster og førebilete var frå “sør”, frå den europeiske arven; han innførte ei rekkje former som den gong ikkje fanst i dansk litteratur eller som berre gjorde seg sporadisk gjeldande, det var utelukkande klassiske sjangrar, og i ekte humanistisk ånd brukte han både gamle og nye forfattarar som førebilete. Tekstane hans er fulle av lån, noko som ikkje vart rekna som plagiat, det var måten ein forfattar arbeidde på. Originalitet var ikkje eit spørsmål om diktaren fann på alt sjølv, men om han kunne bruka det han kom over hos andre på sjølvstendig vis. Holbergs originalitet stråler best, har det blitt sagt, når han låner av andre.

I sitt første levnetsbrev fortel han om då onkelen Peder Lem skulle refsa han etter at han hadde fornærma nokon med eit satirisk vers. Onkelen blåste seg veldig opp, men det som kom ut av irettesettinga, var når alt kom til alt berre at Holberg hadde tatt for lett på versa og burde gjera seg meir flid med å polera språket. Holberg brukar historia som illustrasjon på onkelens gode sinnelag, men den er også eksemplarisk for Holbergs omgang med språket. Det han skreiv, var ikkje alltid like godt. Han arbeidde fort, var utålmodig etter å komma vidare og kunne vera unøyaktig og slurvete med detaljar.

At arbeidet med komediane gjekk i høgt tempo, er det ingen tvil om, og i nokre tilfelle har dette gitt dårleg resultat. Gert Westphaler var ein katastrofe, og måtte skrivast ned frå fem aktar til ein akt for å kunna brukast på scenen. Noko tilsvarande gjeld for Den Vægelsindede. Ein god versmakar vart Holberg aldri. Ei jamføring med forgjengarane Bording og Kingo, eller med dei samtidige Brorson og Stub, viser at han ikkje heldt tritt med utviklinga i dansk kunstpoesi. Aleksandrinarversa i Peder Paars er så lite smidige at folk har spurt seg om dei er tilgjort skjødeslause, altså ikkje vers, men parodi på vers. Holberg brukar fleire stader sine kjelder på parodierande vis. Dette grepet fungerer ikkje alltid like godt. Metamorphosis (1726) kan såleis lesast ikkje berre som parodi på forvandlingshistoriene til Ovid, men også som parodi på ein slik parodi.

Sine historiske og moralfilosofiske verk gav Holberg ut under eige namn, komediar og satirar under pseudonymet Hans Michelsen, ølbryggjar og poet i Kalundborg. Ettersom komedie og komdiespel blant ein del lærde og geistlege vart rekna som usømeleg, fann Holberg det truleg best å ikkje stå fram med ope namn som komedieforfattar. Alle og einkvar visste likevel kven som skjulte seg bak denne ølbryggjaren. Pseudonymet inneber hos Holberg ei iscenesetting av forfattaren som gjer teksten underfundig, drilsk og tvetydig, noko som står godt til Holbergs gemytt.

Det er mange spor av samanstøytar og kontroversar i Holbergs liv. Det er ingen spor av vennskap. I levnetsbreva taler han fleire stader om sine venner som støtt er ved hans side og kan gi råd, som oppmuntrar han til å gi ut ei bok han har gjort klar, som rår han til å anlegga sak mot ein som har fornærma han, som seier han bør gifta seg, bør endra levemåte, osv. Men kven desse vennene er, får lesaren aldri vita. Dei er berre eit litterært grep. Ein gong skal han ha sagt at Hans Gram var den blant universitetskollegene som hadde størst plass i hans hjarte. Då Gram fekk høyra dette, turde han ikkje seia imot, men rista på hovudet og sa lågt: Det må vera ein ganske liten plass!

Ludvig Holberg levde ikkje isolert, han hadde ein god del samkvem med folk i sin daglege dont, men det har for det meste vore av “forretningsmessig” slag. Det er ikkje enkelt å forklara kvifor han ikkje knytte sterkare band til andre menneske. Det har vel hatt sitt å seia at familien så tidleg gjekk i oppløysing, at han tidleg måtte læra å stå på eigne bein? Kanskje har han vore vanskeleg å komma nær pga. sitt temperament og sin pirrelege natur? Det som det ikkje kan vera tvil om, er at han var gjerrig på tid, unngjekk alle “umagtpaaliggende Ting” av omsyn til det som var det viktigaste for han og som alltid kom i første rekkje: hans litterære prosjekt. Bøkene var hans livs verk. “Jeg efterlader mig […] Bøger, efterdi jeg ikke kand have den Lykke at efterlade mig Børn,” seier han ein stad (Moralske Tanker 1.171). Og bøkene viste han omsut, nett som dei skulle ha vore hans barn; han taler om dei så sant det byr seg eit høve og freistar konsekvent å stilla dei i eit mest mogleg positivt lys.

Holberg var godt representert på teaterrepertoaret ved sin død. Men teateret var i krise, og noko av problemet var at repertoaret var gammaldags. Det vart såleis meir stille omkring han i åra som følgde. Allereie 1759 peikte Jens Sneedorff på ei smaksendring som mogleg forklaring på tilbakegangen: Folk kravde edlare personar og finare språk enn det Holberg kunne gi. Hans folkelege komedie var framleis på plakaten, men kom noko i bakgrunnen i forhold til den nye stil (Destouches, Marivaux, La Chaussée, Gellert). At han vart oppfatta som vel folkeleg og stilt i andre rekkje, var det i og for seg ikkje noko nytt ved; på Grønnegade-scenen hadde han alltid vore nummer to, etter Molière, og då truppen skulle gi førestilling på slottet i januar 1723, var det ikkje snakk om å bruka Holberg, berre Molière. I teateret er det vel denne posisjonen Holberg alltid har stått i. Han var aldri siste skrik, men alltid god å ha.

Tidleg på 1800-talet kallar Knud Lyhne Rahbek Holberg for Danmarks “første Nationalskribent”. Det som kan rettferdiggjera ein slik karakteristikk, er at Holberg gir levande bilete av Danmark, at han gir viktige bidrag til ein dansk litteratur, og ikkje minst – som Peter Skautrup har peikt på – hans språkhistoriske betydning. Det danske språket stod lågt på Holbergs tid. Hoffet talte tysk, fransk var motespråk, det var slett ikkje sjølvsagt å bruka dansk i einkvar samanheng. Når dette biletet endra seg utover 1700-talet, er det rimeleg også å sjå Holbergs litterære produksjon som ein betydeleg faktor, særleg fordi tekstane hans fekk slik ei stor utbreiing.

“Holberg flyver blandt de levende fra mund til mund (Volitat per ora hominum Holbergius),” står det i Anchersens minnedikt på sarkofagen. Holberg flyg også i Noreg. Men det tok tid før han kom. Først gjekk det over hundre år før landet hadde ein scene som kunne spela komediane hans. Og då så omsider skjedde, var nordmennene i ferd med å skapa ein nasjonal identitet som – med 1814 som utgangspunkt – for ein stor del gjekk ut på lausriving frå språkleg og kulturelt hopehav med Danmark, dvs. lausriving frå ein kultur der Holberg er ein av dei mest sentrale enkeltpersonar. Derfor har han hos oss vore ein meir utydeleg figur. Men allereie i 1860-åra fekk han ei gate og ein plass i Christiania oppkalla etter seg, ei statue av han vart reist på Vågsallmenning i Bergen ved 200-årsjubileet for hans fødsel 1884, og namnet hans står saman med Ibsens og Bjørnsons over hovudinngangen til Nationaltheatret i Oslo.

Verker

  • Omfattande bibliografi i Ehrencron-Müller, bd. 10–12, København 1933–35

Verk (kronologisk)

  • Introduction til de fornemste europæiske Rigers Historie, 1711
  • Anhang til den historiske Introduction, 1713
  • Introduction til Naturens og Folke-rettens Kundskab, 1716
  • Danske historikere, lat. orig. (De historicis Danicis), 1719
  • Nærbeslektede ekteskap, lat. orig. (De Nuptiis Propinqvorum), 1719
  • Peder Paars, 1719–20
  • Skiemte-Digte, 1721–22
  • Comoedier/Den Danske Skue-Plads bd. 1–7, 1723–54 (Band 1, 1723: Just Justesens Betenkning over Comoedier, Den Politiske Kandstøber, Den Vægelsindede, Jean de France, Jeppe paa Bierget, Mester Gert Westphaler, band 2, 1724: Den 11. Junii, Barselstuen, Det Arabiske Pulver, Juele-Stue, Mascarade, bind 3, 1725: Jacob von Tyboe, Ulysses von Ithacia, Kilde-Reysen, Melampe, Uden Hoved og Hale, band 4, 1731: Henrick og Pernille, Diderich Menschen-Skræk, Hexerie eller Blind Allarm, Dend Pandtsatte Bonde-Dreng, Det Lykkelige Skibbrud, band 5, 1731: Erasmus Montanus, Pernilles Korte Frøiken-Stand, De u-synlige, Den Stundesløse, Den honette Ambition, band 6, 1753: Plutus, Abracadabra, Den Forvandlede Brudgom, Don Ranudo, band 7, 1754: Philosophus udi Egen Indbildning, Republiqven, Sganarels Reyse, Artaxerxes)
  • Nye-Aars Prologus, 1723
  • Metamorphosis, 1726
  • Den danske Comœdies Liigbegiængelse, 1727
  • Holger Danskes Brev til Burman, lat. orig. (Holgeri Dani ad Burmannum Epistola), 1727
  • Tre latinske levnetsbrev, (Epistola prima…, Epistola secunda…, Epistola tertia…) København (1. brev) og muligens Leipzig, 1728–43
  • Hefter indeholdende Nye Samtaler, lat. orig. (Fasciculus novorum dialogorum), 1728
  • Den Jydske Feide, 1727
  • Dannemarks og Norges Beskrivelse, 1729
  • Mindetale over Frederik IV, lat. orig. (Oratio in Obitum Friderici Qvarti), 1730
  • Dannemarks Riges Historie, 3 bd., 1732–35
  • Geografi, lat. orig. (Compendium geographicum), 1733
  • Universalhistorie, lat. orig. (Synopsis historiæ universalis), 1733
  • Rektortale, lat. orig. (Oratorio Valedictoria), 1736
  • Bergens Beskrivelse, 1737
  • Latinske epigramm, 7 bd., 1737–49
  • Almindelig Kirke-Historie, 1738
  • Sammenlignende Helte-Historier, 1739
  • Niels Klims underjordiske rejse, lat. orig. (Nicolai Klimii iter svbterranevm), Leipzig 1741
  • Jødiske Historie, 1742
  • Fortale til Peder von Havens Reise udi Rusland, 1743
  • Moralske Tanker, 1744
  • Sammenlignende Heltinde-Historier, 1745
  • Om Aarsagen til Roms umaadelige Tilvæxt (Innleiing til oms. av Herodiani Historie), 1746
  • Betænkning over den nu regierende Qvæg-Syge”, i Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskabs Skrifter, 1746
  • Danmarks og Norges Søe-Historie, i Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskabs Skrifter, 1747
  • Laniena Daphnica eller Det Dapniske Blodbad, 1746
  • Epistler, 5 bd., 1748–54
  • Moralske Fabler, 1751
  • Lettre sur les Memoires Concernant La reine Christine, 1752
  • Remarques sur L'esprit des Loix, 1753

Samleutgåver (eit utval)

  • Komedier, 13 bd. (utg. ved J. Martensen), København 1897–1909
  • Samlede Skrifter, 18 bd. (utg. ved C. S. Petersen), København 1913—63
  • Holbergs Breve, 2 bd. (utg. ved V. Dahlerup), København 1926
  • Værker i tolv bind (utg. ved F. J. Billeskov Jansen), 1969–71
  • Utrykte Holbergiana i Universitetsarkivet (utg. ved S. Eegholm-Pedersen), København 1979

Kilder og litteratur

  • Norsk biografisk leksikon: Ludvig Holberg
  • English wikipedia: Ludvig Holberg
  • Dansk Wikipedia: Ludvig Holberg
  • finnholbek.dk: Ludvig friherre Holberg
  • uib.no: Ludvig Holberg
  • runeberg.org: Nordic Authors - Ludvig Holberg
  • Norsk Wikipedia: Sorø Akademi
  • Den Store Danske: Ludvig Holberg
  • O. Skavlan: Holberg som komedieforfatter, 1872
  • G. Brandes: Ludvig Holberg, København 1884
  • C. Bruun: Om Ludvig Holbergs trende Epistler til en højfornem Herre,København 1895
  • F. Bull: Fra Holberg til Nordal Brun,1916
  • E. Nystrøm: Den danske komedies oprindelse,København 1918
  • Holberg Aarbog (red.: F. Bull og C. S. Petersen), København/Kristiania 1920–25
  • E. Jørgensen: Historieforskning og Historieskrivning i Danmark indtil Aar 1800,København 1931
  • Ehrencron-Müller, bd. 10–12, København 1933–35
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • K. Foss: Ludvig Holbergs naturrett, 1934
  • F. J. Billeskov Jansen: Holberg som Epigrammatiker og Essayist, 2 bd., København 1938–39
  • Th. A. Müller: Den unge Ludvig Holberg 1684–1722, København 1943
  • K. Foss: Konge for en dag,1946
  • E. Thomsen: Sfinxen,København 1954
  • L. Hulthén: Collectio Holbergiana, Göteborg 1959
  • J. Kruuse: Holbergs maske, København 1964
  • R. Myhre: Holbergs pedagogiske ideer, 1969
  • J. Stender Clausen: Holberg og Le Nouveau Théâtre Italien, København 1970
  • A. E. Jensen: Teateret i Lille Grønnegade,København 1972
  • J. Stegelmann: Hvem er hvem hos Holberg,København 1974
  • G. Johannesen: "Holberg og essayet", [L. Holberg:] Essays,i utv. ved K. Heggelund, 1977, 111–136
  • A. Albjerg: Ludvig Holbergs poetiske maskerade,København 1978
  • J. Kruuse: En poetisk kriger,København 1978
  • F. J. Billeskov Jansen: biografi i DBL3, København 1980
  • M. Grandjean: Ludvig Holbergs kunstsyn og dramaturgi, København 1980
  • H. H. Thomsen: Omkring Erasmus Montanus,København 1980
  • Holberg-ordbog (red. Aa. Hansen og S. Eegholm-Pedersen), København/Oslo 1981–88
  • H. H. Thomsen: Sprogets fornuft,København 1984
  • A. E. Jensen: Helte og antihelte,København 1984
  • d.s.: Holberg og kvinderne,København 1984
  • E. A. Nielsen: Holbergs komik, København 1984
  • Edda 87, 1987 (særnummer om Holberg)
  • J. K. Andersen: Handling og moral,København 1992
  • d.s.: Holbergs kilder?,København 1993
  • d.s.: Professor Holbergs komedier, København 1993
  • O. I. Langholm: “Holberg i en antikk komedietradisjon – Jeppe paa Bierget”, i Ø. Andersen og A. Aarseth (red.): Antikken i norsk litteratur,Bergen 1993, 63–73
  • P. Christensen: Lys og mørke,Aarhus 1995
  • F. H. Mortensen: “Bestandighedens jubilæum”, i T. Bredsdorff og F. H. Mortensen (red.): Hindsgavl Rapport. Litteraturteori i praksis,Odense 1995, 257–95, 349–55
  • M. Leisner-Jensen: Scena er på theatro,Odense 1999
  • E. Vinje: Eit språk som ikkje passar. Epideiktiske element i Holbergs reflekterande prosa (dr.avh.), Bergen 2000

Portretter m.m.

Kunstnarlege portrett

  • Om Holberg-portrett, sjå særleg P. B. C. Westergaard: Holberg-Portræter, særtrykk av Danske Portræter, 1930–33, og oversikt i DBL3, bd. 6, 1980, s. 430–431
  • Koparstikk (brystbilete) av C. Fritzsch, 1731, på grunnlag av teikning eller måleri nå tapt
  • Måleri (brystbilete) av Johan Roselius, ca. 1747–49; Sorø Akademi, tapt i brann 1813, kopi sst., 1818
  • Måleri av Jørgen Roed, 1848; NG
  • Relieff (brystbilete) av ukjend kunstnar, u.å.; pasta i Bergens Museum (etter tradisjonen ei gåve frå Holberg til historikaren P. F. Suhm)
  • Dødsmaske av C. P. Rothe, 1754, tapt
  • Måleri (brystbilete) av Christian August Lorentzen, u.å.; Statens Museum for Kunst, København
  • Byste av Bertel Thorvaldsen, 1839; Thorvaldsens Museum, København
  • Byste av Hans Michelsen, 1846; UiO
  • Statue av T. Stein, 1875; utanfor Det kgl. Teater, København
  • Statue av Johan Børjesson, 1884; Vågsallmenning, Bergen
  • Statue av Vilhelm Bissen, 1898; Sorø Akademihave, Danmark
  • Monument i bronse av Dyre Vaa, 1939; Studenterlunden, Oslo
  • Bronsestatue (på grunnlag av gipsmodell av Mathias Skeibrok 1880), 1987; Den Nationale Scene, Bergen
  • Minnestøtte av Johannes Wiedewelt, 1782; Jægerspris park, Sjælland
  • Minneplate; ved latinskulen i Lille Øvregate, Bergen, 1922
  • Minnetavle; Fiolstræde 8, København
view all

Ludvig Holberg, Baron, til Tersløsegaard og Borupgaard's Timeline

1684
December 3, 1684
Bergen, Hordaland, Norge
1754
January 28, 1754
Age 69
Sorø, Danmark
1754
Age 69
Sorø, Danmark